Opplæring, barn og unge Høgre vil sikre ein skule som er tufta på lærelyst, læringsutbytte og kompetanse. Austevollsskulen skal vere ein god plass å lære, å vere og å jobbe i.
Helse og omsorg Alle austevollingar som blir ramma av sjukdom skal vere trygge på at dei får den helsehjelpa dei treng. Høgre skal sikre ein helsesektor som yt gode tenester i dag, og som er i stand til å hjelpe endå fleire austevollingar i framtida.
Vekst og verdiskaping Høgre skal sikre at kommunen behandlar plan- og byggesaker kjapt og rettferdig. Planverket skal balansere behovet for nye bustader og ny næringsaktivitet i heile kommunen og god forvalting av naturen og friluftsområda.
Samfunn og frivilligheit Austevoll Høgre skal medverke til ein politisk uavhengig og sterk frivillig sektor. Kommunen skal legge til rette for eit konstruktivt samarbeid mellom den frivillige sektor, privat næringsliv og kommunen.