Austevoll i storhendingas sentrum

Austevoll var midt i storhendingas sentrum då dei fem nordiske 
statsministrane lanserte «Nordiske løysingar på globale utfordringar» på havbruksstasjonen på Sauganeset.
— Ingen plass er vel meir naturleg å besøke enn Austevoll når temaet er berekraftig matproduksjon og hausting av havet, seier statsminister Erna Solberg.
I 2017 tok Erna Solberg med seg sine fire nordiske statsministerkollegaer til Austevoll. På havbruksstasjonen presenterte statsministrane sitt fellesnordiske initiativ for å nå berekraftsmåla til FN. I Løo i Bekkjarvik seinare på dagen haldt dei nordiske statsleiarane møte i Nordisk råd.
 — Det er alltid hyggeleg å sjå meir av Noreg enn innsida av eit møterom i Oslo når mine fire statsministerkollegaer og eg samlast. Dessutan har Austevoll veldig mykje spennande å vise til: Både innanfor framifrå forsking, eineståande fiskerikompetanse, og eit fantastisk sluttprodukt, nemleg maten på Bekkjarvik gjestgiveri, seier Erna Solberg.

Nordens hovudstad

— Eg har spøkt med at Austevoll den 30. mai 2017 var Nordens faktiske hovudstad, seier ordførar Morten Storebø.
 — Det var kanskje å ta litt hardt i, men eg trur ikkje vi skal kimsa av kor stort det at alle dei fem nordiske statsministrane kjem på besøk og legg fram sitt svar på dei globale klimautfordringane her i Austevoll, seier Morten Storebø.
Sjølv om det var eit tettpakka program på statsministranes besøk i Austevoll, så vart det likevel tid til ein prat mellom statsministaren og ordførar på båtturen frå Sauganeset til Bekkjarvik.
— Sidan me hadde Huftarøy på eine sida og Reksteren på hi så gjorde temaet seg sjølv. Då måtte det handle om ferjefri E39. Det er eit enormt viktig prosjekt for regionen vår og for heile landet. Og det er einaste farbare veg for påkopling til Austevoll, seier Morten Storebø.

Kjenner Austevoll

Ved starten av turen frå forskingsstasjonen på Sauganeset mimra statsministeren om sine første besøk til Austevoll kommune.
— Då eg studerte hadde studentparlamentet årlege seminar for alle med tillitsverv på Bekkjarvik Gjestegiveri, så eg var der tre-fire ganger. Det var mine første møte med Austevoll. Seinare, som stortingsrepresentant, har eg vore i Austevoll fleire gonger, eg møter austevollingar i titt og ofte, og eg har jo også hatt eit par austevollingar tilsett i regjeringsapparatet. Eg vil derfor meine at eg har god peiling på kva som rører seg i kommunen, kva styrkar Austevoll har og kva utfordringar ein står overfor, seier statsminister Erna Solberg.