Høgre vil bygge veg utan bompengar

Austevoll Høgre vil utbetre vegar i Austevoll utan bompengar. I staden vil partiet bruke havbruksfondet som medfinansiering av Austevollpakken.

Vegnettet i Austevoll er i svært dårleg stand. Det er stort behov for utbetring av ei lang rekke vegstrekningar, flaskehalsar og trafikkområde. 
Høgre meiner det ikkje skal innførast nye bompengar i Austevoll. I staden vil partiet bruke inntektene kommunen har fått frå havbruksfondet som lokal medfinansiering i Austevollpakken. Kommunen har mottatt om lag 39 millionar kroner så langt frå fondet. Til neste år er det venta tilskot i storleiksklassen 5-7 millionar kroner, mens utbetalinga i 2021 truleg vil vere nokre titals millionar kroner.
Høgre meiner at inntektene frå havbruksfondet må brukast på store samfunnsmessige investeringar og å styrke kommunens disposisjonsfond (driftsbuffer). Det viktigaste bruken vil vere å bidra til å utbetre vegnettet, bygge fleire gang- og sykkelvegar og fortau og gjennomføre trafikksikringstiltak.
I finansieringsopplegget skisserer Høgre lokal medfinansiering på om lag 25 pst. av den samle kostnadsramma på 200 mill. kroner. Fylkeskommunal løyvingar utgjer dei resterande 75 pst. Høgre meiner det er realistisk at fylkeskommunen yt denne løyvinga ved å samle opp framtidige vedlikehaldskostnader og investeringar som uansett skal gjerast i Austevoll, i éingongsløyving, og fordelt på satsingsområde som trafikksikring, trygge skulevegar, hjartesoner, rassikring, i tillegg til reine investeringsmidlar i fylkesvegar.
Høgres forslag inneber at vegtiltak blir kategorisert i fire kategoriar: 
  1. Større, samanhengande vegprosjekt
  2. Omfattande punktutbetring langs vegstrekningar
  3. Punktvise utbetringar
  4. Trafikksikring i hjartesoner (skuleområde)
Høgre ønskjer at innbyggjarane, næringsliv og folkevalde skal ha stor medverknad i avgjerda om kva strekningar som skal prioriterast. Partiet ønskjer samstundes å illustrere omfanget av ein Austevollspakke med å nemne vegprosjekt som det meiner bør inngå i pakken. Desse er:

1. Større samanhengande vegprosjekt

Høgre foreslår å bruke til saman 120 millionar kroner for å utbetre følgjande tre vegstrekningar med tilhøyrande gang- og sykkelveg, utbetring av vegkryss, busshaldeplassar og fotgjengarovergangar, m.m. (høgste trafikkmengde i parentes):
  • Fv 546 Storebøvegen, frå Storebø skule til Austevoll ungdomsskule. (3600 ÅDT.)
  • Fv 546 og 5138 Selbjørn bru til Fagerbakke. (1600 ÅDT)
  • Fv 5142 Tråvikvegen og Taranger inkl. Mjåsund bru, «nyevegen» til Taranger. (1000 ÅDT.)

2. Omfattande punktutbetring

Høgre foreslår å bruke 30 millionar kroner for å gjennomføre omfattande punktutbetring langs tre fylkesvegstrekningar med særleg høg trafikkmengde og tal lange køyretøy og stort utbetringsbehov. Tiltaka som skal gjennomførast er stadvis utviding av vegbreidde, etablering av veg- eller grusskulder, stadvise fortau eller gang- og sykkelveg, utbetring av kryss og etablering av busshaldeplassar:
  • Fv 5144 Gjennom Eido. (1700 ÅDT.)
  • Fv 5138 Longastykkje-Salthella (1000 ÅDT.)
  • Fv 546 Eidsbøen-Sauganeset-Haukanes. (900 ÅDT.)

3. Punktvise utbetringar

Høgre foreslår å bruke 40 millionar kroner fordelt på ti vegstrekningar med punktvise utbetringar for å betre trafikktryggleiken og framkommelegheita, stadvis etablering av gang- og sykkelveg, trygg kryssing for fotgjengarar m.m.:
  • Fv 546 frå brukryss på Storebø til Storebø skule. (3000 ÅDT.)
  • Fv 5144 frå Søreide til Kolbeinsvik-krysset. (1700 ÅDT.)
  • Fv 546 gjennom Bekkjarvik. (1600 ÅDT.)
  • Fv 5146 frå Vassnes til Kolbeinsvik/kryss til Drøno. (950 ÅDT.)
  • Fv 546 Gjennom Vik. (750 ÅDT.)
  • Fv 546 Gjennom Husavik. (600 ÅDT.)
  • Fv 5148 frå Taranger til Økland. (400 ÅDT.)
  • Fv 5148 får Økland til Barmen. (400 ÅDT.)
  • Fv 5148 Frå Kvaløy til Klepsvik. (400 ÅDT.)
  • Fv 5138 trafikksikring på Årland. (300 ÅDT.)

4. Trafikksikring av hjartesoner

Høgre foreslår 10 millionar kroner fordelt på fire område ved og nær skulane i kommunen, med utbetring av vegtilkomst og kryss, busshaldeplassar, oppstillingsplassar for bilar, område for foreldrekøyring, m.v.:
  • Austevoll ungdomsskule
  • Selbjørn skule
  • Storebø skule
  • Kolbeinsvik montessoriskule