Betre rutetilbod til og frå Austevoll

Austevoll Høgre vil fortsatt jobbe for betre ferjetilbod og prioritere utvida opningstid og nattferje.


Austevoll er den største øykommunen i landet som ikkje er landfast med veg. Austevollingar og bedrifter er avhengige av eit godt rutetilbod til og frå kommunen for å kunne vere ein del av eit felles bu- og arbeidsmarknad med nabokommunane.
Austevoll har eit sterkt næringsliv som gjev mange gode arbeidsplassar. Mange av desse arbeidsplassane er kompetansekrevjande, for å få tak i den rette kompetansen må bedriftene også rekruttere frå andre kommunar. Derfor må me vere ein del av bu- og arbeidsmarknaden med Bergen og kommunane rundt oss. Dagleg er det fleire som pendlar inn til kommunen (521 personar) enn som pendlar ut (376), til saman nesten 900 daglege pendlarar til og frå Austevoll. 
Reisevanane til folk flest har òg endra seg kraftig dei siste tiåra. Ein ting er at ein skal til eller frå jobb i nabokommunane, men mange pendlar langt lenger der det er fly som skal nås. Enten det er snakk om reise på jobb eller ferie så er det irriterande når det manglar nokre minutt på å nå siste ferje heim, og  ein må ta inn på hotell når ein kjem attende til Flesland. Avgang og ankomst frå Bergen lufthamn er så nært, men kan likevel vere så fjernt. 
Fleire reiser med ferjene og snøggbåten enn før, men rutetilbodet har stort sett stått stille, og prisane har auka monaleg. Ferjene er ein del av vegen vår, uansett om ein kjem frå Bergen eller Stord så er vegen stengt i mange timar frå kveldstid til neste morgon. 
Urimeleg høge prisar for å reise med ferjene kan gjere det mindre attraktivt å busette seg i Austevoll dersom ein må pendle til jobb. Av same grunn blir det òg mindre attraktivt å pendle til Austevoll, og det gjer høgare transportkostnader for mange verksemder. Alt dette rammar konkurransekrafta til Austevoll-bedrifter.
Høgre meiner dette ikkje er akseptabelt for den vidare utviklinga til Austevoll som ein del av den felles bu- og arbeidsmarknaden i Bergen og Sunnhordland.
Derfor vil Høgre fortsetje å jobbe for:
  • Betre ferjetilbod og prioritere utvida opningstid med nattferje på strekninga Hufthamar -Krokeide og seinare rundtur i Husavik-Sandvikvåg
  • Fortsatt kjempe for at Autopass-systemet ikkje påfører urimelege kostnader for reisande til og frå Austevoll og at mogleg inntektstap for fylkeskommunen ikkje skal ramme ruteproduksjon
  • Halde fram arbeidet med å styrke snøggbåttilbodet, med vekt på nye rundturar mellom Bergen, Flesland og Austevoll, og fleire faste anløp i Bekkjarvik
  • Starte planarbeidet for faktabasert kunnskap om konsept for påkopling mellom Austevoll og ny E39 Hordfast over Reksteren

Austevoll Høgre meiner dette er særs viktige punkt å arbeide med mot stat og fylke, slik at det òg i framtida skal vere godt å bu- og at me har gode arbeidsplassar i Austevoll. Me er òg avhengig av pendling, og må fortsetje å jobbe for at styresmaktene legg til rette for å oppretthalde eit godt bu- og arbeidsmarknad med nabokommunane våre, då spesielt Bergensregionen.

Innlegget stod på trykk i Marsteinen 15. august 2019.