Ein skule for alle

Om ein verkeleg skal få bukt med mobbing så må ein handtere problema med forståing for den kompleksiteten som problemstillinga har. Derfor ønskjer Høgre å etablere eit kommunalt fagteam for mobbesaker.

Utdanning er viktig, og i ei verd der teknologiske framsteg kjem stadig raskare blir denne sanninga fort sjølvforsterkande. Fundamentet blir lagt tidleg, gjerne allereie i barnehagen. Ferdigheiter som borna våre skal bringe med seg inn i vaksen alder blir allereie her meisla ut: Relasjonsbygging og andre grunnleggande eigenskapar som trengst for å manøvrere gjennom livet på ein god og trygg måte. For at eit born skal klare dette, må det ha trygge rammer. Desse rammene er det me som foreldre, lærarar, tillitspersonar og samfunn som må sette og oppretthalde. 
Dessverre ser ein at desse rammene ikkje er på plass, og at kvardagen til fleire av borna våre er ikkje så trygg og god som den skal være. Den ber preg av angst, av å kvi seg, ein klump i magen som aldri går vekk. Kva skal dei andre gjere mot deg i dag? Er dei med i gjengen, eller er ein ikkje god nok? Me snakkar sjølvsagt om mobbing, eit problem som dessverre er for stort, og som ikkje blir tatt tak i på ein god nok måte.
Kvalitetsmeldinga for skulen i Austevoll 2018-2019 viser eit stort sprik i tala som kjem frå elevundersøkinga. Her kan ein lese at éin skule ligg på 0 prosent rapporterte mobbesaker, mens talet er 16 prosent i éin enkelt klasse på ein annan skule. At det er store forskjellar mellom skulane og mellom klassane er ei kjent sak, men når ein oppsummerar det med at «I Elevundersøkinga tyder eit gjennomsnitt (…) at det er lite mobbing på skulen» så meiner me at det ikkje anerkjenn problema. Ein kan ikkje finne ei løysning før ein vedkjenner seg at ein har problem. 
Om me som samfunn berre ser isolert på mobbing i skulen, så ser ein også berre delar av problemet. Mobbing er ikkje ein avskilt eller isolert aktivitet som startar når klokka ringer, og stoppar når skuledagen er over. Det skjer på vegen til og frå, på idrettsbana, fritidsaktivitetar og ikkje minst på sosiale media. Om ein verkeleg skal få bukt med problema, så må ein handtere mobbing med forståing for den kompleksiteten som problemstillinga har. Men dette er inga enkel utfordring. Austevoll Høgre meina at ein skal ha nulltoleranse for mobbing, og for å jobba mot det målet må ein styrka samhandlinga mellom skule, foreldre og idrettslaga.
Å styrka samhandlinga aleine vil i seg sjølv ikkje vera nok, ein må samtidig sørge for at dei rette verktøya er tilgjengeleg når dei trengst. Me meina derfor at eit eiga fagteam må på plass for å kunne gje god støtte og rettleiing der det trengst. Dei etablerte funksjonane PPT, helsestasjon og barnevern vil sjølvsagt fortsetta å spela ei viktig rolla i dette, og det me som politikarar må gjere er å sørge for at dei har dei ressursane dei treng for å oppretthalde eit godt tilbod. 
Det er slik at ikkje alt må skje i etterkant, det finnes også førebyggjande tiltak. Lenge har ungdommen i kommunen ytra ynskje om ein trygg samlingsplass. Austevoll Høgre ynskjer derfor å etablere ein ungdomskafé, som me tenker vil skape ein god sosial arena for dei unge i kommunen. Det skal heller ikkje være slik at borna våre skal føla seg ekskludert frå fritidsaktivitetar, korkje idrett eller kultur. Det å kunne inkluderast i måndagens diskusjon om fotballkampen, eller korleis det gjekk på musikkframsyninga, blir ein stor del av det sosiale på ein skule. Austevoll Høgre meina me kan gjere dette ved å redusera foreldrebetalinga i kulturskulen, spesielt for låginntektshushaldningar. Me ynskjer også å bidra til at ein ikkje betalar dobbelt medlemskontingent ved medlemskap i fleire idrettslag, utan at dette går utover inntektene og økonomien til dei forskjellige idrettslaga. 
Austevoll Høgre meinar at å vekse opp i Austevoll skal vere trygt og godt, ikkje berre for dei fleste, men for alle!
Lesarbrevet stod på trykk i Marsteinen 8. august 2019.