Ein verdig og god alderdom

Det er ei gruppe i samfunnet vårt som me verkeleg skal ta vare på, som har jobba for oss gjennom eit langt liv. Nokre har overskot og ynskjer aktive kvardagar, mens andre treng pleie og omsorg. Sjølv om eldre ofte vert generalisert som éi gruppe, så er det like store individuelle forskjellar her som i yngre delar av befolkninga. Eit moderne pleie- og omsorgstilbod må derfor femna breitt og tilpassast den enkeltes behov. 

Dette er noko Austevoll Høgre er opptatt av: At alle skal få ein verdig og god alderdom. Det er særs mange eldre som ynskjer å bu i eigen bustad så lenge som mogleg. Dette er heimen deira, kjente og gode omgivnader som ein nødig ynskjer å gje frå seg for noko ukjent. Ved å legge til rette for løysningar på kvardagslege utfordringar, og eit godt helse- og omsorgstilbod, så håpar me at dei aller fleste får bu heime så lenge dei ynskjer og kan det.
Det er likevel ikkje slik at når ein ikkje kan bu heime så skal ein på institusjon. For mange er omsorgsbustadar det rette valet. I dag har me gode bustadar i Bekkjarvik, på Birgittunet og no også på Storebø Brygge. Det har av nokre vore spekulert i om Birgittunet skal fjernast. Det er Austevoll Høgre sterkt imot, og me har programfesta at Birgittunet skal bestå. Behova og ønska knytt til omsorgsbustad er like varierande som brukarane sjølv. Uavhengig av desse så veit me at omgivnader har mykje å seie for trivselen, og derfor meinar me at vedlikehald av kommunale bygg og uteområde må prioriterast.
I nokre tilfelle er PO-senteret det rette valet. Dette er for mange ein vanskeleg prosess, både for den det gjeld og for dei som er pårørande. Austevoll Høgre tar på alvor tilbakemeldingar frå pårørande om at ein til tider kan føla seg som ein kasteball i systemet. Dette vil me sjå nærare på, og gjera endringar som er treffsikre og som rettar opp i utfordringa. Austevollingane skal føla seg ivaretatt når ein møter kommunale tenester, og aller mest når ein er i ein sårbar situasjon.
Me meina at søknadsprosessen for tenester kan og må forenklast, og at behandlingstida må reduserast. Det skal ikkje vera slik at ein skal måtta få hjelp til å fylle ut ein søknad, denne må vere enkel og forståeleg nok til at ein får den hjelpen ein treng og har krav på. Me ynskjer også å fjerna ventelista på institusjonsplassar, avlastning og plass på dagsenter. Når behovet er der, og avgjersla er teken, så skal ein ikkje måtta tåla den ekstra belastninga det er i å vente på ledig plass. 
For å finne løysninga på desse utfordringane, og for å skapa framtidas pleie- og omsorgstilbod i kommunen, må me jobba saman. Som stemma for den delen av befolkninga som dette omhandlar, så bør og skal Eldrerådet inkluderast og høyrast i dei saka som angår dei eldre. Det er også viktig å lytta til kva fagfolka som jobbar i sektoren meiner, slik at me ilag kan sikre endå betre pleie- og omsorgstenester i framtida.
Innlegget stod på trykk i Marsteinen 22. august 2019.