Er det for mange sjefar i kommunen?

 Me har sjenerøst med kommunalsjefar og andre sjefar, men openbart for få saksbehandlarar og tilsette til å gjennomføre vedtak, seier Grethe Drønen Ringdal. I kommunestyret i dag bad ho rådmannen gjennomgå korleis han organiserer kommuneadministrasjonen.

Grethe Drønen Ringdal er nestleiar i kommunestyregruppa til Høgre. I kommunestyret i dag peika ho på at det er uheldig at det tilsynelatande er for få tilsette til å gjennomføre politiske vedtak.

 Dette gjeld ikkje minst for avdelinga for forvalting, drift og vedlikehald der viktige saker har prega den politiske debatten lenge, sa Drønen Grethe Ringdal. Ho peika på at viktige saker, som problema med løpebana på Eidsbøen, bygging av stiar til naust på Salthella og grusing av vegen rundt Vinnesvatnet, har tatt altfor lang tid.

 I ei lang rekke saker ser me at det er openbart for få tilsette til å følgje opp og gjennomføre vedtak, medan me har sjenerøst med kommunalsjefar og andre sjefar. Spørsmålet me stiller oss er om det er for mange leiarar i kommuneadministrasjonen og at denne ressursbruken går på kostnad av tilsette som skal utøve vedtaka.

I budsjettet som kommunestyret vedtok i dag vert derfor rådmannen beden om å vurdere korleis han organiserer sentraladministrasjonen. 

 Målet vårt er to ting: Me skal produsere betre tenester til innbyggjarane våre, og me skal bruke skattepengane smartare. For oss betyr det blant anna at me treng fleire til å gjennomføre tiltak, og færre til å administrere.

 No er me veldig tydelege i oppmodinga til rådmannen, han må svare kommunestyret på om me faktisk har den beste organiseringa, eller om det er smartare måtar å få jobben gjort på.