Økonomisk kontroll gjev gode kommunale tenester

Morten Storebø (ordførar) og Liv Bente Fagerbakke Storebø (gruppeleiar)

Ein føresetnad for gode kommunale tenester er god kommuneøkonomi. Kommunen har ansvar for nokre av dei viktigaste offentlege tenestene i samfunnet vårt, og får stadig nye oppgåver å løyse. Derfor er det avgjerande at økonomien er god – slik at kommunen kan levere gode tenester både i dag og i morgon, og langt inn i framtida. 

Austevoll kommune har god økonomi. Kommunen har bygd seg opp ein solid økonomisk buffer – eit disposisjonsfond – på 71 millionar kroner. Kommunen har normalt gode skatteinntekter, til no i år er dei meir enn 50 prosent høgare enn landsgjennomsnittet. Slik var det rett nok ikkje i fjor, då hadde kommunen ein skattesvikt på 5-6 millionar kroner. I slike tilfelle er disposisjonsfondet viktig. Det er god budsjettstyring og dessutan ein stor grad av openheit om kommunens økonomi: Månadlege budsjettrapportar blir behandla i opne møte i formannskap og kommunestyret.
Det er likevel ikkje alt ved økonomien som er like positivt. Kommunen har høg gjeld. Den samla gjelda er 541 millionar kroner. Ein del av gjelda, 33 millionar kroner, er Husbanken-startlån til bustader, som går via kommunen, men der renter og avdrag ikkje blir betalt av kommunen. Av dei attståande 508 millionar kronene er det også ein del som kommunen får pengar til, til dømes husleigeinntekter på lånekostnader til omsorgsbustader og spelemidlar til investeringar i idrettsanlegg og Austevollbadet.
Grunnane til at kommunen har tatt opp lån har i hovudsak vore å rehabilitere eller bytte ut kommunale bygg. Det siste prosjektet er rehabilitering og tilbygg på Austevoll ungdomsskule, som nærmar seg ferdig. Dersom det hadde vore slik at kommunen hadde ein halv milliard i gjeld frå før, før den skulle i gang med store og nødvendige investeringar, så ville det skapt økonomiske utfordringar. Heldigvis er det ikkje slik: No er bygningsmassen ny og moderne. Når ungdomsskulen er ferdig så legg me bak oss eit knapt tiår med ei historisk satsing på kommunale bygg. Det markerer derfor også avsluttinga på ein periode med høg vekst i gjelda til kommunen.
Høgre har vore opptatt av korleis ein handterer gjelda. Derfor foreslo me tidleg i perioden å endre finansreglementet der me fjerna taket på kor stor del av gjelda som kunne bindast. I mai 2016 vedtok derfor kommunestyret, etter forslag frå Høgre, å endre finansreglementet, slik at all ein kan binde renta på all gjeld dersom det er økonomisk hensiktsmessig. 
Grunnen til at me har ivra for å binde ein større del av gjelda er at renta har vore lav, at vilkåra som ein kommune oppnår er svært gode på rentebinding, og fordi det er føreseieleg i drifta. Status no er at 343 millionar kroner av gjelda til kommunen er bunden til ei gjennomsnittsrente på 1,95 prosent. Det er trygt å vite at ein unngår stor auke i rentekostnader som må betalast, og at me slepp å kutte i driftsbudsjettet til tenester, om renta aukar.
Kommunen har høg gjeld, men veksten vil dabbe av og pilene vil peike nedover. Og når kommunen i tillegg er fullt i stand til å handtere renter og avdrag er det ingen grunn til å miste nattesøvnen. 
Det Høgre og Ap har vore spesielt oppteken av i denne perioden har vore driftsbudsjettet. Noko har handla om grunnleggjande krav til økonomisk styring, nemleg at budsjettrammer og budsjettpostar skal haldast. Me er nemleg alle i same båt. Budsjettavvik éin plass skapar vanskar for andre, og til sjuande og sist er det tenester, brukarar og tilsette som blir ramma. 
Det viktigaste grepet me har tatt i denne perioden har vore den totale gjennomgangen av kommunens økonomi, som Høgre og Ap heimla i kommunebudsjettet for 2018. Her løyvde me pengar til å hyre inn ekstern spisskompetanse, som kunne hjelpe til å gjennomføre det me kalla for ein økonomisk helsesjekk. Grunngjevinga kom blant anna fram av budsjettvedtaket frå desember 2017:
«Austevoll kommune har høge frie inntekter og økonomistyringa er god. Rådmannens framlegg til budsjett viser likevel at dei økonomiske rammene er tronge, med lite økonomisk handlingsrom. Det vert mellom anna vist til at gjeldsnedbetalinga i 2018 er redusert samanlikna med storleiken det vart lagt opp til i den vedtekne økonomiplanen. Høgre og Arbeidarpartiet meiner det vil vere nyttig med ein analyse av den kommunale drifta for å få eit skikkeleg bilete av ressursbruken. Det vert derfor løyvd kr 500.000 til ekstern bistand for å utgreie og kome med forslag til ulike omstillings- og effektiviseringstiltak. Samarbeidspartia meiner det er fornuftig å ha stor merksemd på berekraftig økonomisk styring og drift i gode tider, slik at ein står betre rusta dersom den økonomiske situasjonen skulle forverre seg. Høgre og Arbeidarpartiet meiner også rådmannen bør vurdere organiseringa og oppgåvene lagt til sentraladministrasjonen, for å sjå til om ein kan effektivisere arbeidet i administrasjonen utan at dette går utover tenestetilbod eller drifta av kommunen.»
Granskinga var heilt nødvendig. Rapportane som blei laga gav viktige svar både på kommunens økonomiske situasjon og på kvaliteten på tenestene. Dette blei eit kartleggingsarbeid som også involverte mange tilsette, dei fleste mellomleiarar og alle toppleiarar i kommunen. Budsjettforslaget som rådmannen la fram kort tid etterpå innehaldt nokre av forbetringstiltaka, og det er all grunn til å vente at det vil prege neste års budsjett i endå større grad.
I Høgre er me opptekne av å føre ein økonomisk politikk som gjer at kommunen ikkje skubbar problema framfor seg, men er i stand til å møte utfordringar når dei oppstår. Medlemmane i Austevoll Høgre har vedtatt nokre måltal for sunn økonomisk styring og tryggleik: Disposisjonsfondet kan aldri vere mindre enn 10 prosent av dei samla årsinntektene, og det skal årleg betalast ned minimum 4 prosent av den samla gjelda.
Høgre vil halde fram omstillingsarbeidet i kommunen, og forenkle og forbetre kommunale tenester og system. Me vil etablere eit eige kursopplegg for tilsette som har økonomiansvar, for å sikre betre økonomisk styring og kontroll.
Fordi me veit at god økonomisk styring og kvaliteten på tenestene går hand i hand. God styring og robust økonomi gjev gode tenester.
Lesarbrevet er trykt i Marsteinen 1. september 2019.