8 gode grunnar til å stemme på Vinje Høgre

Utsikt fra Neset, Rauland

1. JA til næringsliv

Vinje Høgre ser det som viktig og legge til rette for nye verksemder og å ta vare på alle næringsverksemder som er liv laga, frå småskala produksjon til store anlegg.

2. Ja til reiseliv heile året

Vinje Høgre vil arbeide for at kommunen er ein attraktiv reiselivsdestinasjon heile året. Anlegga må rustas opp slik at de er tilpassa dagens og framtidas bruk.

3. Ja til god eldreomsorg

Vinje Høgre vil vere din garantist for at det til ei kvar tid er fokus på ernæringsrektig og velsmakande mat både i institusjon, på omsorgsentra og til heimebuande som treng hjelp.

4. Ja til landbruk

Vinje Høgre meiner me må styrkje landbruket og stimulere til nyskaping. Så langt det let seg gjera bør råvarene frå landbruket bli vidareforedla i Vinje.

5. Ja til pristak på straum

Vinje Høgre vil arbeide for at det vert innført ein prismodell på straum med TAK og GOLV i den vidare forvaltninga av kommunens kraftinntekter. Me vil sikre dei avtala rettane kraftkommunane har i dag, som er ein rettmessig del av dei inntektene kraftressursane skapar.

6. Ja til barn og ungdom

Vinje Høgre vil prioritere skule, idrett og ungdomsarbeid bl.a. ved å prøve ut leksefri skule og oppretthalde eit godt og desentralisera kulturskuletilbod

7. Ja til kultur

Vinje Høgre vil stø opp om kultur aktivitetar i nærområda.

8. Nei til eigedomsskatt

Vinje Høgre ynskjer ikkje å innføre generell eigedomsskatt.