Vinje Høgres program 2023-2027

FORMÅLSPARAGRAFEN TIL HØGRE

Høgre vil føre ein konservativ framstegspolitikk bygd på det kristne kulturgrunnlag, rettsstaten og folkestyret for å fremme personleg fridom og sosialt ansvar, medråderett og eigendomsrett og eit forpliktande nasjonalt og internasjonalt arbeid.

Høgre vil fornye, forenkle og forbetre:

– Bygge samfunnet nedanfrå og opp – lokalt styre av lokalsamfunnet, avgjerder bør takast nær der det gjeld.

– Redusere byråkrati – ein skal bruke arbeidsdagen på å gjera den viktige delen av jobben sin.

– Folk skal leve frie og sjølvstendige liv – menneske som vert vist tillit tek ansvar. Innsatsvilje og skaparkraft styrkjer fellesskapen.

VINJE HØGRE

Vinje er ein god kommune å bu i med gode oppvekstvilkår, gode skular, godt helse- og omsorgstilbod og eit breitt og engasjera kulturliv. Vinje kommune sitt tenestetilbod skårar høgt på mange nasjonale kåringar og Vinje Høgre meiner at kommunen skal halde fram med gode tenestetilbod.

Kommunal administrasjon og forvaltning

Vinje kommune skal vera ein kommune der kvar eining har ansvar for at brukerane får den hjelp og service dei treng. Vinje Høgre meiner at einingane må vera budsjettansvarlege. Ein må til ei kvar tid vurdere om ein kan slå saman einingar for å redusere driftskostnadane.

Vinje Høgre meiner at storleiken på den kommunale administrasjonen må stå i høve til aktivitetsnivået. Ein vil ha fortløpande vurdering av dette.

Vinje Høgre meiner at hovudoppgåva må vera å gjennomføre dei lovpålagde kommunale oppgåvene fyrst. Nye store, ikkje pålagde investeringar og tiltak som medfører faste driftskostnadar må vurderast nøye.

Vinje Høgre vil arbeide for at kommunestyret skal ha større råderett over utviklinga i eigen kommune.

Vinje Høgre vil arbeide for at det blir åremål stillingar i viktige posisjoner.

Økonomi

Vinje Høgre meiner det må førast ein strengare økonomisk politikk i kommunal administrasjon. Budsjett som blir vedteke til drift og investeringar må fylgjast. Ved endring eller behov for fleire midlar skal saka handsamast politisk før tiltaket vert sett i verk.

Vinje Høgre vil arbeide for at kommunen i framtida skal ha eigedomsskatt på kraftverk og overføringsnettet.

Vinje Høgre ynskjer ikkje å innføre generell eigedomsskatt.

Vinje Høgre er uroa over at lånegjelda i Vinje no er svært høg. Me meiner dette må takast på alvor og at tida er inne for å redusere lånegjelda. For å gjennomføre dette må fleire store investeringar takast over tid. Spesielt nå med dei aukande rentekostnadane.

Næring/landbruk

Reiselivet i Vinje vil i framtida få meir konkurranse frå nye destinasjonar som veks opp. Det er viktig for turistnæringa i Vinje å utvikle seg ved at heisanlegga og løypenettet i hovedsatsingsområda blir attraktive for turistnæringa, hyttefolk og fastbuande. Anlegga må rustas opp slik at de er tilpassa dagens og framtidas bruk.

Vinje Høgre vil arbeide for at kommunen er ein attraktiv reiselivs-destinasjon heile året. Turistnæringa må arbeide for å ha noko å tilby reisande slik at dei oppheld seg i Vinje over tid.

Vinje Høgre ser det som viktig å ta vare på alle næringsverksemder som er liv laga, frå småskala produksjon til store anlegg, og legge til rette for nye verksemder. Vinje kommune har bygd opp mykje av næringslivet rundt utbygging av hytter. Derfor er det viktig at me stimulerar til bruk av hyttene og då er straumprisen med ein makspris eit viktig hjelpemiddel som både vil stimulere til bruk og styrke heile næringslivet i kommunen.

Vinje Høgre vil passe på at det til ei kvar tid er ledige industri- og bustad tomter. Kommunen må ligge i forkant av å ha ledige tomter. Alle tomter- også dei private- bør leggast ut på kommunens sine nettsider med kart og opplysingar.

Vinje Høgre meiner me må styrkje landbruket, bonden er ein sjølvstendig næringsdrivande og Vinje Høgre vil stimulere til nyskaping i landbruket. Så langt de let seg gjera bør råvarene frå landbruket bli vidareforedla i Vinje.

Vinje Høgre vil at rovdyrforvaltinga skal byggje på erfaringsbasera kunnskap, lokal forvaltning, respekt for eigedomsrett og livskvaliteten til enkeltmennesket og lokalsamfunnet.

Vinje Høgre vil arbeide for at det vert oppretta ein avdeling for fjellredning ved lensmannskontoret i Vinje.

Energipolitikk og konsesjonskraft

Vinje Høgre vil sikre dei avtala rettane kraftkommunane har i dag, som er ein rettmessig del av dei inntektene kraftressursane skapar for storsamfunnet.

Vinje Høgre ynskjer at kraftinntektene skal forvaltast lokalt, samt ha fokus på kraftkompetanse.

NVE/Statkraft må taka på alvor dei miljø-utfordringane som er i Tokke – Vinje vassdraget. Vinje Høgre vil at elveløp langs hovudvegar og tettstadområde må rustast opp, og det må vera ei minstevassføring heile året.

Vinje Høgre vil arbeide for at det innføras ein prismodell på straum med TAK og GOLV i den vidare forvaltninga av kommunens kraftinntekter. Då blir det føreseielegheit for ALLE inkludert kommunen, samt at det blir attraktivt å etablere seg i kommunen.

Oppvekst, levekår og kultur

Vinje Høgre vil oppretthalde noverande skule/barnehage/sfo på dagens nivå dersom barne/elevtalet gjer det forsvarleg.

Vinje Høgre vil at skulematordninga skal halde fram i heile kommunen.

Vinje Høgre meiner at skulane i Vinje må ha digitale hjelpemiddel frå 1 klasse.

Vinje Høgre vil prøve ut leksefri skule i Vinje, på ein eller fleire av skulane i Vinje med ei prøvetid på 3 år.

Dette ynskjer me fordi mange foreldre har utfordringar med å hjelpe barna sine med heimelekser. Sjølv om foreldra har god utdanning så blir læreplanen stadig endra – den måten foreldra har lært på er ikkje den måten barna deira lærer på. Likeins så er det tidspress i familien fordi barna skal vera med på ulike aktivitetar på kveldstid.

Vinje Høgre vil arbeide for å styrke kurs og utdanningstilboda som er utvikla på Rauland av Raulandsakademiet, Universitetet i Sør Norge (USN) og Rehabiliteringssenteret AiR. Samt den vidaregåande skula på Dalen og den private vidaregåande skulen i Kviteseid (Kvitsund).

Det må til ei kvar tid vera eit tilbod om lærlingplassar i kommunen.

Vinje Høgre vil prioritere idrett og ungdomsarbeid bl.a. ved å oppretthalde eit godt og desentralisera kulturskuletilbod.

Vinje Høgre meiner det er svært viktig å legge til rette for at fleire vel å busette seg i Vinje. Kommunen må ha opparbeid bustadfelt til ei kvar tid.

Vinje Høgre vil verne om kulturarven og det nynorske målet. Marknadsføring av kommunen bør skje på nynorsk.

Det er viktig å taka vare på kunstsamlingane på Rauland på ein god måte. Bygningane er ikkje i den stand dei burde vera. Vinje Høgre vil støtte opp om å ruste opp eller finne andre løysningar for bygga som skal innehalde kunstsamlingane.

Vinje Høgre vil stø upp om kultur aktivitetar i nærområda.

Vinje Høgre vil arbeide for ein nøktern flyktning – og asylpolitikk der integrering er heilt vesentleg. Dei som sit med ansvar for språkopplæring og integrering har no stor utfordring med å handtere alle flyktningane som har kome til Vinje.

Helse og Omsorg

Vinje Høgre meiner kommunen har eit godt helse og omsorgs tilbod. Me vil til ei kvar tid arbeide for at brukarar skal ha det beste tilbodet.

Vinje Høgre støtter vedtaket i kommunestyret i legekontorsaka. Ute kontor 2 til 3 dagar i veka på Edland og Rauland med hovudkontor i Åmot.

Vinje Høgre vil vere din garantist for at det til ei kvar tid er fokus på ernæringsriktig og velsmakande mat både i institusjon, på omsorgsentra og til heimebuande som treng hjelp.

Det skal leggast vekt på trivsel , valfridom og matglede.

Vinje Høgre vil, så langt det er mogeleg, at heimebuande eldre som treng hjelp skal få lik hjelp i heile kommunen.

Vinje Høgre vil arbeide for at det byggast nok omsorgsbustadar, samt leilighetsbygg som passer for eldre i alle de 3 sentra i kommunen.

Vinje Høgre vil arbeide for at hyttekommunar får kompensasjon for det helsearbeidet som vert ytt til hyttebuande. Me får fleire eldre som vil bu på hyttene sine og det vil bli meir behov for helsepersonell til hyttebuande som treng hjelp.

Vinje Høgre meiner me må utvide bruken av digitale hjelpemiddel for å utnytte fagkunnskapen ved dei regionale sjukehusa.

Vinje Høgre vil sikre ambulansetenesta, den er viktig for Vinje Kommune. Det er lange avstandar i kommunen og ikkje minst til sjukehusa.

Vinje Høgre vil arbeide for å få ein landingsplass for luftambulansen lagt til Vinje med signal instrument som flygar kan koble seg opp til når det er tåke eller dårlig vær.

Vinje Høgre vil oppretthalde eit sterkt barnevern og ei god rusomsorg.

Forvalting av eigedom og rettar.

Vinje Høgre vil arbeide for å verne og styrkje den private eigendomsretten. Vinje Høgre meiner at offentleg innblanding i eigedomsovertakingar hemmar viljen til å skape og ta vare på verdiar.

Det offentlege må gje erstatning til grunneigarane for det dei ervervar til fellesskapet.

Samferdsel og miljø

Vinje Høgre meiner det er viktig å få i gang arbeidet med ny tunell Seljestad-Røldal (Liamyrane) på E134, med bygge start nå.

Vinje Høgre vil arbeide for å få ein vintersikker E-134 over Haukelifjell. Det inneber lang tunell over Haukelifjell. Lang tunell gjev størst miljøgevinst for trafikantane og den raudlista Villreinen.

I eit langsiktig perspektiv for forvaltning av Villreinen er lang tunell eit svært viktig bidrag for sikring av Villreinens gjenverande leveområder på Hardangervidda og i Setesdal aust- og vesthei/Ryfylkeheiane.

Vinje Høgre vil arbeide for å ruste opp E-134 frå Åmot til Vinjesvingen medan me ventar på framtidig E-134 mellom Grungedal og Gvammen. Vinje Høgre vil ta vare på det gode løypenett for snøskuter som finst i kommunen. Kontroll med køyring er viktig slik at me får behalde løypenettet i framtida.

Vinje Høgre vil sikre dei mjuke trafikantane. Mykje er gjort men kommunen har att store prosjekt på G/S vegar. Prioritert tiltaka er Krossen – Austbø.

Kyrkja/menighetshus

Vinje Høgre meiner at kyrkjer og menighetshus er viktige kulturberarar i lokalsamfunnet og at det må settast av tilstrekkeleg med midlar til drift og vedlikehald av desse bygga.