Reguleringsplanen for Storebøvegen på høyring

Plan- og byggesaksutvalet har einstemmig vedtatt å legge reguleringsplanen for Storebøvegen på høyring.

Utbetringa av Storebøvegen er eit nytt steg nærare realisering. I dag behandla plan- og byggesaksutvalet forslag til reguleringsplan, og utvalet vedtok einstemmig å legge planen på høyring.

Utbetring av Storebøvegen er ein del av Austevollspakken. I Austevollpakken er også ny gang- og sykkelveg frå Selbjørnsbrua til Fagerbakke og ny bru i Torangsvåg topp-prioritert. Fylkeskommunen er dessutan i full gang med planlegginga av utbetring av Bjellandsvegen, som er finansiert med 25 millionar kroner frå stat og fylkeskommune.

I juni stilte eit einstemmig fylkesting seg bak Austevollspakken. Både Vestland fylkeskommune og Austevoll kommune har gjort vedtak om at dei første løyvingane til å finansiere byggearbeida vil kunne kome allereie til neste år.

Reguleringsplanen for Storebøvegen omfattar vegstykket frå toppen av Vestbøbrekka i nord, og til kollektivterminalen ved Austevoll ungdomsskule i sør. Dette er den mest trafikkerte vegen i Austevoll med ein døgntrafikk på 3.000 køyretøy.

Til saman er det snakk om rundt to kilometer veg som skal utvidast til 6,5 meter brei køyreveg, med vegskuldre og gul midtstripe. Det blir også lagt opp til utbetring av gang- og sykkelveg og etablering av nye og utbetring av eksisterande busshaldeplassar.

Planen sikrar betre framkome for køyretøy, fjernar dagens flaskehalsar, og vil gjere det tryggare å ferdast for gåande og syklande.

Høyringa blir annonsert i Marsteinen og på nettstaden til kommunen.

Saksdokumenta kan du lese her.