7 grunnar til å røyste Høgre i Bjørnafjorden


1. Økonomisk handlefridom
– naudsynte prioriteringar
Bjørnafjorden Høgre meinar at innbyggjarane våre skal skånast mot unødig høge kommunale avgifter og vi vil ikkje innføra eigedomsskatt! I Høgre er vi positive til samarbeid mellom privat og offentleg sektor, og vi vil difor arbeida for ei betre utnytting av potensiale som ulike samarbeid kan gje oss. Bjørnafjorden kommune kjem til å stå i store omstillingar dei næraste åra, og tenestetilbodet kjem til å verta utfordra grunna tøffe prioriteringar. Difor må kommunen ta i bruk smarte løysingar, unngå byråkrati og alltid søkja effektivisering i administrative prosessar. Hovudmålet for denne kommunestyreperioden er å få kontroll på økonomien som igjen vil gje oss økonomisk handlefridom.

2. Samfunnsutvikling– vekst for framtida
Bjørnafjorden kommune skal vera ein effektiv «Ja-kommune». Vi skal møta nye idear og utfordringar med eit positivt grunnsyn, og vi ynskjer liv i heile Bjørnafjorden kommune. Bjørnafjorden har eit variert næringsliv, med stort potensiale for vekst som Høgre vil støtta opp om med eit Ja-engasjement. Ja, til nye prosjekt og idear, og ja til nyskaping.

3. Arbeidsplassar– skapa lokalt
Bjørnafjorden har eit rikt og mangfaldig næringsliv som er lokalisert kringom i heile kommunen. Utpendlinga frå kommunen er likevel for stor, og vårt mål er difor at fleire skal ha arbeidsplassen sin i heimkommunen. I arbeidet mot dette målet vil vi ha eit tett samarbeid med næringslivet, også nye bedrifter som kan vera aktuelle for å etablera seg i kommunen vår. Bjørnafjorden skal vera den mest attraktive og føretrekte lokasjonen for næringsetablering i Bergensregionen.

4. Grøn framtid– bygd for framtida
Vi er no på veg inn i det grøne skiftet og alle må ta ansvar, også Bjørnafjorden kommune. Bjørnafjorden Høgre vil prioritera løysingar der vi reduserer utslepp og tek berekraftige val for miljøet. Difor er det viktig for oss å ha to tankar i hovudet samstundes: Vi skal kutte utslepp, ikkje stoppe utviklinga. Skal ein klara å gjennomføra det grøne skiftet treng vi mykje meir rein energi enn vi har tilgang på i dag, og Høgre meiner ein må utgreia kva alternativ vi i Bjørnafjorden kommune har for å produsera meir energi.

5. Oppvekst- det trengs ei heil bygd
Bjørnafjorden Høgre har høge ambisjonar for born og unge. Dei skal veksa opp i trygge miljø, og kommunen skal vera ein part i deira liv. Alle skal oppleva anerkjenning og meistring i kvardagen, og skal bli tatt vare på av vaksne med god kompetanse og som ser den enkelte. Læringsmiljøet i klasserommet er viktig for at elevane skal kjenna læringsglede og få utbytte av undervisninga. Vi vil prioritera tidleg innsats i barnehage og skule samt sikra at vi har ei god skulehelseteneste med særleg fokus på psykisk helse.

6. Helse og velferd– leva heile livet
Helsetenestene i Bjørnafjorden kommune skal vera prega av kvalitet og kompetanse. Kvalitetsreforma «Leve hele livet» har som mål at alle eldre skal få ei god og verdig eldreomsorg, tilpassa eigne behov. Maten, helsehjelpa, aktivitet og fellesskap er grunnpilarane i eldreomsorga. Høgre anerkjenner eldre som ein viktig ressurs i samfunnet, og deira tid og kompetanse er naudsynt å nytta når vi skal møta ei stadig veksande aldersgruppe på ein god måte. Frivilligheit og førebygging skal prioriterast høgt i komande periode.

7. Kultur, idrett, friluftsliv og frivilligheit
Bjørnafjorden Høgre ynskjer eit inkluderande og mangfaldig kultur og idrettsliv. Frivilligheit er berebjelken i små og store lokalsamfunn. Frivilligheit, kultur og fritid er viktige element som gjer kvardagen meiningsfull. Tilhøyrsle til lokalsamfunnet skapast gjennom gode møteplassar for fritidsaktivitetar. Å delta i frivillig aktivitet har også store folkehelsegevinstar for alle, fysisk så vel som psykisk. Det er difor viktig at det offentlege på ulike måtar legg til rette for, og støttar opp om dette arbeidet.