Politikk
Når frivillegheita, næringslivet og offentleg sektor spelar på lag, skapar det gode lokalsamfunn. Høgre trur på enkeltmenneske si evne og lyst til å stå på eigne bein.
Vår oppgåve er å sørge for at menneske kan leve gode liv, uansett utgangspunkt. Vi skapar ikkje politikk for kommunen, men for alle som bur der. Høgre trur på eit samfunn som gir moglegheiter for alle.
For oss i Bjørnafjorden Høgre er det viktig at innbyggjarane er med og påverkar og formar politikken. Me meiner at dei beste løysingane kjem når me lyttar til dei som bur, arbeider og lever her i Bjørnafjorden. Del tankane og forslaga dine med oss! Me trenger dine innspel til kva du meiner er viktigast for kommunen vår.