Bli kjend med vår varaordførar

Marie Elisabeth Lunde Bruarøy

Marie Bruarøy er vår varaordførar!

Marie er 42 år, godt gift og har to jenter i skule og ungdomsskulealder. Ho arbeider til dagen som frisør, og driv eigen frisørsalong på Osøyro. Heimstaden er Øyane der ho fødd og oppvaksen, og der ynskjer ho å bli værande resten av livet.

Marie har ein katt som heiter Hallgeir, 7 høner, samt ein liten flokk med sauar i hagen som fungerer utmerka som grasklypparar. Ynglingsdestinasjonen for ferie, er heile 10 minutt unna, på hytta i Strøno.

På fritida likar Marie seg helst ute, anten i hagen, på sjøen eller i skogen. Ho kvir seg ikkje for å få skit under neglene, og byter gjerne ut matlaging med å grave i bedet, rydde beitet til sauane, eller ta fatt på høgtrykkspylaren. Ho er òg handballtrenar i Nore Neset IL for eit jentelag der yngste dottera spelar. Av og til undrar vi oss over korleis Marie får tid til alt ho syslar med, men det har ho klarlagt for oss; ho brukar nesten ikkje tid på sosiale media. Ho kallar det for den største tidstjuven som ikkje gjer godt for oss.

20 år med politisk erfaring

Marie er mange-generasjons bjørnafjording, som ho kallar seg, med røter i Øyane, Strøno, Forstrøno, Skåtøy og Vinnes. Ho brenn for kommunen sin, og det er årsaka til at ho igjen stiller som førstekandidat for Høgre. Politikk starta som ein hobby – ein hobby som tok litt av. Det har for Marie vorte meir enn livsstil, og ho kan vanskeleg sjå for seg eit liv utan politikken.

Ho sto på Høgre si liste for første gong i 2003, og har sida den gong vore fast representant i kommunestyret for Høgre. Ho var ordførar for Os kommune i nærare to år av desse frå desember 2016 til hausten 2018. Ho beskriv ordførarperioden som ei fin tid med mange kjekke utfordringar.

Marie sine hjartesaker 💙

Når vi ber henne lista opp sine politiske hjartesaker, syns ho det er vanskeleg som generalist. Ho syns alt er spanande og ikkje minst like viktig. Både økonomi, utvikling, arealpolitikk, næringspolitikk og tenester for born og unge og eldrepolitikk skapar engasjement hos Marie. Men når ho MÅ svara, så vel ho hjartesakene:

Kunnskap og læring i skulen

Born og unge skal kjenna på tryggleik og meistring i kvardagen, det er då dei lærar best. Ho har stor tru på læraren som ho meinar bør få lov å få lov å vera lærar.

Ein verdig og god eldreomsorg

Dei eldre skal få vera sjef i eige liv og kommunen skal leggja til rette for at ein kan bu heime lengst mogleg. Kven som utfører tenester er ikkje viktig, så lenge brukaren får det hen har krav på.

Arealpolitikk

Det er vi i Bjørnafjorden som kjenner kommunen vår best og bør få forvalta våre areal deretter. Så lenge det renn politisk blod i hennar årer skal ho kjempa mot overordna mynde for å styrka lokaldemokratiet.

Trygg og stabil styring

Trygg og økonomisk god styring legg grunnlaget for all utvikling. Vi må få kontroll i kommunen vår med ei stabil styring for å få skuta på rett kjøl igjen. Det ansvaret er Marie klar for!