6 grunnar til å stemma Høgre på Bømlo

Usikker på kva du skal stemma i kommunevalet?

Her er 6 gode grunnar til å stemma på Høgre!

1. Utvikling i heile kommunen

Bømlo er ein langstrakt kommune der avstandane er store. Derfor har me organisert oss med eit kommunesenter og to kommunedelsenter, Moster og Langevåg. For Bømlo Høgre er det viktig at alle delar av kommunen lykkas, både i sentrum og i grendene. Derfor ynskje me å støtta lokale initiativ, som næringsetablering, og eit desentralisert kommunalt tenestetilbod.

2. Ein trygg og god oppvekst

Ein god barndom varar heile livet. Bømlo kommune har i dag blant landets beste barnehagar, men skulane kan framleis bli betre. For å gjera det ynskje me å spela på lag med skulen og investera i dei tilsette. Skulane er ei av kommunen sine viktigaste og synlegaste oppgåver. Derfor ynskje me ein skulestruktur som er til beste for elevane.

3. Ein verdig alderdom

Kommunen er til for innbyggarane og ikkje motsett. Derfor er verdigheit og fleksibilitet i alderdommen sentralt. Bømlo Høgre ynskje derfor meir førebyggande hjelp og bruk av velferdsteknologi sånn at dei som er i stand til det kan få bu heima lenger. Ein verdig alderdom handlar også om å halda fram som del av sitt lokalmiljø. Derfor ynskje me å oppretthalde eldreomsorga i kommunedelsentra Moster og Langevåg. 

4. Ansvarleg økonomisk styring

Kommunen har fått ein strammare økonomi dei siste åra. Manglande kompensasjon etter korona og Regjeringa sine prioriteringar har slått negativt ut for oss. Me må finna smartare måtar å jobba på for å redusera driftskostnadane. Det er stadig fleire som slit med å få privatøkonomien til å gå rundt. Derfor er det fullstendig uansvarleg å lempa enda større utgifter over på innbyggarane i form av eigedomsskatt.

5. På lag med jobbskaparane

På Bømlo har me ein fantastisk gründerkultur. Dette skapar ikkje berre økonomiske verdiar for eigarar og tilsette, men har positive ringverknadar i heila samfunnet. Arbeid er også ein viktig arena for å inkludera fleire. Gjennom jobb kan ein få eit sosialt nettverk, bygga kompetanse og læra seg språk. Derfor heie Bømlo Høgre på jobbskaparane. Me ynskje å legga til rett for næringsutvikling, gjennom mellom anna næringsareal, infrastruktur og samarbeid.  

6. Kutt i utslepp, ikkje i utvikling

Klimaendringane er kanskje den største krisa i vår tid. Sterkare stormar og meir regn utfordre robustheita i samfunnet vårt. Globalt vil ekstremt vær ta fleire liv og tvinga mange frå heimane sine. Bømlo er ein liten kommune i eit lite land. Likevel kan me gjera litt. Gjennom innkjøp og den kommunale drifta kan me redusera utsleppa våre. Det største bidraget kommunen kan gjera i det grønne skifte er nok å spela på lag med dei gode ideane. Gjennom teknologi som til dømes redusere utslepp frå skip kan Bømlingar påverka globale utslepp i rett veg.