Valderøy FAU får støtte til trygg skuleveg

Regjeringa gir Valderøy FAU 400 000 kr til trygg skuleveg.

Trafikk-komitéen ved FAU Valderøy er tildelt støtte til trygging av skolevegen for elevane. Føremålet er å gje eit signal om høve for ei haldningsendring rundt trygg trafikk der det ferdast mjuke trafikantar. Gjennom oppmerking, skilting og belysning vil komitéen legge til rette for ein tryggare ferdsel og såleis auke trafikktryggleiken i området.