Riksvegen som deler opp lokalsamfunnet

Ansvaret som Statens vegvesen har som eigar av rv. 658 mellom Ålesund og Vigra er mellom anna å sikre trafikktryggleiken til alle trafikkantar som ferdast langs denne vegen. Ikkje berre dei som ferdast mellom fastlandet og flyplassen, men óg dei lokalt reisande og dei mjuke trafikantane.

Kenneth Langvatn, på trygg side av autovernet som skiller biltrafikken frå gangvegen. På andre sida meiner vegvesenet altså at 80-sone er foreinleg med ferdsel av mjuke trafikkantar over Gjøsund-brua. (Foto: H. Langvatn)

I møte med Statens vegvesen (SVV) knytt til ulike pågåande saker vedkomande dette vegstrekket, synes det for meg å vere uklart om etaten forstår dette ansvaret. Riksveg-klassifiseringa av vegen ser ut til å trumfe både lokale forhold, lokale behov og innsikt, og det ser jammen ut til også å trumfe sunn fornuft.

To hundre meter med manglande gangveg over Gjøsundbrua står att som ein skamplett for den elles så velbygde vegen både nord og sør om sundet. Etter ein årelang kamp for å få ferdigstilt denne gangvegen, har kommunen enno ikkje fått gehør for sine krav, innspel og spørsmål. Sjølv når ein har spurt om lov til å byggje den sjølv, har SVV halde igjen. Handlingsvegringa har ramma etaten hard i denne saka. 

Hit men ikkje lenger. Gangvegen som vart bygd frå flyplassen til Gjøsund, langs rv. 658, enda her. 200 meter står att for å knyte øyane Vigra og Valderøya saman for mjuke trafikkantar. (Foto: H. Langvatn)

I sterk kontrast til SVV sine haldningar til no, vart Giske kommune førre veke skjenka med eit skjeldant stort oppmøte frå SVV Region Midt frå Molde. Etter synfaring både på Ytterland, Sætra og Gjøsund, kjende vi på håp om auka forståing for avklaringsbehov knytt til ny kryssløysingar på Ytterland og Sætra, og ferdigstilling av gangvegar. For det er med god grunn at folk i Giske kommune anten kryssar Gjøsundbrua med hjartet i halsen, eller rett og slett avstår frå risikoen det ber med seg å gi seg avgårde. Vegen deler lokalsamfunnet, i staden for å knyte det saman. Vegen, som er klassifisert med 80-sone, er så lite foreinleg med mjuke trafikkantar, at politiet har stoppa gåande frå å ta seg over brua til fots. Det er rett og slett for farleg.

– Vegen er så lite foreinleg med mjuke trafikantar,
at den deler lokalsamfunnet i staden for å knyte det saman.

Her er det berre å få sluttført gangvegbygginga snarast råd. Og mellombels få flytta 60-soneskilta ved brua 300 meter sørvest forbi avkøyrsla til Valderøyvegen, inntil mjuke trafikkantar er fråskild biltrafikken på ein trygg måte. Det siste kunne SVV gjort i dag, om ein berre ville. Men framkomlegheita til flypassasjerane ser ut til ikkje å kunne forsakast med 4 sekund lengre reisetid, derfor vel SVV aktivt å ikkje gjere noko. Her er det berre vilje hos seksjonssjef og avdelingsdirektør det står om, eller mangel på sådan.  

Eg – og fleire samfunnsengasjerte folkevalde med meg – kan love at for kvar dag det ikkje skjer noko frå SVV i denne saka, så vil engasjementet og presset lokalt berre auke, jamt med prisane og jamt med faren for at neste alvorleg ulukke vil inntreffe.

Kenneth Langvatn
Giske Høgre