Bustadvekst må stå i stil med annan kommunal infrastruktur

Leiar i komité for miljø og tekniske saker, Kenneth Langvatn, seier bustadpolitikken må stå i stil med helse- og skulestruktur.

Gjennomsnittsalderen i Giske kommune er ei av fylkets yngste, og ein ventar at innbyggjatalet skal vekse i åra som kjem. Langvatn er klar på at vekst er betre enn det motsette, men at veksten også må stå i stil med infrastrukturen kommunen kan tilby på store tenesteområde som skule, helse og omsorg.

Planar med stor samfunnsinteresse

Komité for miljø og tekniske saker skal vurdere ut frå fleire parameter. Det er fleire mindre og større bustadprosjekt på gong i kommunen. Ein av dei større planane er «Ytterland 2»-prosjektet. Denne planen har stor samfunnsinteresse av fleire utanom dei næraste naboane. Dette kjem fram av kommuneplanen der området er farga brunt, og skal ha ein sentrumsfunksjon, spesielt med tanke på det kollektive knutepunktet Ytterland er, seier Langvatn. I aust er det H.I Giørtz sine vidare planer for Major Olavsplass som er skissert inn. Her var det teikna inn ein høgblokk, der det er tenkt butikk i første etasje med leilegheiter i etasjane over. I vest er det fleire grunneigarar involverte, men det er dei største aktørane som har kjørt prosjektet. Teikningane med det som såg ut som ganske høge blokkar skapte reaksjonar hjå mange. Eg tykkjer det er veldig bra folk ytrar seg. Det naboane har kome med har vore sakleg og fagleg godt, og høg kvalitet over det dei har meldt inn. Dette takkar vi veldig for, seier Langvatn.

Endringar i planen

Mange har etterlyst viktigheita av å bevare eller legge til rette for det maritime preget staden kan få. Bevare tilgangen til området for allmenne har også blitt påpeika. Innspela både frå offentlege mynde og frå private har ført til at det vert gjort endringar i planen både i den austlege og den vestlege delen. Dette går mellom anna på bygningane sitt uttrykk og utforming, areal til leikeplassar og truleg også totalvolumet av bustader, seier Langvatn, men legg til: Men prosjektet skal fortsatt ha høg utnytting av areal, slik eit sentrumsområde skal ha. Det skal vere mange nye bustadar, for om ein skal ha harmoni og interaksjon i eit slikt sentrumsområde er det viktig at det er folk der til ein kvar tid, seier Langvatn.

Blokker på Valderhaugstrand

Det er inga røyndom at bustadveksten på Valderøya har vore enorm. Halvparten av Giske kommune sine innbyggjarar bur på Valderøya i dag. Sør for Øysenteret og Fylling Farge har planutviklar OSE eit blokkprosjekt. Det kan verte noko opp og fram før dette eventuelt vert realisert. Vi i teknisk komité har førebels funne få ting å peike på. Blokk er kontroversielt i denne kommunen, men slik føler ikkje eg det. Det er ein bra måte utnytte plass på. Vil det ruve høgt i terrenget? Det er fire etasjers blokk. Golvet i tredje etasje vil ligge plan med fylkesvegen. Det vil på ein måte rage like høgt som ein to etasjers einebustad, seier Langvatn.


Medverknad og det store biletet

Langvatn var pådrivar for at Giske kommune skulle få ein eigen busettingsplan. I dag jobbar rådmann og administrasjon med denne planen. Fylkesmannen har også synt interesse for denne planen. Han er ikkje einig i alt, men han skjønar poenget, fortel Langvatn og legg til at i teknisk komité jobbar dei heile tida for sjå det store biletet, når det i mange tilfelle er mange særinteresser. Sjølv om vi har meir kontakt med utbyggjarar, så skal vi ikkje kome i lomma på dei. Vi er her for innbyggjarane i kommunen. Medverknad er veldig viktig for meg. Eg har erfart det ligg utruleg mykje kunnskap der ute som nødvendigvis ikkje dei folkevalde eller dei som jobbar på rådhuset til dagleg har, seier Kenneth Langvatn.