Ei tid var og ei anna vart

Tankar kring bustadutvikling og medvirkning.

Grunnprinsipp og historikk

Skal ein føre opp ein ny bustad, er utforming og størrelse avgrensa av krava i gjeldande reguleringsplan for området. For å vike frå krava i reguleringsplanen kan ein søkje dispensasjon for mindre justeringar, eller sette i gong omregulering av området. Sistnemde er oftast vanleg for større områder som omfattar fleire nye bustader. Ei slik omregulering må vere i samsvar med den overordna kommuneplanen. Både reguleringsplanar og kommuneplanen er vedtekne politisk. Slik sett er bustadutviklinga politisk betinga.


Dei fleste av gjeldande reguleringsplanar i byggjefelta i kommunen stammar frå 70-/80-talet, ei tid med stor offentleg regulering og statsbankfinansierte bustader. Av ulike årsaker var mest alle nye hus på den tida einebustader, og dei fleste på mellom 140 m2 og 280 m2. Ein ny einebustad i denne storleiken er i dag av prismessige årsaker forbeholdt ein liten del av befolkninga. Å føre opp hus i same stil og storleik slik som dei 40 år gamle husa rundt om, vil ha ein prislapp dei aller færraste har råd til. Av mellom anna denne grunnen kan det vere naudsynt å opne opp for andre bustadtyper som er tilpassa dagens bustadmarknad. Allereie på 90-talet vaks det fram eit behov for større utnytting av tometeareal, og tomannsbustadane vart svært populære. I staden for å krevje omregulering for kvar einaste tomannsbustad innanfor reguleringsplanar for einebustader, vart det normal praksis å gi dispensasjon for dette, sjølv om ein tomannsbustad skil seg relativt mykje frå ein tradisjonell einebustad. Dei fleste vil i dag anerkjenne tomannsbustaden som eit naturleg innslag i kva som helst byggefelt i Giske.

Estetikk og mangfald

Eit anna moment enn berre dei økonomiske forholda i bustadutviklinga, er estetikk. Ein typisk einebustad frå 70-talet har hovudetasje med kjellar og valm-/saltak, mens på 50-talet vart husa reist med ei ekstra etasje og noko mindre grunnflate. Ein finn fleire nybygg som fortsatt stettar desse normene, og som tek seg godt ut i eksisterande byggefelt. Men ei tid var og ei tid blei. Det er ikkje unaturleg at eit moderne hus i dag ser annleis ut enn for 40 og 60 år sidan. Mange i dag vil ha to etasjar og flate tak. Er det då slik at ein skal krevje om- regulering for oppføring av hus tilpassa dagens huskatalogar, eller kanskje skal ein be husbyggjar om å halde seg til god gamal 70-talsstil?


Eit velfungerande og harmonisk samfunn bør bestå av folk og hus i ulike aldrar og stilar. Og desse to fylst åt. Ulike bustadtyper gir rom for folk frå ulike stader i livsløpet. Eit kvitt hus er fint, men om alle husa var akkurat like nye og kvite, ville det vorte kjedeleg rundt oss. Eg bur i eit kvitt hus sjølv, i gamal stil, og er glad for at eitt og anna nabohus er heilt annleis både i farge, stil og alder. Forskjellane og særtrekka gir bustadfelta karakter.

Refleksjonar om komande planperiode

Ei svært kort oppsummering av mine refleksjonar er at vi må ønskje velkommen nye bustadtyper i etablerte byggefelt, at dei skal vere stroktilpassa men med opning for ”tidsriktig” utforming og størrelse. At ein skal unngå for mange små bueningar i dominerande lange rekkjehus. At ein bør legge opp til lavblokker på dei tre største øyane, der desse utgjer ein etterspurt bustadtype. Og at utbyggingstakta må regulerast etter forventa og ønska folkevekst. Det sistnemde er særs viktig i ei vekstkommune som Giske. Av samfunnsøkonomiske hensyn må ein ha eit bevisst forhold til kva folkevekst ein legg opp til ved å sleppe til nye store bustadprosjekt. Ytterland Park er det mest dagsaktuelle bustadprosjektet, som er fanga av at det ikkje eksisterar ein tydeleg busetnadsplan som fortel i kva grad ein skal byggje ut i dei valgte områda for fortetting. Teknisk komité valde å ikkje eigengodkjenne Ytterland Park no, sidan vi er midt i rulleringa av kommuneplanen. Og med knappast mogleg fleirtal fekk eg tilslutning for at der må ligge føre ein slik busetnads- plan, før ein kan godkjenne prosjekt i denne størrelsen. Giske kommune har utrekna befolkingsframskrivingar som seier kor mange vi truleg vert i tiåra framover. Slike tal, saman med vurderingar knytt til kor stor vekst den kommunale tenesteytinga maktar, må ligge til grunn for kva for områder ein vil legge folkeveksten til, og i kva grad. Eg trur det er naturleg i eit tiårsperspektiv å vente at Godøya og Vigra tek mykje av folkeveksten i kommunen. Like naturleg som at det vert vekst på Valderøya i form av blokkbustader på to eller fleire stader på øya. Slik fortetting må skje der servicetilbod og handel naturleg kan utviklast. Sidan eg alt har nemnt Ytterland, ser eg for meg dette som eit område med slike utviklingsmoglegheiter. Og dette vil kunne skje uavhengig av kvar ein vel å plassere det strategiske kommunesenteret.

Styring og medvirkning

Bustadutvikling er eit tema det er enkelt for alle å meine noko om. I alle fall i området ein sjølv held hus. Men heilheit og samfunnsøkonomiske konsekvensar knytt til dette, skal ein anten vere fagmann eller vere særs interessert i for å sjå like lett. Eg er audmjuk ovanfor fagkompetanse, og er generelt oppteken av at store beslutningar skal takast basert på faglege vurderingar, meir enn berre på følelsar, tru eller tvil. Slik sett fungerar det representerande demokratiet godt, ved at ei utvald gruppe personar fattar vedtak basert på ei mengd med tverrfaglege vurderingar. Men for at ei gruppe folkevalde skal kunne gjere gode og samfunnsnyttige vedtak basert på faglege vurderingar, er det viktig med innbyggjarmedvirkining. Dette er ein øvelse som krev innsats frå alle som vil meine. I enkeltsaker så vel som i generelle spørsmål er det veldig lurt å huke tak i ein politikar og tilkjennegi sine synspunkt. Dette virkar, i alle fall på meg. Eg lyttar til dei som kjem med sine refleksjonar, anten det er innbyggjarar eller utbyggjarar. Og så vel eg å lytte mindre til dei som ytrer seg utan konstruktive motiv. Det folkelege ordskiftet kan innehalde noko som både er nedrig og manglar saksperspektiv. Men heldigvis har derimot dei fleste dialogar gode hensikter og inneheld verdifulle innspel og idear. Difor er god dialog mellom innbyggjar og politikar viktig.

Kommuneplanens arealdel

Det aller viktigaste ein innbyggjar i Giske kommune kan gjere dei neste to månadane, for å påvirke bustadutvikling og arealplanlegging, er å melde inn fråsegner om kommuneplanens arealdel. Denne vert lagt ut til høyring no, slik at både offentleg mynde og innbyggjarar kan lese, meine og seie i frå. Nytt sjansen, for arealdelen er sjølve masterplanen for kva som kan skje på øyane våre fram til 2030.