Ein skulestruktur for framtida

Skulestrukturen har vore på sakskartet i alle kommunestyreperiodane sidan tusenårsskiftet. Gjennom alle desse åra som har gått utan at skulestrukturen har vorte endra, har det vore utarbeidd rapportar etter rapportar som alle i større eller mindre grad har vore klare på at endring trengs. Og sidan første gong dette vart diskutert for om lag 20 år sidan har skulen utvikla seg stort, med mellom anna fleire fag og auka kompetansekrav. Verda har blitt digital og med det både større og mindre.

Mange vil nok meine at skulestruktursaka er den største, viktigaste og vanskelegaste saka som har kome til politisk behandling på mange, mange år. Og det er rett å seie at den er både stor, viktig og vanskeleg for alle med mynde i avgjerda. Det at denne kjennest ekstra vanskeleg, kjem truleg av merksemda den har og at den røyrer ved så mange av oss. For alle har vi eit forhold til skulen, anten som elev eller tidlegare elev.

Ny kommunesstruktur er komen opp igjen med bakgrunn i behov for innsparing. Saka er behandla i Livsløpsutvalget og blei mandag behandla i Formannskapet. Administrasjonen si innstilling anbefalte å samle alle ungdommane på ein ungdomsskule under navnet Giske ungdomsskule, og elevane fra Giskeøya og Valderøya på Valderøy barneskule. Giske Høgre valde å gå for administrasjonen si innstilling, men slutta opp om forslaget frå Giske Arbeiderparti om å samle ungdomsskuleelvane på ein skule då innstillinga frå Kommunedirektøren fall.

Det er behov for å få meir ut av dei knappe ressursane vi har, for barna si skuld. Gevinstane av å samle elevane og lærarane er likevel fleire enn berre det vi kan måle i kroner. Ei samling av fagressursane til lærarane gir betre kompetansemiljø i eit stadig aukande mangfald av fagområde. Behovet for spesialundervisning er relativt stort i Giske, samanlikna med andre kommunar. Og behovet er jamt fordelt i kommunen. Likevel er ressursane til spesialundervisning ujamt fordelt mellom skulekrinsane. Ved å samle pedagogressursane vil kanskje ikkje behovet reduserast, men ein får høve til å forvalte ressursane meir fleksibelt og dekke fleire, slik at vi får eit betre, og meir likeverdig tilbod til alle elevane. Eit godt, og likeverdig tilbod må stå særs høgt, når vi no har høvet til å definere ein ny, langsiktig og berekraftig skulekultur for heile Giskeskulen.

Rapportane og saksutgreiinga som arbeidsgruppene har utarbeidd i saka held høg kvalitet og gir eit godt grunnlag til politisk behandling. Den går inn på viktige forhold som har direkte innverknad på opplæringstilbodet. Det utgreiinga ikkje går inn på, er konsekvensane ei skuleflytting kan få for samarbeidet mellom skule og nærmiljø, idrettslag, næringsliv. På Giske og Godøya, til liks med Valderøya og Vigra, er det i dag særs god samhandling mellom slike aktørar og skulane. Slikt samarbeid har mykje å seie for elevtrivsel, alternative opplegg, rekruttering til kultur og idrett m.m. Slike faktorar er altså ikkje vurdert i fagrapportane, og dette er gjort til kjenne i saksutgreiinga. Desse forholda er det opp til politikarane å verdisette i sine vurderingar. Eg vil i dette høvet trekkje fram to viktige samhandlingsprosjekt vi har i kommunen. Giskespelet er den fremste kulturberaren i vår kommune, om ikkje i heile regionen. Samspelet med skulen er heilt unikt, og gir gjensidig verdi både til Spelet og skulen. Det hadde vore ei fin ting om denne samhandlinga også kunne vorte utvida til å inkludere ungane på fleire av øyane. Havung på Godøya har hjelpt mang ein skuletrøytt praktikar frå tung teori på skulebenken. Eit prisverdig tilbod som eg applauderar og som vi håper skal kunne følge ungdommane, om dei framover skal gå på nye Giske ungdomsskule.

Begge desse eksempla kan vidareutviklast, hand i hand med ei skulestrukturendring. Og idrettslaga, som i aukande grad både evnar og kanskje har behov for å samarbeide på tvers av øyane, skal leve i beste velgåande også i framtida.

Uavhengig av kva resultatet av saka vert i Kommunestyret, anten det vert det eine alternativet eller det andre, får det uansett konsekvensar for alle elevane i Giske kommune. Å velje å ikkje gjere noko, vil ikkje berre gi ALLE elevane eit dårlegare opplæringstilbod enn i dag, det vil også gi svekka handlingsrom når nye sparetiltak både neste år og i åra som kjem skal gjennomførast i ALLE rammeområda. Økonomien sin klare tale er uråd for oss i Giske Høgre å mistolke. Det er ein økonomi som ikkje tillet status quo. Strukturendringa er overmoda, naudsynt og er det beste vi kan tilby barna våre. Giske Høgre har derfor både i fagutvalg og formannskap stilt oss bak Kommunedirektøren si godt grunngjevne innstilling, fordi vi meiner det er naudsynt og fordi det er det aller mest forsvarlege, til det beste for barna våre.

(gjengitt i Øyblikk 17. sept. 2020)