«Everyone Hates Britain» eit døme på teori og praksis, hand i hand

Denne veka er det min tur til å skrive innlegg i Øy-Blikk frå Giske Høgre. Var godt i gong med eit innlegg tidleg i veka. Det hadde vore klart for meg lenge at eg ville skrive frå oppvekstfeltet anten barnehage eller skule, eller kanskje begge deler. Innlegget mitt starta slik; «Korleis utvikle ein god skule til beste for borna og samfunnet? Skulen er ein viktig berebjelke for det norske samfunnet og velferdsstaten. Vi må difor ha ein skule som utviklar borna sine talent og gje den einskilde best mogleg utgangspunkt for vidare skulegang og deltaking i samfunn- og arbeidsliv». Mykje ord og lite konkret, kva er dette i praksis?

Som lokalpolitikarar er vi skuleeigar. Eit av måla for ein god skuleeigar er korleis vi som skuleeigarar legg til rette for opplæring med faglege, kulturelle og sosiale kvalitetar som gir elevane meistring, læring og eit godt sjølvbilete i eit helsefremjande miljø der fysisk og psykisk helse inngår som ein naturleg del av heilskapen? Igjen mykje ord, kva er dette i praksis? Denne veka har eg fått oppleve akkurat dette i praksis, nytter høve til å dele den historia med deg.

Som mamma til ein gut i 10.klasse på Valderøy ungdomsskule vart eg denne veke invitert til å kome på musikal; «Everyone Hates Britain» Det ville eg sjølvsagt, kan ikkje gå glipp av slikt. Det er ei årleg hending og tradisjon at heile 10. trinnet går saman for å lage ein musikal på denne skulen, mange av oss har høyrt om det og mange har vore involvert og sett framsyningar gjennom åra. Gjennom samtaler med sonen min dei siste vekene har eg forsøkt å spørje om korleis dei arbeider, kva oppgåver som må gjerast og litt om kva med dei tradisjonelle faga? Vi har snakka ein heil del og eg har skjønt at arbeidet med musikalen har involvert dei fleste faga i konkrete aktivitetar og handlingar. Han sjølv og nokre andre elevar har mellom anna jakta sponsorpengar hjå lokale bedrifter, napp fekk dei og.

Torsdag var dagen for framsyning, det ryktast at premiera onsdag var bra. Eg gledde meg, men kjende at eg ikkje ville la meg imponere på førehand. Ved inngangen sat nokre elevar og ordna ut med betaling og delte ut program. Lekkert program, slik ein får i teateret. Det hadde dei laga sjølve. Salen var rigga med lys, lyd, liveband, utbygd scene, kulissar med meir. Jøss, dette ser heilt proft ut. Herleg stemning inne i salen, foreldre, søsken, besteforeldre, vener, elevar og lærarar i lett og lystig passiar. På slaget kl 18.00 vart vi ønska velkomen av ein elev.

No starta reisa saman med fire vener som har kome saman ein vanleg ettermiddag for å finne på noko. På elegant vis vert vi med dei gjennom ei historisk reise, krydra med snuttar frå ulike musikalar. Skifte mellom dialog, song, dans, musikk og kostymer gjekk heilt upåklageleg. Alt verka nøye planlagt til den minste detalj. Historia i eit historisk perspektiv med godt innhald og fin flyt i dialogen. Dialogen hadde alvor i seg, humor, snert, glimt i auge og jammen var det ikkje kjærleik i lufta og! Elevane bar arbeidet og dei ulike oppgåvene sine med stoltheit og entusiasme gjennom heile framsyninga. Så herleg, for ei framsyning! Alt elevane har fått til i fellesskap saman med lærarane.

Arbeidet med å førebu og gjennomføre ein musikal av slik kvalitet er og rekne som eit prosjekt i til dømes arbeidslivet. Samarbeid, relasjonsbygging, involvering, halde tidsplan, fordeling av arbeid, prioritere, alle skal med, tekst må lagast, kulissar, musikk, song, pugge tekst, øve dans og replikkar, kontakte sponsorar, lage program, kommunikasjonsplan, med meir. Lista er lang og alt dette har desse elevane vore gjennom desse vekene. Skapt noko saman og anvendt teori i praksis. Frå ide til førebuing, systematisk planlegging, gjennomføring og evaluering. For ei erfaring og læring. Elevane har vore med på å løyse ei oppgåve som har involvert mange fag, teknologi, kultur og sosiale aktivitetar og kvalitetar, elevane har meistra saman i eit fellesskap. Tatt i bruk heilskapen og slik budd seg endå litt meir på vidare skulegang og deltaking i samfunn- og arbeidsliv. Ikkje minst vil eg tru dei har skapt seg minne for livet.

Som ein av fleire representantar for skuleeigar i Giske Kommune er eg stolt og imponert over at vi har ein skule med så mange dyktige elever, lærarar, føresette og elles alle involverte som bidreg til å sjå heilskapen av læring. Det er ikkje anten eller, men både og. Praktiske og teoretiske fag og metodar hand i hand, dei styrker kvarandre og gjer læring betre for alle!