Giske kommune mottek midlar mot barnefattigdom

Årets tildeling av Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom er klar. Totalt tildeler regjeringa til saman 193 millionar kroner fordelt over 232 av landet sine kommunar. Dette er ei auke frå fjoråret både i tildeling og i antal kommunar som mottek midlar. Ein av dei kommunane som mottek midlar i år er Giske kommune.

Desse midlane kjem borna som treng det til gode. Somme born skal ikkje kome dårlegare ut enn andre born grunna foreldra sin situasjon. Derfor er vi glade for at regjeringa i år til saman tildeler 193 millionar nasjonalt, og at vår kommune mottek 400 000 kroner av desse midlane. Dette er midlar som kjem dei svakaste til gode, og kan utgjere ein stor forskjell for dei det gjeld, seier Trude Fjærli Giskås i Giske Høgre og Ina Giske i Giske FrP. Giskås og Giske trekk fram gode lokale tiltak som i år har fått tildelt midlar, og understrekar at dette er ein gledens dag.

Til saman er det tildelt 400 000 kroner til tiltak for å motverke barnefattigdom i vår kommune. Dette er ei auke på 50 000 kroner frå i fjor. Av tiltaka som har fått midlar kan det nemnast opne idrettshallar og gymsalar og aktiv ferie. Dette er gode tiltak som vi har god erfaring med frå tidligare, og som har vist seg populære, held Giskås fram. Det er utruleg kjekt at desse tilboda som vart etablert ved førre korsveg kan halde fram, og samstundes forsterkast.

Angår alle

Giske peiker på at det er over 98 000 born som lev i lavinntektsfamiliar i Noreg i dag, og at barnefattigdom er eit problem som angår oss alle.

Mange tenkjer ikkje over at barnefattigdom er stort problem i Noreg i 2017. Likevel er dette noko som angår oss alle. Vi bur alle i lokalsamfunn kor somme born ikkje har dei same mogelegheitene som resten. Derfor er eg utruleg glad for at H/FrP-regjeringa har styrka arbeidet mot barnefattigdom dei siste fire åra. Alle born fortener ein god oppvekst, der dei har mogelegheit til å delta på ulike ferie- og fritidsaktivitetar. Ingen born skal måtte føle seg utanfor, og tenkje at dei ikkje skal få dei same mogelegheitene som resten av klassa, held Giske fram. Giskås og Giske understreker at denne tildelinga kun utgjer eit av fleire tiltak mot barnefattigdom som regjeringa har satsa på, og hevdar at regjeringa deira har satsa på fleire målretta tiltak mot barnefattigdom.


Vi har mellom anna innført rimeligare barnehageplass for familiar med lav inntekt, ei nasjonal ordning med gratis kjernetid i barnehagen for alle born i familiar med lav inntekt frå dei er tre år. Samt høgare skulestipend for ungdom i familiar med lav inntekt. For oss er det viktig at vi fører ein politikk der vi støttar borna på deira eigne premiss til rett tid. Vi er derfor stolt over å representere parti som tek borna på alvor, og soleis investerar i det som er vår felles framtid, avsluttar gruppeleiarane i Høgre og Framstegspartiet.