Inkluderingsløftet

Utanforskap i Norge kjem av anten dårleg helse eller mangel på arbeid eller utdanning. Å styrke det sosiale sikkerheitsnettet er éitt av Høgre sine sju løfter for eit betre samfunn fram mot 2025.  

Høgre i regjering har arbeidd aktivt med målretta tiltak mot utanforskap i det norske samfunnet.  

Dei siste åra har regjeringa auka fødselsstønaden, barnetrygda og bostøtta, den har tredobla tilskotsordninga for inkludering av barn i lavinntektsfamilier, gjennomført integreringsreform og innført inkluderingsdugnaden. Mykje og meir til er gjort. Likevel ser vi stadig behov for fleire nye verkemiddel som kan demme opp for sosial ulikskap og gi mulegheiter for alle. Her er fem eksempel på kva Høgre vil gjere dei fire neste åra: 

  • Gjennomføre rusreforma som sikrar dei rusavhengige hjelp frå helsetenesta framfor straff frå politiet, med særskilt vekt på rask hjelp til dei unge. 
  • Utdanning og arbeid til flyktningar. Tre av fire flyktningar skal vere i arbeid eller utdanning innan eitt år etter avslutta introduksjonsprogram. 
  • Få fleire småbarn inn i barnehage. Gjennom tilpassing av stønadsordningane stimulere til at fleire foreldre vel barnehage for sine barn. 
  • Gjere det enklare å kome inn på bustadmarknaden, ved å viareutvikle leige-til-eige-ordninga, der unge vaksne gradvis kjøper seg inn i bustaden. 
  • Fornye, forenkle og forbetre NAV, slik at dei som er på sitt svakaste i livet møter ei forvaltning som gir den hjelp som trengs, framfor å tappe ein for krefter. 

Eg trur på enkeltmennesket si evne til å rå over eige liv. Staten skal ikkje detaljstyre, men skal heller utgjere eit sikkerheitsnett i dei tilfella det trengs. Norge er av dei landa i verda med lågast sosiale forskjellar. For å halde oss på dette nivået, er det ikkje høgare skattar som trengs, slik venstresida lovar å innføre. Det vi treng er framleis godt fungerande inkluderingsordningar som gir mulegheiter for alle. Vi treng stadig nye, enklare og meir treffsikre løysingar som utnyttar ressursane godt, ikkje meir pengar til staten gjennom høgare skattar. 

Høgre er styringspartiet for alle, ikkje berre for vanlege folk, men for alle. 

Kenneth Langvatn
10. kandidat til stortingsvalet
Møre og Romsdal