Kvam herad 2023 – 2027

Riktige prioriteringar

Som ordførarkandidat vil eg prioritera utøvande stillingar innan oppvekst, helse og eldreomsorg framfor administrative. Kvam Høgre skal fokusere på kjerneoppgåvene for å oppnå betre helse, gode skular og næringsutvikling.

Målet vårt er at Kvam skal kunne tilby bustader til alle innbyggjarar, tilpassa deira behov gjennom livsløpet. Tomter for einebustader er ein prioritert sak for å tiltrekkja barnefamiliar til Kvam. Me skal jobba for ein politisk styrt kommune som skapar tryggleik og gode rammevilkår både for innbyggjarar og næringsliv.

Eg og Kvam Høgre vil òg vera ei stemme for dei i samfunnet vårt som ikkje har ei høg stemme i offentlegheita. Me skal jobba for deira rettar og behov, og sikra at dei får den omsorg og støtte dei treng.

Det viktig for oss å ta samfunnsøkonomiske hensyn ved kommunale investeringar. Me vil sikra at desse investeringane er nøye vurderte og bidrar til ei økonomisk berekraftig utvikling både for kommunen og innbyggjarane våre. Eg og Kvam Høgre vil styrkja den økonomiske styringa av kommunen og sikra at ressursane blir brukte på ein ansvarleg måte.