Ørsta Høgre
Partiprogram
2024 – 2027

Kjære veljar, det er ditt val!

Ørsta er ei god kommune å bu- og vekse opp i, og slik vil vi i Høgre det skal vere også framover. Difor har vi laga eit program som vi meiner har dei beste løysningane for deg som innbyggar. For Høgre er det eit mantra at det skal være moglegheiter for alle. Det gjeld både innan verdiskaping, skule, helsetilbod eller utanforskap, for vi vil at alle skal få ta del med dei føresetnadane ein har.

Ørsta er ei kommune med store moglegheiter, men utan trygge- og attraktive arbeidsplassar,  gode oppvekstvilkår, gode kommunale tenester, utdanning, kulturtilbod og mangfald vil vi ikkje klare oss i konkurransen om å halde på ungdommen og næringslivet.

I Høgre så meiner vi at det er viktig å ha eit stekt næringsliv, fordi det gir verdiskaping og skatteinntekter som gjer at vi kan utvikle gode velferdsordningar. Då må vi ha føreseielege vilkår som står seg over tid, og ikkje bråe endringar i nærings- og skattepolitikken.

Vi er inne i ei tid med store utfordringar innan energi, klima, natur og miljø. I tillegg har vi ein aggressive krig i Ukraina som pregar oss og gir oss ekstra utfordringar med flyktningar som vi må ta vare på. Det utfordrar oss både innan økonomi og beredskap. Det krev ein stødig politikk og god styring av Ørsta. I Høgre meiner vi at vi har den politikken og dei kandidatane som best kan styre oss gjennom dei neste 4 åra.

Du finn meir om kva vi står for i programmet. 

Lykke til, vi vil ha deg med på laget!

Per Are Sørheim, ordførarkandidat

Innhald

Klikk på overskrifta for å lese meir.

Oppvekst og læring

  • Ein meir familievennleg barnehage
  • Ein skule der alle kan lukkast
  • Born og unge skal ha ein trygg oppvekst

Helse og omsorg

  • Det skal vere trygt å bli gammal i Ørsta
  • Andre med helse- og omsorgsbehov
  • Styrk tilbod til dei som slit med psykisk helse og rus
  • Folkehelse

Frivilligheit

  • Kultur, idrett og frivillige organisasjonar

Næring- og samfunnsutvikling

  • Ørsta – regionsenter på søre Sunnmøre
  • Vi er på lag med dei som skaper arbeidsplassar
  • Samferdsel og kollektivsatsingar

Energi, klima og miljø

  • Energi, klima og miljø

Ørsta kommune

  • Ja-kommune
  • Trygg økonomisk styring
  • Betre beredskap gir auka tryggleik
  • Til medarbeidarane i Ørsta kommune