Håvard Øvregård
Bli kjend med kandidaten her.

Bli betre kjend med Håvard!
Bydel: Gamle Oslo
Alder: 51 år
Kva er din bakgrunn og kva eigenskapar vil du trekkje fram ved deg sjølv?
Kom til Oslo i 1994, bur i Kværnerbyen, er gift og har to ungar på ni og elleve år. Har siste tiåra hatt som jobb å få idretten til å betre spegle mangfaldet i Noreg. Gjekk av som lokallagsleiar i Gamle Oslo Høyre i fjor, der eg har hatt ansvar for sju valkampar på Grønland torg. Er både erfaren og nyfiken, og særleg oppteken av at Oslo skal verte betre for dei som ikkje har det så bra.
Kva er dine viktigaste politiske saker?
1) Alle barn skal få delta i fritidsaktivitet. Barn i familiar med dårleg råd skal delta like mykje som andre barn.
2) Betre integrering, med norskkunnskap og arbeidsdeltaking som nøklar.
Kvifor vil du stille til val for Oslo Høgre?
Eg vil kjempe for mangfalds-Oslo, at alle barn og unge skal få eit godt utgangspunkt for resten av livet og for fleire Høgre-veljarar på austkanten.