Budsjettet i fylket: Nye løft for skole, psykisk helse, fylkesveier og frivillighet
Det nye budsjettfleirtalet med H, Ap, Sp, Krf og V aukar midla til samferdsel og opplæring med respektive 31 og 11 millionar kroner i forhold til rådmannen sitt forslag. I tillegg vert det sett av 6,2 millionar meir til kultur, frivilligheit og næringsutvikling.
Gruppeleiar Ole Ueland i Høgre er glad for at partiet har kome til einigheit med dei andre fleirtalspartia om budsjettet for 2022, og perioden 2022-2025.
–Høgre er eit konstruktivt parti som tar ansvar når det er nødvendig, og det gir gjennomslag for god politikk. Me er glade for å ha oppnådd einigheit om eit godt budsjett for Rogaland, seier Ole Ueland (H).
Auka ramme til fylkesveger
Rammen for drift og vedlikehald av fylkesvegar aukes med 10 millionar.
–Etterslepet innan vedlikehald av fylkesvegar må reduserast. Derfor er det bra at budsjettet sett av auka middel til vedlikehald og oppgradering av fylkesvegnettet, og at ein framover også skal auka fokuset på trafikksikkerheit, seier Ueland.
5 millionar meir til psykisk helsetiltak
Fleirtalet setter av auka middel til psykisk helsetiltak i skulen.
–Me ser elles at stadig fleire unge slit psykisk, og me har eit spesielt ansvar for elevane i våre vidaregåande skular. Det er derfor bra at det er sette av 5 millionar årleg i auka middel til å følga opp elevar som slit, seier Ueland.
Meir til kultur, frivilligheit og næringsutvikling
I aukinga ligg det mellom anna tilskot til Jæren friluftsråd for ny lastebil til strandrydding, auka driftstilskot til Dalane folkemuseum, auka støtte til Vestnorsk Jazzsenter, nytt tilbygg til flyhistorisk museum på Sola og meir til regionale idrettsanlegg.
–Høyre har lenge jobba for å auke potten til regionale idrettsanlegg for å redusere etterslepet på utbetalingene. Det er gledeleg at vi får til dette i budsjettet i tillegg til å gi meir tilskot til mange gode tiltak, seier Ueland.
Nokre konkrete satsingar i 2022-budsjettet:
- Rehabilitering og utviding av Godalen vidaregåande skule fortsett for fullt i 2022. Totalt blir det sette av 194,6 millionar til prosjektet neste år. I tillegg er det lagt inn store beløp til oppgraderingar og nybygg på dei vidaregåande skulane Haugaland, Hetland, Skeisvang, Sola, St. Olav, Ølen og Åkrehamn.
- Det blir i planperioden sette av middel til utvidinga av Flyhistorisk museum på Sola.
- Tilskota til Dalane folkemuseum Jøssingfjord og Vestnorsk jazzsenter vert også auka, og det blir sette av pengar til Friluftsrådet vest sitt friluftshus.
- I tillegg får Jæren friluftsråd middel til ny lastebil, og det blir ei generell prisjustering for alle friluftsråda. Dette gjer mellom anna at Jæren friluftsråd kan fortsetja det gode arbeidet med å rydda strender og friluftsområde for søppel.
- For Flyhistorisk museum på Sola betyr 1,5 millionar frå fylkeskommunen at prosjektet er fullfinansiert at og bygginga kan komma i gang.
- Det har vore eit stort etterslep i utbetalingar av fylkeskommunalt tilskot til regionale idrettsanlegg, noko som fører til at mange må venta i fleire år på å få utbetaling, samtidig som det ikkje har vore mogleg å gi støtte til nye anlegg. No blir det tatt eit skippertak med auka utbetaling i 2022, slik at køen og ventetida blir redusert med fleire år.
- Fleirtalspartia løftar gang- og sykkelvegen frå Leidland til Skadberg langs Fv. 65 Ytstebrødvegen på Nordre Eigerøy tilbake i budsjettet med 10 millionar kroner allereie frå 2022 slik at arbeidet med den etterlengta gang- og sykkelvegen kan starta. Det vert deretter sette av 38 millionar i 2023, 10 millionar i 2024 og 55 millionar i 2025 for å fullføra prosjektet.