Politikk

Klepp Høyre vil føra ein konservativ framstegspolitikk bygd på det kristne kulturgrunnlaget, rettsstaten og folkestyret, for å fremja personleg frihet og sosialt ansvar, medbestemmelse og eigedomsrett og eit forpliktande nasjonalt og internasjonalt samarbeid.

Våre hjertesaker

Muligheter for alle

Klepp skal vere ein attraktiv plass å vekse opp, bu og arbeide i. Det skal vere muligheter for alle i eit varmt og inkluderande samfunn med omsorg for dei som treng det. Kleppskulane skal gi alle mulighet til å utvikle sine sterke sider.

Landbruk og næring

Klepp Høyre er opptatt av at me må ta vare på matjorda, og skal vere det partiet som strekk seg lengst for å lytte til matprodusentane og bringe utfordringane vidare. Me vil arbeide for at det skal vere nok næringsareal til at bedrifter kan etablere seg og utvide.

Kultur, idrett og fritid

Klepp Høyre vil heie fram og støtte alle dei frivillige i Klepp. Økonomisk situasjon og sosial bakgrunn skal ikkje hindre nokon i å delta og bidra.

Robust kommuneøkonomi

Klepp skal ha ein robust og sunn kommuneøkonomi. Me skal fortsatt ha låge kommunale avgifter gjennom effektiv drift av kommunen. Klepp Høyre vil ikkje pålegge innbyggarane eigedomsskatt.

Se hva vi jobber med gjennom vårt partiprogram

Klikk deg inn på de ulike kapitlene for å lese hva vi jobber med. 

Klepp Høyre er stolte over at me tok initiativ til «fast track» for næringslivet. Nå prioriterer byggesaksavdelinga i kommunen søknader som gjeld å oppretthalde eller etablere nye arbeidsplassar. Me vil arbeide for at det skal vere nok næringsareal til at bedrifter kan etablera seg og utvide.

Me vil arbeide for:
• At næringslivet skal ha forutsigbare rammevilkår
• At kommunen legg til rette for nye arbeidsplassar
• At næringslivet skal ha rask saksbehandling
• At utvikling, innovasjon og vekst i næringslivet skal heiast fram av kommunen
• At Klepp kommune må ta større ansvar for å legge til rette for auka turisme
Me vil arbeide for:
• At Klepp kommune skal ta vare på matjorda
• Effektiv arealbruk gjennom å byggje i høgda og fortette både når det gjeld næring og bolig
• Me vil ta minst mulig jord ved bygging av vegar og sykkelstiar
• At Klepp kommune må ta ei aktiv rolle for å utarbeide ny mal for minimal arealbruk ved bygging av infrastruktur
• At Klepp kommune skal støtte opp om eit aktivt landbruk
• At Klepp kommune skal støtte utvikling, innovasjon og vekst i landbruket
• At landbruket må ha forutsigbare rammevilkår
• At Klepp kommune skal støtte opp om satsing på jærsk kvalitetsmat
 
Klepp Høyre vil at kommunen skal oppretthalde trykket på fylkeskommunen
for eit godt kollektivtilbod. Me vil arbeide aktivt for å løyse utfordringane med samferdsel i kommunen.

Me vil arbeide for:
• Å løyse utfordringane med trafikkavviklinga på Orstad og Kåsen
• Dobbeltspor heilt til Egersund med korresponderande matebuss
• Parkering for bilar og sykkelgarasje ved jernbanestasjonane
• At det må byggast meir gang- og sykkelvegar for å trygge skulevegen for ungane våre
 
Me vil arbeide for:
• Å opparbeide fleire «grøne lunger» der folk bur og møtes
• Å etablere ladestasjonar ved friluftsområder
• Å følge opp vedtaket om å satse på førarlause bussar når teknologien og lovverket er på plass
• Å stimulere innbyggarane til å redusere bilbruken
• At alle nye kommunale bygg skal vere klimanøytrale
• Kommunen skal gå føre med eit godt eksempel både når det gjeld forbruk av plast og emballasje og matsvinn
• Klimaplanen må brukast aktivt til å redusere klimautslepp i kommunen
Klepp Høyre er opptekne av at ungdommen skal kunne kome heim frå studiar og bu i si eiga bygd. Likeeins at dei som overlet garden til yngre generasjonar skal kunne bu i leilighet i eiga bygd om dei vil det. Det må vere rom for utvikling av bygdene i Klepp.

Det er viktig at ungane i Klepp lærer å meistre livet. Me har alle ei psykisk helse, og Klepp Høyre er opptatt av at dei som treng hjelp blir oppdaga og får hjelp så tidleg som mulig. Me er stolte av å ha fått innført mål om at 50% av dei vaksne i barnehagane er utdanna pedagogar.

Klepp Høyre vil arbeide for betre resultat i skulen og stiller m.a. spørsmål som: Treng me lekser? Og må leksene gjerast heime? Klepp Høyre meiner me må vera villige til å sjå på nye løysningar.

Me vil arbeide for:

Oppvekst
• At Klepp skal vere ein aktiv og trygg kommune å vekse opp i
• At ungane våre skal ha trygge og inkluderande oppvekstmiljø
• Mobbing er ikkje akseptabelt. Kommunen må ta kraftig tak i arbeidet mot mobbing
• Å opprette eit mobbeombod
• At det skal vere gode overgangar frå barnehage til og med vidaregåande
• At ungane i Klepp skal ha trygge skulevegar og gode uteområde for meir aktiv leik
• At helsestasjon, skulehelsetenesta, PPT og barnevernet må arbeide endå tettare i hop til beste for ungane.
• At alle desse tenestane skal vere lette å koma i kontakt med, og opplevast som trygge og tydelege medhjelparar
• At kommunen må jobbe meir med å redusere barnefattigdom
• Gode og varierte fritidstilbod

Barnehage
• At det må bevilgast pengar for å oppretthalde målet om 50% utdanna pedagogar i barnehagane
• Tilsette i barnehagane i Klepp viser stor vilje til å vidareutdanne seg. Kommunen må fortsatt tilby denne muligheten til så mange som mulig.

Skule
Me vil at elevane skal oppnå endå betre resultat i skulen. Då meiner me dette trengst:

• Lærarane i Klepp viser stor vilje til å vidareutdanne seg. Kommunen må fortsatt tilby denne muligheten til så mange som mulig.
• Innføre felles sunn og god skulefrukost eller lunsj på alle skular
• Kommunen må ta i bruk tiltak for å redusere kjønnsforskjell i læringsresultata
• Arbeide for at alle skulane i Klepp skal bli sertifisert dysleksivenlege

Ungdom
• Det må vere eit mål at alle elevar i Klepp skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring inkludert læretid
• Klepp kommune skal fortsatt vere pådrivar for at bedriftene i kommunen tek inn lærlingar
• Kommunen skal alltid ha to lærlingar per tusen innbyggjarar
• Kommunen må i samarbeid med foreldre, ungdom, politiet og andre gjere alt som er mulig for å forebygge at ungdom fell utanfor
• Kommunen må jobbe aktivt i samarbeid med foreldre, ungdom, politiet og andre mot rusmisbruk blant unge
Klepp Høyre vil heie fram og støtte alle dei frivillige i Klepp. Det blir utført fantastisk mykje frivillig arbeid i idretten, friluftslivet, kulturlivet og frivillig-sentralen. Økonomisk situasjon og sosial bakgrunn skal ikkje hindre nokon i å delta og bidra. Den siste perioden har me sett i gang planlegging av ny idrettshall på Bore, ny idrettshall og turnhall i Varheia, ny gymnastikkhall ved Kleppeloen og nytt folkehelseanlegg i Kleppe sentrum.

Me vil arbeide for:
• Gode friluftsområde og turløyper for aktivitet nær der folk bur
• Breitt kulturtilbod
• Utvikling av samarbeid mellom kommunen og frivillige organisasjonar
• At Klepp kommune får den «råaste» aktivitetsparken i landet
• At symje- og idrettshallar skal vere opne i feriar og på fridagar
• Kajakkanlegg på Klepp Stasjon
• At kommunen må sikre areal til fritidstilbod på Engelsvoll/Klepp Stasjon
• Badeplass i Frøylandsvatnet
• Tursti langs Figgjoelva frå Foss-Eikeland til Bore
• Bru over Orre-elva på sjøsida av vegen
• Å prioritere å nedbetale kommunen si gjeld til lag og organisasjonar
 

Klepp Høyre ønsker eit mangfald innan velferdstenestene, skapt i eit samspel mellom brukarar, pårørande, frivillige, private og kommunen. Skader og sjukdom må i minst mulig grad begrense eit aktivt og rikt liv. Kommunen må møte innbyggarane sine individuelle
behov med spørsmålet: «Kva er viktig for deg?» Kombinasjonen av omsorg og tekniske/digitale hjelpemiddel er viktig for at me skal kunne leve våre eigne liv.

Me vil arbeide for:

• At alle har eit aktivt liv og klarer seg sjølv best mulig. Vi kaller det «Leve heile livet»
• Livskvalitet gjennom aktivitet og meistring
• Auka satsing på førebygging og rehabilitering
• Brukarar og pårørande må få ta aktiv del i utforming av tilbod
• Samarbeid med andre kommunar for stadig utvikling av gode tenester
• Nytenking, forenkling og meir bruk av velferdsteknologi i lag med varme hender
• Gode fleksible tenester som endrar seg i takt med brukarane sine behov
• Å legge til rette for at flest mulig i omsorgssektoren jobber heiltid. Dette er for innbyggjarane sitt beste. Heiltid gir meir ro, med færre folk å forhalde seg til.
• No som det er vanleg å ete middag på ettermiddagen, så må folk få fortsetje med det sjølv om dei kjem på sjukeheim.
• Sansehagen inni Sirkelen må gjerast brukande ved å byggje for eksempel glastak over
• Legevakt i Klepp eller Time
• Jobbe aktivt i lag med politiet for å beskytte innbyggarane mot kriminalitet
• Det må setjast av plass til gravplass for Orstad i kommuneplanen.

 

Eller last ned vårt program her