Vi trur på Sande

Vi i Sande Høgre har i programmet vårt synleggjort kva vi meiner er viktig for Sande kommune dei komande fire åra.

Gjennom sju hovudpunkt seier vi kva vi går til val på, og korleis vi ser føre oss å oppnå det vi går til val på. Vi legg stor vekt på kvalitet og valfridom, der tillit til enkeltmennesket står heilt sentralt.

Det er mykje positiv som har gått føre seg dei siste åra i Sande kommune. Der vil alltid vere utfordringar å ta tak i, men vi har trua på Sande, og at vi i felleskap skal finne gode løysingar. Les gjerne litt om dei punkta vi listar opp under politisk rekneskap.

Programmet kan lastast ned via link på denne sida, i tillegg vert det distribuert til alle i Sande kommune via posten.

Ikkje nøl å ta kontakt med nokon av oss om du lurer på noko. Vi vert også tilstade rundt omkring i kommuna dei to neste vekene, så stopp gjerne opp og ta ein prat om du ser oss!