Svært bra valresultat for Sande Høgre

Vi er svært takknemlege for at veljarane igjen har stemt fram Sande Høgre til å verte det største partiet i Sande kommune. Teljing av personstemmer står igjen, og det endelege valresultatet er venta i ettermiddag kl 17:30. Vi er i samtalar med ulike parti for vurdering av samarbeid, og slik vi ser det er det framleis heilt ope korleis den politiske makta vert sjåande ut dei komande fire åra.

Etter fyrste runde med teljing er Høgre inne med 8 mandat. Dette er opp eitt mandat frå sist val. Sistemandatet står i spel mellom Høgre, Frp og Sp. Slengarstemmer og siste oppteljing av førehandsstemmer kan vippe det hit og dit. Det vert også spanande å sjå kven veljarane har stemt fram til å sitje i kommunestyret. Alt dette skal vere klart i ettermiddag.

Utover kvelden og natta er det store mulegheiter for at det vert forhandlingar både her og der. Det er mange posisjonar som skal forhandlast om, og det er mange valtekniske matematiske utrekningar som skal gjerast. Vi er opne for samarbeid med fleire, og vi har god tru på at vi skal finne ei løysing der Dag Vaagen får halde fram som ordførar i fire nye år.

Igjen; tusen takk til alle som har stemt på oss!