Finst det lys i (Etne-)tunnellen?

Me får ingen Etne-veg om me held fram med å vera oss sjølve nok. Til det er tunnellen for dyr og saudabuane for få. Me må tenka større!

Det burde eigentleg vera vår tur no. Me har kjempa for heilårsveg austover i generasjonar, ja, i 150 år hevdar somme. Me var der nesten i 1939 med Slettedalsvegen, men så blei verda opptatt med andre ting og brått var toget gått.

Utan tilgang privat kapital kan ein jo undrast om me i det heile hadde hatt vegar til Sauda. Fv 520 Sauda-Ropeid trong dollar-lån for å komma heilt fram og Røldalsvegen med same nummer blei for ein stor del bygt av private interesser. Offentleg-privat samarbeid, OPS, fanst i Sauda lenge før omgrepet var funne opp…

Det var ingen som venta på tur då. Og det er ingen som tenker slik i dag heller. Det som gjeld, er å overtyda rette styresmaktene om kor fortreffeleg Etne-tunnellen er. Spørsmålet er berre korleis.

Åleine er ein liten
Politikk handlar mykje om alliansar. Suldal allierte seg med Sauda og fekk brua si. Avtalen om å hjelpa einannan var verken hogd i stein eller skriven på papir, så Suldal viste ikkje same støtta i vårt arbeid med etnevegen. Dei kan knapt klandrast. Med milliard-etterslep langs heile RV13 er det forståeleg at suldølane har nok med sitt eige. Særleg om ein tar med i reknestykket at etnevegen saman med sandsfjordbrua kunne utfordra heile riksvegstatusen i Bratlandsdalen.

Stikkordet er likevel alliansar. Og Sauda treng mange på laget dersom me skal få veg til Etne.

Catch 520
Finansieringa av holet, som etter nye berekningar har passert 2 milliardar kroner i pris, er naturleg nok den store bøygen. Ikkje berre er det dyrt, me fell mellom to stolar, eller meir presist, me treff ikkje den eine og er for tunge for den andre. Etter at FV 520 mista riksvegstatusen, er det ikkje muleg å få tunnelprosjektet inn i Nasjonal Transportplan. Dermed må ein setta sin lit til dei regionale planane, ATP-ane (Areal- og Transportplan). Problemet her er berre at desse blir finansiert av fylkeskommunen. Med eit samferdselsbudsjett på drygt 300 millionar kroner, som heile fylket naturleg nok vil ha sin del (og vel så det) av, seier det seg sjølv at det er krevjande å gå inn for så tunge prosjekt. Per i dag er tunnell Etne-Sauda med som eit vedlegg til ATP Ryfylke. Det er betre enn ingenting – men ikkje så mykje. Uansett verkar me å vera avhengige av eit nasjonalt bidrag for at det skal vera realisme i prosjektet.

Så, kva gjer me?
Først og fremst må me slutta å vingla! Trass i at kommunestyret har sagt at det er Etnevegen eller ingenting, snakkar saudafolk enno om hylsfjordveg, slettedalsveg, nordstøldalsveg og tunnellar til Bratlandsdalen og Røldal. Dette er noko av årsaka til at me etter 150 år enno ikkje har fått ein betre heilårsveg austover. Me må samla oss om valet me har gjort og stå for det!

Neste punkt på agendaen bør vare å få både siddisar, jærbuar, hardingar og ryfylkingar til å sjå nytta i Sauda-Etne-sambandet. Med lang røldalstunnell på trappene og store pågåande veg- og tunnellprosjekt langs E134 i både Telemark og Buskerud, vil «vårt» prosjekt bli ei viktig tilførselsåre til hovudpulsåra mellom aust og vest. Ja, for mange jamvel den beste reiseruta. Dei veit det gjerne ikkje enno, men det kan me gjera noko med.

Me er dessverre for få her inne til å få gehør i tigerstaden. Ja, så får me gjera noko med det og. Sauda må på friarferd og her snakkar me fleirkoneri! Slå saman Sauda, Odda, Etne, og deler av Vindafjord. Ja, Suldal kan òg få vera med, om dei vil spela på lag…. For ein solid kraft-, industri-, turisme- og landbrukskommune me ville fått!

Så må me gå i forhandlingar med fylkeskommunen. Kor mykje kan me få i fylkesbidrag til finansiering dersom me gir frå oss hurtigbåten og får dei sparte subsidiane til tunellbygging? Det er mykje å spara på å stoppa båten på Ropeid, for ikkje å snakka om Jelsa… Det går an å køyra buss dit!

Sauda har for lenge sidan sagt at me ønsker oss ein Etne-tunnell. Etter nokre tiår utan meir resultat enn ein reguleringsplan i kvar ende, synest tida å vera overmoden for å endra taktikk. Me må visa kor sterkt ønsket vårt står, kor langt me er villige til å strekka oss, kva me er villige til å satsa og til slutt vurdera kor mykje kamel me kan tola å ha på menyen i kampen for ei etterlengta vegutløysing.

Sauda Høgre
Knut Atle Seim, leiar