Høgre skapar pasienten si helseteneste

I 2015 innførte regjeringa pakkeforløp for kreftpasientar. Tal frå årets fire første månader viser at 78 prosent av alle nye kreftpasientar no er i eit forløp og at 70 prosent av desse blir behandla innanfor tilrådd maksimal forløpstid.

Tidlegare har kreftpasientar ofte måtte forhalda seg til mange ulike personar i helsevesenet og gjerne gjenta sjukdomshistoria si mange gonger. Dårleg koordinering auka også dødsrisikoen, jamfør ei risikokartlegging gjort i 2011. Årleg opplever 30.000 nordmenn å få ein kreftdiagnose. Meir enn 200.000 av oss lever med kreft. Pakkeforløpet gir pasienten ein slags billett gjennom helsesystemet. Dette betyr at reiseruta er klar. Ein veit kva du skal gjennom, når og kor. Og ein får med deg ein pasientkoordinator som reiseleiar! Pasientar og familiar som alt er i ein vanskeleg situasjon skal ikkje få det verre på grunn av manglande informasjon, kommunikasjon og uforutsigbarhet. Dette skal ein sleppa å uroa seg for når ein har fått ein kreftdiagnose.

Heilt heim
Sjølv om måloppnåinga er god, kan ein ikkje vera fornøgde før alle nye kreftpasientar opplever å bli godt ivaretatt av helsevesenet vårt. Parallelt med at ein arbeider med å oppnå betre måloppnåing innan dei 28 ulike pakkeforløpa, vil ein utvida forløpet til å vara heilt heim. Høgre ønskjer derfor nå å gi Helsedirektoratet i oppdrag å utarbeida eit pakkeforløp som inneheld rehabilitering og oppfølging i kommunane og i NAV for kreftpasientar som er ferdigbehandla eller som skal leva med ein kreftdiagnose.

Fleire pakkar på veg
Pakkeforløp for kreftpasientar er alt no ein suksess og framstår som eit langt steg i retning pasienten si (i motsetnad til systemet si) helseteneste. I 2018 kjem derfor åtte ulike pakkeforløp innan psykisk helse og rus på plass og fleire innan same område følgjer i åra etter. Høgre vil vidare arbeida for å få på plass pakkeforløp for utmattingssjukdomar og for smerte-, muskel- og skjelettlidingar. Å få hjelp når ein treng det er viktig for både tryggleik og livskvalitet. Det viktigaste i helsetenesta er ikkje systemet, men pasienten. Behandlingsapparatet må byggast opp rundt dette. Det er derfor Høgre ønskjer pasienten si helseteneste.

Godt val!