Høgre ønskjer meir småkraft

Distrikts-Noreg, og særleg Vestlandet, har enno store, ubrukte vasskraftressursar. Det er god distriktspolitikk å gjera det lettare å foredla desse ressursane.

I juli var Rogaland Unge Høgre på rundreise til alle fylkets 26 kommunar. Under sitt besøk i Sauda stod særleg vasskraft og spesielt småkraft sentralt, mellom anna med besøk i Mosbakka kraftverk.
— Noreg har eit stort, uforløyst potensiale i form av småkraftutbyggingar. Dette er svært interessant både i eit næringsmessig og i eit miljømessig perspektiv, seier Aleksander Stokkebø, ungdomskandidaten frå Stavanger som står på femteplass på Rogaland Høgre si liste til det komande stortingsvalet. Saman med fjerdekandidat Margret Hagerup frå Time var han med i delegasjonen som besøkte Sauda og Sauda Høgre.

Verdiskaping
Dersom alle småkraftverka som har fått konsesjon blir bygt, vil dei i løpet av si levetid bidra med 56 milliardar kroner. I tillegg vil dei auka sysselsettinga med 13000 årsverk. Dette kjem fram i ein rapport Thelma Consulting har utarbeidd på vegner av Småkraftforeninga. Eit gjennomsnittleg småkraftverk bidrar med fem millionar kroner i eigedomsskatt og 28 millionar i falleige til lokale grunneigarar. Hovudtyngda av dei urealiserte småkraftverka ligg på Vestlandet.
— Småkraft er distriktspolitikk! Dei aller fleste småkraftprosjekta ligg i distrikts-Noreg. Med bakgrunn i både eigedomsskatt og sysselsettingseffektar, spesielt i byggefasen, har småkraftutbyggingar mange positive ringverknader i et lokalsamfunn. Småkraft er også god landbrukspolitikk, da bønder er grunneigarar i mange potensielle småkraftprosjekt. Høgre er opptatt av god ressursutnytting i landbruket, og vasskraft er absolutt ein ressurs som kan tas meir i bruk, meiner Stokkebø.

Krevjande rammer
Da dei grøne el-sertifikata for småkraftverk på inntil 10 MW blei innført i 2012, blei alle verk som var påbegynt mellom 2004 og 2008, med effekt på 1-10 MW, halde utanfor ordninga. I 2014 tok regjeringa Solberg initiativ til å rydda opp i dette, og frå 01.01.2016 blei til saman 240 småkraftverk frå dette tidsrommet tilslutta den svensk-norske marknaden for el-sertifikat. Denne ordninga skal imidlertid fasast ut fram mot 2035.
— Utbygging av småkraft og vasskraft er avhengig av forutsigbare rammevilkår; det må me sørga for. Me må òg ha ordningar som gjer det lettare å utvikla eksisterande og nye kraftverk, og sørga for at det er enkelt å kopla den produserte straumen på nettet, forklarer ungdomskandidaten vidare.
Det er ikkje uvanleg at lokale styresmakter og staten via Fylkesmannen er ueinige i saker som gjeld utbygging av ny kraft. Stokkebø er ikkje ukjend med problemstillinga, og ser at kommunane nok kan oppleva dette som krevjande.
— Me må ha ei pragmatisk tilnærming for tildeling av konsesjonar, der dei positive konsekvensane for distriktsarbeidsplassar, verdiskaping og klima, konkluderer han, og legg til:
— Vasskrafta er ein fantastisk ressurs, noko som er kraftig underkommunisert i den norske energidebatten. Me snakkar om ein fornybar, evig ressurs. Eit småkraftverk gir grøn energi i 100 år, minst, og det med relativt små naturinngrep!

/Bildetekst: PÅ SAUDABESØK: Margret Hagerup (4. plass) og Aleksander Stokkebø (5.plass, t.h.) frå Rogaland Høgre si liste til det komande stortingsvalet fekk ei solid innføring i småkraft under sitt Sauda-besøk i juli. Her avbilda under sitt besøk i Mosbakka kraftverk saman med Knut Atle Seim (t.v) og Dagfinn Birkeland frå Sauda Høgre På agendaen stod også Sauda si satsing på heilårsturisme, med besøk i Svandalen og på golfbanen. (Foto: Even Hallås, RUH).