Ja til Sauda!

Debatten om kommunereforma verkar så langt ikkje å ha engasjert saudabuen nemneverdig. I alle fall ikkje i det offentlege rom. Det er både synd og urovekkande. I ei sak som, uansett utfall, vil kunna få store konsekvensar for oss som bur her, er det no tida og høvet er her for å stilla dei viktige spørsmåla og ytra si meining.

Kommunereforma handlar om framtida vår. Og ikkje minst; om korleis me skal rigga oss for å kunna gi innbyggarane i Sauda gode tenestetilbod i åra som kjem. Me veit me står overfor enorme utfordringar dei kommande tiåra, mellom anna med monaleg fleire som treng helse- og omsorgstenester, færre personar i arbeidsfør alder til å utføra tenestene og færre skattytarar som skal betala gildet.

Sauda Høgre meiner Sauda vil vera betre rusta til å møta desse utfordringane som ein del av ein større kommune. Me meiner ei større eining vil legga til rette for sterkare fagmiljø og større utviklingsmulegheiter, for betre rekruttering av kritisk kompetanse og for finansiering av tenestene. Me vil også vera betre rusta til å overta ansvaret for oppgåver som staten vil overføra til kommunane jamfør ei ny lovproporsjon som er venta i 2017.

Kommunereforma handlar ikkje først og fremst om kommunesamanslåingar, slik ein gjerne kan få inntrykk av. å redusera talet på kommunar vil imidlertid gjera det muleg å flytta ressursar frå administrasjon og politisk leiing til tenesteyting samanlikna med i dag. Ein vil også oppnå andre stordriftsfordeler – som igjen frigjer midlar til tenesteproduksjon. Dette er god ressursforvalting, slik Høgre ser det. Det kunne forresten vera interessant å høyra litt om korleis motstandarane av ei eventuell kommunesamanslåing meiner Sauda skal løysa framtidas utfordringar. Spesielt med 2000-talets stramme kommuneøkonomi, med årlege budsjettkutt og fleire år med drift i minus, som bakteppe…

Mange av tenestene som ein kommune utfører er av ein slik art at det ikkje speler så stor rolle kor i kommunen dei blir utført. For andre tenester, er situasjonen heilt motsett; ein er heilt avhengig av å ha folk til stades på kvar enkelt lokasjon for å kunna ivareta tenestemottakarane. Høgre sitt standpunkt om at det er for langt å reisa til ei legevakt i ølen står derfor fast.

Det er naturlegvis mykje som er uavklara på eit slikt punkt i ein kommunereformprosess som me er i per i dag. Før ein forhandlar om konkrete ting, må det avklarast om fleirtalet i kommunestyret i det heile ser mon i å gå i kompaniskap med ein eller fleire av nabokommunane. Og, sjølvsagt, om interessa er gjensidig.

Ein ting som likevel er heilt sikkert, er at Sauda kjem til å vera Sauda også i framtida, same kva kommune me høyrer til.

Knut Atle Seim,
Gruppeleiar
Sauda Høgre