nnKan fordelane med ei samanslåingnovergå dei geografiske ulempene?

Korleis skal me sikra gode tenester for innbyggarane våre også i framtida? Klarer meoss best om me står åleine, eller vil tilhøva ligga betre til rette om me blir ein del av ein større kommune?

Denne våren skal Sauda kommune ta stilling til om einønsker ei samanslåing med Etne, Suldal og Vindafjord. Kva konsekvensar vil eislik samanslåing kunna få?

Noko veit me. Noko blir i beste fall kvalifisertgjetting. Og så vil det alltid dukka opp uføresette saker undervegs. Frå denfelles utgreiinga som er gjort kan ein mellom anna trekka følgande:

Positive følgjer av ei samanslåing

Negative konsekvensar/utfordringar

ü Større attraktivitet som arbeidsgivar

ü Betre teneste- og utviklingsmiljø

ü Styrka fagmiljø/samla kompetanse

ü Større politisk gjennomslagskraft

ü Betre grunnlag for breiare fagleg kvalitet og for betre kvalitetsutvikling

ü Færre habilitetsulemper

ü Forenkla/betra arealplanlegging

ü Betre vegplanlegging

ü Stordriftsfordeler (både administrativt og politisk)

ü Fleire oppgåver til lokale styresmakter av ein viss storleik = arbeidsplassar[1]

ü Meir effektiv ressursutnytting jfr. tildeling av nye oppgåver

ü Betre rusta til å ta imot utskrivingsklare pasientar

ü Demensopprusting

ü Betre rusta til å handtera eldrebølga

ü Meblir nynorskkommune!

ü Mindre næringsmessig sårbarhet

ü Meir fokus på primærnæringane (les: landbruk

ü Større avstand mellom innbyggarar/administrasjon/politisk leiing

ü Større opplevd distanse mellom innbyggarar/administrasjon/politisk leiing

ü Ombudsrolla blir utfordra[2]

ü Geografi; reisetid

ü Identitet

ü Avstand mellom tenesteytar og beslutningstakar

ü Harmonisering av tenestenivå

ü Lokalisering og samordning av tenestetilbod

ü Gjennomføring av endringa av administrativ/politisk organisering

[1] Jfr. Møreforsk sin konklusjon om at oppgåver må leggast til lågastmuleg nivå og at ansvaret for oppgåver som føreset lokal kjennskap bør leggasttil region eller kommune. (Lovprop. Venta i 2017)

[2] I og med at dei tre andre kommunane har utvalsmodell, vil ei vidareføringav fleirtalet sine styringsorganisasjonar også kunna opplevast som ei styrkingav ombudsrolla i Sauda.

økonomi pluss

økonomi minus/uklart

ü Beheld inndelingstilskot som 4 kommunar i 15 år; deretter 5 års nedtrapping

ü 45 MNOK eingongsstønad

ü 20 MNOK reformstøtte

ü 13 MNOK årleg i auka konsesjonskraftinntekter

ü Stordriftsfordeler adm/pol; 5-6 MNOK årleg

ü Pluss i våre konsesjonskraft-inntekter=minus for FK à mindre tilskot frå fylket?

ü Bortfall av inndelingstilskot etter 20 år krev effektivisering tilsvarande 20 MNOK per i dag. (2 MRD budsjett?)

Uavklarte saker:

ü Ulik eigedomsskatt i dei fire kommunane

ü Politisk organisering?

ü Status gjeld kontra vedlikehaldsnivå bygningsmasse?

ü Konsekvensar av nytt inntektssystem?

ü Namn?

ü Arbeidsplassar/avstandar/administrasjon/lokalisering

ü Arbeidsgivaravgiftssone?

Velferd- ogframtidsreform

Den pågåande kommunereforma er først og fremst eivelferdsreform.

Måla er å rigga kommunane for å vera best muleg rustafor å gi innbyggarane gode og likeverdige tenester, å legga til rette for eimeir heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, å sikra bærekraftige, økonomiskrobuste kommunar og å styrka lokaldemokratiet.

Kommunereforma handlar om framtida og om korleis meskal sikra gode tenester til innbyggarane også i framtida. Me veit omutfordringar som ligg føre oss, men me veit ikkje korleis me best kan løysadei! Enno… Men mange av vala me gjer i dag, vil få konsekvensar i lang tidframover.

Det erpolitikarane si oppgåve å sjå det store biletet og å tenka strategisk, logiskog langsiktig. Det er dette som er politisk leiarskap.
Samstundes har politikaraneei ombudsrolle; ein handlar på vegne av veljarane.
Kva tenker saudabuen omframtida til kommunen? Klarer me oss best sjølv, eller er me best tent med åbli ein del av ein større kommune?

Andre moment:
ü Kommunereforma i Danmark i 2007 (270à98 kommunar,20000à55000 innbyggarar i snitt per kommune) hadde mykje av dei same målasom den norske. Den har styrka kommunane fagleg og økonomisk; men ein ser utfordringarmed lokaldemokratiet. Likevel har einoppnådd større politisk gjennomslagskraft; kommunane er ei reell motvekt tilstaten.

ü Forsking viser at den enkelte si haldning til eieventuell kommunesamanslåing kjem an på den enkelte si
oppfatning om kva som erbra for eigne, materielle interesser (jfr. samanslåingsprosessar i Noreg på 2000-talet)

Slik går kommunereformprosessane i Noreg (Kommunal rapport)