Ulstein som «ja-kommune»

Vårt mål er å framstå som ein kommune som raskt og effektivt behandlar innbyggarane og næringslivet sine søknader, og som imøtekjem innbyggjarane sine behov så langt som mogleg. Kommunen skal ha stort fokus på service og levere tenester på ein profesjonell og effektiv måte. Kommunen skal ha stor grad av openheit og sikre den einskilde sin rettstryggleik.

Ulstein Høgre vil arbeide for:


• OPS (Offentleg og privat samarbeid) Samarbeid med private der dette gir innbyggjarane betre tilbod
• Innovasjon og utvikling, endringsvilje og utprøving
• Betre tilgjenge til kommunen ved enda meir elektronisk kommunikasjon med innbyggjarane
• Tilbod om kurs og bistand for bruk av digitale tenester
• At all kontakt mellom innbyggjarane, næringslivet og kommunen skal kunne skje digitalt med auka grad av sjølvbetjeningsløysningar og automatisering
• God styring av økonomien i kommunen
• Sterkare styring av kommunale utbyggingsprosjekt
• Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar for å nå felles mål


Vil du vite meir om kva Ulstein Høgre meiner, les gjerne vårt partiprogram: https://hoyre.no/moreogromsdal/ulstein/politikk/