Politikk

Høgre gjer Norge klar for framtida. Verda endrer seg i eit tempo vi aldri før har opplevd. Då er det vårt ansvar å ta vare på velferda for alle.

Våre hjertesaker

  • Fleire i arbeid

    Vestlendingar har opp igjennom hundreåra stått for innovasjon og hardt arbeid. Vi skapar verdiar og økonomisk vekst. Når det er vanskelege tider, står innbyggjarane i Vestland klare for å gjere sitt for landet. Olje og gass, havbruk, fiskeri, landbruk, teknologi, turisme og ulike energikjelder, er alle døme på arbeidsområde der vi har vist vår styrke. For å sikre ytterlegare vekst og utvikling, må Vestland legge til rette for framtidsretta og innovative løysingar

  • Kompetanse for framtida

    Vestland er bygd på innsatsen og kompetansen til den einskilde. God og tilgjengeleg kompetanse eravgjerande for utviklinga av det nye Vestlandsfylket. Endringar i arbeidslivet gjer at vi treng fagleg påfyll raskare enn tidlegare. Folket sin kompetanse må bli oppdatert kontinuerleg gjennom heile arbeidslivet for å oppretthalde og vidareutvikle eit produktivt arbeidsliv. For den einskilde arbeidstakaren er kompetanseutvikling ein stadig viktigare føresetnad for å kunne vere attraktiv arbeidskraft gjennom heile yrkeslivet.

  • Berekraftig verdiskaping

    Globale endringar påverkar menneske, miljø og samfunn. For å vere i stand til å handle i samsvar med desse endringane, må vi identifisere og forstå dei, utvikle gode løysingar og setje saman dei naudsynte ressursane for å kunne møte dei på ein god måte. Innovasjon og endringar er komplekse prosessar som krev tverrfagleg samarbeid. Vestland bør vere eit fylke som legg til rette for framtidsretta og innovative løysingar.

  • Trygg og rask framkomst

    For Vestland er gode transportløysingar avgjerande for vidare vekst og utvikling. Risiko for ras, flaum og stengde vegar er utfordringar ein møter fleire stader i regionen. Gode jernbane-, båt- samt andre kollektivtransportløysningar er viktige for både by og bygd. Samstundes må det bli lagt til rette for meir effektiv transport av gods til sjøs. For å legge premissane for ei berekraftig næring, må det også bli lagt til rette for ein transportsektor med lågast mogleg utslepp.

Se hva vi jobber med gjennom vårt partiprogram

Klikk deg inn på de ulike kapitlene for å lese hva vi jobber med.

Vi utviklar framtidas Vestland

I nye Vestland er det mange saker som er viktige. For Høgre er eigedomsretten sjølve føresetnaden for verdiskaping og at det blir skapa jobbar. Derfor vil vi alltid jobbe for at flest mogleg avgjerder skal bli teke nærast mogleg folk, og at ein aller helst får bestemme mest mogleg sjølv. Det betyr at vi vil jobbe for å redusere fylkesmannen sine innsigelsar og dermed auke det lokale sjølvstyret. Berre slik kan vi skape trygge lokalsamfunn der folk får byggje på eigen eigedom og setje draumar om å skape sin eigen arbeidsplass, ut i livet.

Eit fylke med et vekstkraftig næringsliv krev ein infrastruktur som fremjer rask transport av varer og tenester. Ferjefri E39 må bli realisert så raskt som mogleg, for å knyte saman heile Vestlandet og skape gode regionar for å bu og jobbe.

Vestland fylke er stort og mangfaldig i både natur og folk. Innan fylket finn vi mange og varierte lokalsamfunn, med ulike utfordringar og ting dei treng. Vi finn bygder, mellomstore byar og landets nest største by. Dette gjev Vestland ei unik moglegheit til å skape sterke miljø som hevdar seg både nasjonalt og internasjonalt innan næringslivet, utdanning, forsking og kulturlivet. Vestland Høgre vil streke under tydinga av storbyen Bergen som ein motor i den regionale utviklinga i landsdelen. Ei utvikling der storbyen utviklar seg i et tett samspel med omlandet og heile vestlandsregionen gjev positive ringverknader for både regionen og landet.

Kor ein legg statlege arbeidsplassar og offentlege kompetansemiljø utanfor dei største byane, bør skje der slik plassering har størst potensial til å bidra til regional utvikling, byggje opp under utviklinga av attraktive byar og tettstader, og styrke etablerte miljø for næring og kompetanse.

For å utvikle framtidas Vestland vil Høgre:

  • Skape fleire arenaer for samspel der politikarane og administrasjonen i fylkeskommunen jamleg møter næringsliv, lag, organisasjonar og kommunar.
  • Arbeide for eit sterkare lokalt sjølvstyre.
  • Leggje til rette for fleire berekraftige lokasjonar for havbruk.
  • At avgjerder om etablering av vind- og vasskraft skal bli fatta lokalt.
  • Jobbe for at fleire statlege arbeidsplassar bli flytta ut av Oslo.
  • Redusere fylkesmannen sitt høve til innsigelsar mot kommunale vedtak.
  • Arbeide for at veg og bruprosjekt som avløyser ferjer blir realiserte i ferjesamband på fylkesvegnettet i Vestland (statleg ordning med ferjeavløysing).
  • Krevje at ferjefri E39 blir realisert.
  • Vere garantisten for fritt skuleval som betyr at det er elevane sjølve som vel kva skule dei skal gå på, og ikkje blir tvungne til å gå på den næraste skulen.
  • Leggje til rette for sjølvstyrte ferjer og fartøy, gjennom å sikre moderne hamner og område målretta til å teste ut ny teknologi.
  • Arbeide for at dei høgare utdanningsinstitusjonane i Vestland får rammevilkår til framifrå forsking.
  • Etablere Vestland som Norge sin viktigaste turistdestinasjon gjennom m.a. å vere pådrivar for større momskompensasjon for utanlandske filmprosjekt som blir spelt inn i Vestland.
  • At nasjonale kulturinstitusjonar i Bergen framleis skal bli sikra finansiering gjennom løyvingar direkte frå staten, og dermed arbeide mot at fylkeskommunen skal ta på seg desse oppgåvene.
  • Arbeide for å fjerne formueskatten, for å sikre lokalt eigarskap gjennom styrking av konkurranseevna hjå bedriftene.
  • Arbeide for at nasjonale offentlege arbeidsplassar blir etablert i Vestland.
  • Arbeide for gode rammevilkår for energiproduksjon.

Næring og verdiskaping – betre rammevilkår for vekst i sysselsetting

Næringslivet i Vestland bidreg med stor verdiskaping til samfunnet og er grunnleggjande for sysselsettinga. For å vere konkurransedyktige må Vestland utvikle vidare kompetanse, og vere eit fylke dei som vil skape verdiar vel å satse i.

Næringslivet i Vestland er internasjonalt orientert og har verdsleiande miljø innan mellom anna olje- og gassverksemd, undervassteknologi, marine næringar, reiseliv, reiarverksemd og energiproduksjon.

Olje og gass, havbruk, fiskeri, landbruk, teknologi, turisme og ulike energikjelder, er alle døme på arbeidsområde der vi har vist vår styrke. For å sikre ytterlegere vekst og utvikling, må Vestland leggje til rette for framtidsretta og innovative løysningar.

FøRESETNAD FOR FLEIRE I ARBEID

Ein stor del av all verdiskaping innan havnæringane i Norge blir skapt langs kysten vår. Tunge kompetansemiljø, globale verksemder og komplette klynger for innovasjon og nyskaping gjev eit godt grunnlag for nyetableringar og vekst i sysselsettinga innan alle dei blå næringane i vår region. Posisjonen ein har opparbeida er eineståande i norsk og global målestokk, samt har eit stort potensiale for vidare vekst om vi legg til rette for det. Innan havbruk er vi langt framme i global målestokk, og ein posisjon som vi og skal ha i framtida.

For å skape fleire jobbar og få fleire inn i arbeidslivet vil Vestland Høgre derfor:

  • Sikre god tilgang på næringsområde og leggje til rette for fleire berekraftige lokasjonar for havbruk, inkludert landbaserte anlegg.
  • Arbeide for trygge og føreseielege rammevilkår for næringane.
  • Arbeide for å redusere fylkesmannens sitt høve til å komme med innsigelsar tufta på skjønn, mot kommunale vedtak.
  • Arbeide for å innskrenke fylkeskommunen sin moglegheit til å komme med innsigelsar mot kommunale vedtak.
  • Arbeide for eit sterkare lokalt sjølvstyre innan mellom anna arealdisponering.
  • Inkludere kommunane i den infrastrukturelle planlegginga av straum-, gass- og vassleidningar.
  • Opne for ei meir fleksibel og lokal forvaltning av strandsona.
  • Ha gode utdanningstilbod tilpassa næringa sine behov i både vidaregåande skule og fagskule.
  • Jobbe for å styrke den næringsretta forskinga.
  • Arbeide for vilkår for tildeling basert på miljømessig berekraft og tilgang på lokalitetar.
  • Jobbe for ei tydelegare synleggjering av regionen sine marine næringar i inn- og utland.

På det maritime feltet har Vestland ei av verdas leiande klynger. Tenesteleverandørar, utstyrsprodusentar, utdanningstilbod og forskingsmiljø må framleis ha eit tett samarbeid, og fylket skal leggje til rette for gode vilkår for vidare innovasjon og konkurransekraft.

ENERGI OG BEREKRAFTIG INDUSTRI

Energi er og vil vere ei av våre viktigaste næringar. For framtida sin del blir det viktig å styrke Vestland som eit attraktivt lokaliseringsval med eit sterkt kompetansemiljø for nasjonal og internasjonal energiproduksjon. Vestland Høgre vil leggje til rette for føreseielege og stabile vilkår for næringslivet, og vidare satsing på forsking og utvikling av fornybar energi.

For å sikre ren energi og berekraftig industri vil Vestland Høgre derfor:

  • Halde fram med utbygginga av rein og fornybar energi.
  • Ha lokal forvaltning av bølgje-, vind-, sol- og vasskraft.
  • Gje stabile rammevilkår for olje- og gassnæringa, for å sikre god verdiskaping med så låge utslepp som mogleg.
  • Arbeide for å realisere CO2-lagringsanlegg i regionen.
  • Leggje til rette for det registrerte omstillingsbehovet i den petro-maritime næringa.
  • Leggje til rette for sjølvstyrt transport – gjennom å sikre moderne infrastruktur til testing av ny teknologi.
  • Vere pådrivar for at nødvendige regelverksendringar og infrastruktur for bruk av hydrogen for maritime fartøy skal komme på plass.
  • At Vestland fylkeskommune skal ha eit aktivt tilhøve til si rolle som innovativ innkjøpar.
  • Setje krav i alle nye konsesjonar som blir tildelt oppdrettsnæringa – om bruk av miljø- og klimavenlege operasjonar.
  • Ha som mål at alle nye oppdrettsanlegg og driftsfartøy for oppdrettsanlegg skal blir dreve med nullutsleppsteknologi.
  • Arbeide for nettutjamning.
NYETABLERINGAR OG INNOVASJON

For framtidig skaparkraft og nyetablering i Vestland må verkemiddelapparatet sørgje for at det blir lettare å komme mål med prosessen frå idé til produkt. Det er avgjerande for nyetableringar at det er godt samvirke mellom bedrifter, forskingsmiljø og risikovillig kapital, og at ein møter eit byråkrati som hjelper til utan unødvendige hindringar. Vestland har eit stort potensial både for betre tenester og sterkare vekst i næringslivet. Då må vi arbeide saman for å finne gode løysningar.

For å sikre nyetableringar og innovasjon vil Vestland Høgre derfor:

  • At innovasjonsgrad og potensiale for lønsemd skal vere avgjerande for støtte frå Innovasjon Norge.
  • Arbeide for at næringspolitiske verkemiddel skal vere så nær brukarane som mogleg.
  • Samle alle tenlege næringspolitiske verkemiddel i fylkeskommunen; inkludert alle ordinære bedriftsretta statlege verkemiddel.
  • Aktivt leggje til rette for å realisere ny verdiskaping innan mineralnæringane.
  • Leggje til rette for eit berekraftig og konkurransedyktig næringsliv, samt for eit skatte- og avgiftsystem som kan vere med på å stimulere næringslivet i det store og heile.
  • Arbeide for at gründerar får gode rammevilkår og god oppfølging frå verkemiddelapparatet, med spesielt fokus på inkubasjons- og katapult-programma som til dømes «Sustainable Energy Norwegian Catapult Center» på Stord.
  • Arbeide for etablering av katapult-senter i Odda knytt til prosessindustri.
  • Arbeide for å utvikle vidare sterke næringsklynger der Vestland fylke har særlege fortrinn (NCE, National Cluster of Expertice og GCE, Global Cluster of Expertice).
4.4 MEDIE- OG KULTURBASERTE NæRINGAR

For å sikre medie- og kulturbaserte næringar vil Vestland Høgre derfor:

  • Auke samordninga mellom kulturinstitusjonane i regionen.
  • Vere pådrivar for momskompensasjon for utanlandske filmprosjekt som vert spelte inn i Vestland.
  • Sikre at nasjonale kulturinstitusjonar utanfor Oslo framleis skal få finansiering gjennom løyvingar direkte frå staten, og dermed arbeide mot at fylkeskommunen skal ta over desse oppgåvene.
  • Styrke Bergen sin rolle som en internasjonal kulturby som kan gje ringverknader for heile regionen.
  • Utvikle eit sterkare lokalt sjølvstyre på fylkes- og kommunenivå, mellom anna innan ressurs- og arealdisponering samt kulturminneforvaltning.
  • Samle og koordinere støtteapparatet slik at det blir meir effektiv og lettare tilgjengeleg.
  • Leggje til rette for sterk kopling mellom forsking og utvikling (FOU) – og næringsliv.
  • Stimulere gründerskap/entreprenørskap, kommersialisering, teknologiutveksling og avtalar om partnarskap.
  • Samle og koordinere støtteapparatet slik at det blir meir effektivt og lettare tilgjengeleg.
  • Innovasjonsnettverk for heile Vestland, innretta mot alle næringar og klynger.
  • Arbeide for å behalde allmennkringkastaren TV2 i Bergen for dermed å sikre grunnlaget for den sterke medieteknologiske klynga i Media City Bergen.
JORDBRUK, FISKE OG MATPRODUKSJON

Vestland skal ha levande og nyskapande primærnæringar som leverer kvalitetsprodukt og gjev viktige arbeidsplassar og grunnlag for busetting i heile fylket. Fiskeri fører store inntekter med seg og har nokre stader stor sysselsettingseffekt. Landbruk har fått ansvar for busetting, matforsyning, biologisk mangfald og bevaring av norsk tradisjon og kulturlandskap. Skogbruket i Vestland har eit stort unytta potensiale, då tilveksta i dag er mykje større enn hogsten.

For å sikre jordbruk, fiske og matproduksjon vil Vestland Høgre:

  • Bevare eit livskraftig landbruk og fiske i heile fylket, og leggje til rette for fornuftig bruk av naturressursane.
  • Arbeide for berekraftig utvikling innan sjømatnæringa; mellom anna ved tilrettelegging for havbruk, samt framleis utvikling og prioritering av miljøvenleg teknologi.
  • Gje bonden større fridom til å disponere eigne ressursar og eigen eigedom.
  • Ha ei god og framtidsretta utdanning innan fiskeri- og landbruksfag.
  • Leggje til rette for auka hogst og ei aktiv skogforvaltning.
  • Ha fokus på kvalitet og merkevarebygging for landbruksprodukt.
  • Sikre rekruttering til fiskerinæringa ved ungdomskvote.
  • Arbeide for å styrke landbruket gjennom forenkling av lovar, reglar og støtteordningar.
  • At auka skogvern skal basere seg på frivillig vern og bruk av statens skogar som kompensasjon til dei som må verne eigen skog.
  • Arbeide for rammevilkår som gjev grunnlag for at eit større volum fisk blir omarbeida lokalt.
  • God arealutnytting og høg arealavkastning innan landbruk.
  • Sikre ei effektiv offentleg landbruksforvaltning.
HAVET SOM HELD FOLK I ARBEID, TRANSPORTRUTE OG ARBEIDSPLASS

Kunnskap om havet er ein føresetnad for dei vegvala vi gjer som vestlendingar og samfunn, og det er derfor like viktig at reiaren har tilgang til oppdaterte data om tilstanden i havet før ein skal kjøpe neste generasjons lasteskip, som at ungdomskuleeleven kjenner kva spennande yrkesmoglegheiter som finst i havnæringane før han eller ho tek sitt vidare utdanningsval.

Havnæringane maritim, marin og energi har eit tradisjonsrikt tyngdepunkt på Vestlandet. Meir enn 60 prosent av all verdiskaping innan havnæringane i Norge blir skapt langs kysten vår. Tunge kompetansemiljø, globale verksemder og ei komplett klynge for innovasjon og nyskaping gjev eit godt grunnlag for nyetableringar og i sysselsetting innan alle dei blå næringane. Posisjonen som er opparbeida er eineståande i norsk og global målestokk og har eit stort potensiale for vidare vekst. Vi ønskjer å sikre ein posisjon som verdsleiande bedriftsnettverk innan havbruk.

For å framleis gjere bruk av havet vil Vestland Høgre:

  • Sikre heilårsdrift for seglskipet «Statsraad Lehmkuhl».
  • At det blir lagt til rette for infrastruktur som betyr persontransport langs sjøvegen med utsleppsfrie båtruter.
  • Leggje til rette for tettare samarbeid mellom hamner og terminalar på Vestlandet for å styrke sjøtransporten si konkurranseevne mot til dømes godstransport på veg. På denne måten kan varelogistikk, kostnadsnivå og gebyr for båtstopp bli betre samkøyrd – og dermed auke konkurransekrafta landsdelen og sjøtransporten har mot andre transportformar.
  • Arbeide for betre støtteordningar nasjonalt som kan redusere kostnadskilnadene mellom sjø- og vegtransport slik at meir gods kan bli frakta sjøvegen.
  • Bidra til berekraftige hurtigbåtruter til og frå kommunar nær dei større kystbyane ved å stille krav om skipsmateriell basert på lågutsleppsteknologi som hydrogen og flytande naturgass (LNG).
  • Arbeide for å leggje til rette for etablering av eit rutetilbod for hurtiggåande elektriske båtar.
  • sikre en saumlaus overgang mellom ulike kollektivtransportformar både i ruteplanlegging, takstsonesystem og gjennom dei tekniske løysingane for billettsystema.
  • Vere pådrivar for at ruteproduksjon som blir sett på anbod i mindre grad blir fokusert mot ein bestemt transportform og meir mot høgast mogleg mobilitet, frekvens og ikkje-fossil drivkraft.
  • Arbeide for så rask som mogleg realisering av Stad skipstunnel – som ei viktig og sikker rute for båt som sikrar god kommunikasjon og nye moglegheiter for hele Vestlandet og lokalt mot nordfylket.
  • Arbeide for å auke godstransport på sjøen.

Reiseliv og turisme

Vestland er eit av dei mest attraktive reisemåla i verda. Gjennom innovasjon og marknadsføring vil Vestland Høgre utvikle reiseproduktet videre. For oss som bur her er det lett å forstå at folk frå andre stader ønskjer å vitje Vestland. Frå eit spektakulært kystlandskap fører dei vakre fjordane oss til foten av ein eventyrleg fjellheim med naturopplevingar av dei sjeldne. Saman med landbruks- og matkultur samt eit mangfald av kulturminne, gjev dette eit eineståande grunnlag for å styrke Vestland som attraktivt reisemål og turistattraksjon.

Høgre har store ambisjonar for Vestland som reiselivsmål og ønskjer å vere ein sterk medspelar i målet om å utvikle vidare ei berekraftig reiselivsnæring med fleire reisande og turistar i Vestland fylke. For Høgre er reiselivsnæringa svært viktig både som salsprodukt og arbeidsplassar så vel i by som i bygd.

Vestland Høgre vil:

  • Etablere Vestland som den mest attraktive konferansedestinasjonen i Norge med kapasitet til store internasjonale konferansar.
  • Leggje til rette for ei konkurransedyktig og berekraftig reiselivsnæring i Vestland.
  • Ta i bruk dei naturgjevne tilhøva i endå større grad kombinert med kompetanse og forvaltning.
  • Etablere Vestland som Norges viktigaste turistdestinasjon gjennom mellom anna å vere pådrivar for større momskompensasjon for utanlandske filmprosjekt som blir spelt inn i Vestland.
  • Støtte produktutvikling og etablering av nye pakketilbod og opplevingsturisme.
  • Styrke marknadsføringa av Vestland som verdas vakraste reisemål.
  • Finne gode løysingar for finansiering av offentlege tilbod innan reiselivet som toalettfasilitetar m.m.
  • Arbeide for å leggje til rette for at turistar i større grad kan ta i bruk det offentlege transportsystemet «travel like the locals».
  • Fremme lokal matproduksjon som ein viktig del av norsk reiselivsnæring.
  • At effekten av Innovasjon Norge sitt profileringsarbeid på verdiskaping i reiselivsnæringa skal bli målt betre, og målrette midlane til marknadsføring for å få fleire til å reise til Vestland.
  • Fremme kulturturisme for å bidra til auka samhandling mellom kultur og reiseliv og utvikling av kulturbaserte reiselivsprodukt.
  • Vere positiv til kommunar som legg til rette for berekraftig hytteutbygging, og som ser hyttefolket som utviklingsressurs.
  • Støtte felles planarbeid for destinasjonsselskapa i Vestland fylke.
  • Leggje til rette for klyngesamarbeid og ei samordna reiselivssatsing.
  • Styrke Vestland fylke som merkevare.
  • Styrke landbruket si rolle i reiselivsatsinga.
  • Auke tal reisande/gjestedøgn i regionen.
  • Vidareføre arbeidet for ny Englandsbåt frå Bergen.
  • Auka satsing på lokalbåt/turistmål-turar.
  • Auka satsing på fleire flyruter til/frå flyplassane i regionen.
  • Støtte tiltak for å marknadsføre regionen både nasjonalt og internasjonalt.
  • Bidra til utvikling i cruisetrafikken.
  • Vidareføre støtte til kulturarrangement i regional regi.
  • Leggje til rette for heilårs reiseliv, heilårsopne attraksjonar og aktivitetar.
  • Eit reisekort for hele Vestland.

Kunnskapsfylket Vestland

Vestland skal vere eit fylke der alle får moglegheit til å lære heile livet. Kunnskap og utdanning er fundamentet som gjer kvar og ein av oss i stand til å bli sjølvstendige menneskje i jobb, og som bidreg til lokalsamfunnet. Dette er sjølve føresetnaden for å sikre at alle får utløp for sitt potensiale, ved hjelp av gode lærarar i trygge rammer.

Vestlandskulen skal bidra til at alle elevar kan realisere sine draumar og ambisjonar uavhengig av bustad eller sosial bakgrunn. Vårt mål er at Vestlandskolen skal vere Norges beste skule, der alle skal kunne lese, skrive og regne godt nok. Alle er ulike, derfor må skulen skape læringsglede og meistring gjennom variert og tilpassa undervising.

VALFRIDOM OG KVALITET I UNDERVISINGA

Eit av Vestland Høgre sine viktigaste mål i skulepolitikken er å sikre at elevane har dei verktøya dei treng for å meistre sitt eige liv og ta del i arbeid og sosiale fellesskap. Derfor er det viktig å gje elevane moglegheit til å ta sjølvstendige val. Vestland Høgre vil sikre elevane sin valfridom i skulen, mellom anna ved eit system som sikrar at elevane sjølve kan søke seg til den skulen dei ønskjer. Skulen skal vere førebu ungdom og leggje til rette slik at elevane er klare for å møte arbeidslivet. Et tett samarbeid med næringslivet undervegs i skuleløpet er derfor svært viktig.

For å sikre valfridom og kvalitet i undervisinga vil Vestland Høgre:

  • Garantere fritt skoleval for å jamne ut sosiale skilnadar – og hindre at elevane sine moglegheiter blir avgrensa av kor hen dei bor.
  • Leggje til rette for å etablere fleire internasjonale skular.
  • La motiverte elevar som treng ekstra utfordringar få ta fag på høgare nivå.
  • Utvikle temaskular som til dømes realfagsgymnas i samarbeid med høgare utdanningsinstitusjonar.
  • Søke om ei ordning med eksamen før russetida.
  • Tilby fleire programfag på engelsk.
  • Innføre skoleløp med studiespesialisering over to år.
  • Leggje til rette for at skolebygg blir teke i bruk også etter at skuledagen er omme.
  • Arbeide for å opprette e-sport linjer.
  • Innføre anonym retting ved store og avgjerande prøver, som til dømes heildagsprøver.
  • Vurdere å gjennomføre prøveprosjekt med video-opptak av viktige deler av undervisinga til bruk for elevar ved gjennomgang av pensum.
  • Gjere avtalar med arbeids- og næringslivet for å gje fleire elevar høve til arbeidspraksis i løpet av vidaregåande skule.
  • Satse på entreprenørskap i skulen, gjennom mellom anna elevbedrifter og arbeidspraksis.
  • Tettare samarbeid mellom vidaregåande skuler, fagskular, forskingsmiljø og næringsliv.
  • Styrke samarbeidet mellom skule og bedriftene gjennom næringslivskontaktar.
  • Styrke Ungt Entreprenørskap (UE) som ein viktig arena for samarbeid med næringslivet.
  • Vidareføre hovudtrekka i den desentraliserte skulestrukturen; endringar skal vere tilpassa elevsøkinga.
  • Sjå på om det kan la seg gjere å få til raskare kontinuasjonseksamen for elever som har stroke til eksamen i vidaregåande opplæring.
  • Søke om forsøksordning der munnleg eksamen for elever innan vidaregåande opplæring blir filma.
  • Vurdere offentleg-privat samarbeid (OPS) ved bygging av nye vidaregåande skular.
DYKTIGE LæRARAR OG SKULELEIARAR

Den vidaregåande skulen har mange fagleg sterke, engasjerte og motiverte lærarar og leiarar som jobbar kvar dag for å gje elevane den kunnskapen dei treng. Læraren er den einskildfaktoren som betyr mest for elevane si læring. Høgre vil gje fleire lærarar høve til etter- og vidareutdanning, og utdanne fleire lærarspesialistar som fordjupar seg endå meir i eit fag.

For å sikre dyktige lærarar og skuleleiarar vil Vestland Høgre:

  • Vidareutvikle skule- og undervisingsevaluering for å sikre medverknad frå elevane.
  • Sikre at alle elevar får undervising av fagleg oppdaterte lærarar ved å gje fleire lærarar etter- og vidareutdanning.
  • Sikre gode faglege fellesskap på skulene, mellom anna ved å tilby fleire karrierevegar for lærarane.
  • Gje lærarar lønsincentiv om dei underviser på skuler med rekrutteringsutfordringar eller særskilt svake resultat over tid.
  • At alle rektorar skal ha fordjuping innan skuleleiing.
  • Redusere tidstjuvane i skulen slik at lærarar og skoleleiarar kan bruke tid på undervising og utvikling av pedagogisk praksis.
  • Vere open om resultat, og at staten sine resultat frå dei årlege skuleundersøkingane skal bli gjort tilgjengeleg for skuleeigarane.
  • Ha eit forsøk med 8. til 13. skuleår basert på kommunal leiing, og på bakgrunn av dette forsøket vurdere ytterlegere overføring av ansvar.
  • Leggje til rette før auka bruk av digitale verktøy i skulen.
TRYGT SKULEMILJø HINDRAR FRåFALL

Altfor mange elevar fell frå under vegs i skoleløpet. Allereie i barnehagen kan ein sjå tendensar til kven som kjem til å falle frå seinare. For å hindre fråfall er det viktig at innsatsen blir sett inn så tidleg som mogleg. For nokre har utfordringane dessverre komme så langt at innsatsen må bli retta inn mot å hindre fråfall. Høgre vil aldri akseptere ein tanke om at folk går ut på dato. Alle skal ha moglegheit til å fullføre vidaregåande skule. Unge eller vaksne som har trong for det må derfor få ein ny sjanse til å komme seg inn i skoleløpet, i arbeid eller annan form for arbeidsretta aktivitet.

Barn og unge med helseproblem er ei sårbar gruppe, og helsetilbodet må derfor bli tilpassa denne brukargruppa. God psykisk helse er viktig for å ha god livskvalitet. Innsatsen må derfor bli sett inn så tidelg som mogleg for dei som slit med si psykiske helse. Vestland Høgre vil ha ei skule med nulltoleranse for mobbing, og i større grad stille til ansvar skular som ikkje strekk seg langt nok for å få slutt på mobbinga.

For å sikre eit trygt skulemiljø som hindrar fråfall vil Vestland Høgre:

  • Ha nulltoleranse mot mobbing.
  • At det er den som mobbar som skal bytte skule, ikkje den som blir mobba – der skolebytte er einaste løysing.
  • Vere open om mobbing og konsekvensane for dei som mobbar og den som blir mobba.
  • Halde fram med fråværsgrensa i vidaregåande skule.
  • I større grad tilby frivillig undervisingstilbod i helgane og etter skuletid for elevar som må ha ei utsett prøve eller eksamen, særleg innan fellesfaga på yrkesfaglege linjer.
  • Sørgje for betre samarbeid mellom grunnskulen og den vidaregåande skulen, samt mellom den vidaregåande skulen og universitets- og høgskulesektoren.
  • Kartleggje elevane sine grunnleggjande dugleikar fyrste skuleveke for å leggje grunnlaget for tilpassa undervising.
  • Sikre at den einskilde elev får meir tilpassa undervising ved i større grad å gje dei einskilde vidaregåande skulane tilgang til karakterinformasjon frå ungdomskulen.
  • Ha tettare kontakt mellom heim og skule fram til eleven fyller 18 år.
  • Utvide tilbodet med sommarskule for elevar som står i fare for å stryke eller ønskjer å gjere karakterane sine betre.
  • Dra nytte av seniorane sin kompetanse som ressurs ved tilbod om leksehjelp.
  • Sørgje for lågterskel-helsetilbod til elevar utanom skuletida.
  • Sikre at alle skuler har informasjon om skulehelsetenesta, og at ein kan bestille timarpå internett.
  • Sikre at skulane følgjer opp det lovpålagde ansvaret med skulehelsetenesta.
  • Ha som målsetting at skulane skal ta i vare elevane si psykiske helse på ein betre måte, og at målet er at alle elevar skal ha ei årleg samtale med skulesjukepleiar, særleg fokus på gutar.
  • Arbeidet med å unngå mobbing er eit leiaransvar.
  • Gje lærarar og assistentar spesialiserte kurs, der dei får opplæring i korleis dei skal hindre, oppdage og behandle moderne mobbesaker.
  • Sikre eit kompetanseløft for rådgjeving i den vidaregåande skulen.
  • Sikre god oppfølging av hybelbuarar.
  • I større grad bruke miljøarbeidarar som gode støttespelarar i skulekvardagen.
YRKESFAG OG FAGSKULANE

Yrkesfagløpet gjev elevar store moglegheiter og elevane som vel yrkesfag sit på verdifull kompetanse for samfunnet. Vi treng dyktige fagarbeidarar som skapar positive ringverknader for både lokalsamfunn og næringsliv. Vestland må ta ei offensiv rolle for å sikre alle at elevar får læreplass og kan ta fagbrev. Fagskulane sørgjer for at elevar med yrkesfagleg bakgrunn får ta høgare utdanning. Yrkesfagelevar treng valfridom og moglegheiter.

For å sikre attraktive yrkesfagstudier og fagskular vil Vestland Høgre:

  • Arbeide for å vidareutvikle TAF (tekniske allmenne fag) tilbodet.
  • Sikre at fylkeskommunen nyttar seg av lærlingar gjennom eigne krav i anbod til næringslivet.
  • Sørgje for at elevar i grunnskulen får tilstrekkeleg med informasjon og rådgjeving om moglegheitene innan yrkesfagløpet.
  • At studietilbodet er tilpassa næringslivets behov.
  • At dei vidaregåande skulene og fagskulane har et nært samarbeid med arbeidslivet.
  • At fylkeskommunen skal tenkje meir fleksibelt i korleis ein legg opp utdanningsprogram og plassering av desse.
  • At personar som kjem til Norge med kvalifisert utdanning skal få lære norsk og komme så fort som mogleg ut i arbeidslivet.
  • Ha entreprenørskap som eit tilbod for yrkesfagelever.
  • At fylkeskommunen skal gje moglegheit for kombinerte klassar med elever i liknande fag i same klasse.
  • Sikre at yrkesfagselevar også skal kunne få tilbod om realfagsmatematikk for å gjere overgangen til høgare utdanning lettare.
  • Gje asylsøkarar under 25 år rett til vidaregåande opplæring.
  • Vidareutvikle det digitale undervisningstilbodet på fagskulane.
  • Ha høg kvalitet på fagskulane og at desse får etablert seg i større næringsklynger for å sikre rekruttering til bedrifter.
  • Innføre læreplassevaluering og kvalitetskontroll av lærlingbedrifter.

Samferdsle – trygg og effektiv infrastruktur med auka satsing på kollektive løysingar

Trygge vegar, raskare jernbane og ei effektiv hamn er viktig for å sikre at folk, varer og næringsliv kjem seg raskt fram og trygt heim. God infrastruktur knyter byen og regionen saman, gjer det mogleg å skape gode bu- og arbeidsmarknader og sikrar trygg ferdsle når vi reiser frå A til B.

Vestland Høgre vil ha trygge, effektive og miljøvenlege samferdsleløysingar. Høgre vil styrke konkurransekrafta og skape vekst ved å satse på betre og tryggare infrastruktur. Høgre vil ha reduserte reise- og køyretider som grunnlag for auka samhandling i det nye fylket. Høgre vil at Vestland fylkeskommune skal vere ei moderne og framtidsretta fylkeskommune, med ein tenleg senterstruktur og gode vegar og rutetilbod internt i – og mellom regionane i fylket.

Effektiv og trygg transport er viktig for næringsutviklinga, innbyggjarane og konurranseevna i Vestland. Høgre vil sikre at Vestland får sin del av statlege midlar, og satse på betre mobilitet og løysingar som vil redusere klimautsleppa. Samferdslestilbodet skal vere brukarvenleg og trygt i heile fylket, både på land, sjø og i luft. Vestland Høgre vil i større grad nytte moderne teknologi for å finne smarte løysingar for transport (Intelligent Transport Solutions), for til dømes applikasjonar på billettsystemet, smarte lyskryss m.m. I tillegg vil Høgre opne opp for at eksterne tilbydarar kan bruke offentleg informasjon som billettering og rutetider i applikasjonar for å auke brukarvenlegheiten.

RIKSVEGAR

Riksvegane er dei viktigaste gjennomgåande transportlinjene i fylket, og er staten sitt ansvar. Vestland Høgre arbeider for at Vestland skal få tilført ein større del av dei statlege samferdslemidlane for nødvendig utbygging og modernisering av vegnettet.

Vestland Høgre vil arbeide for at desse vegprosjekta blir ferdige:

  • Os–Bergen (E39).
  • Sotrasambandet (riksveg 555).
  • Ny Røldalstunnel og lang Haukelitunnel (E134).
  • Parsellar E39 Sogn og Fjordane.
  • Viktige rassikringsprosjekt som til dømes Førde-Naustdal-Florø riksveg 5, Nærøydalen E16, Kjøsnesfjorden/Jølster riksveg 5 og Våtedalen E39.

Vestland Høgre vil arbeide for oppstart av:

  • Ferjefri E39 Stord–Bergen som del av ein ferjefri kyststamveg.
  • Ny E16 og Vossabane med kombinert utbygging av veg, bane og Arnatunnel.
  • Nordhordlandstunnel på E39 mellom åsane og Nordhordlandsbrua.
  • E-39 trasear i Sogn og Fjordane.
  • Vikafjellstunnel riksveg 13 og utbetring av Rv13 langs Sørfjorden i Ullensvang kommune.
  • Opprusting Strynefjellet riksveg 15.
  • Ringvei øst

Vestland Høgre vil konseptvalutgreie (KVU):

  • Hardangerviddetunnelar og Hemsedal.
  • E134 med arm til Bergen.
  • Sunnfast.

I tillegg vil Vestland Høgre arbeide for:

  • Oppgradert, vintersikker og tryggare vegsamband aust–vest.
  • å påverke staten som vegeigar til auka satsing på tryggleik gjennom betre vedlikehald og sikring av strekningar som er utsette for ras.
  • At alle riksvegar har minimum to gode felt, gul stripe og sinusfresing.
  • At staten tek eit større ansvar for at vi kan tilby høg kvalitet og miljøvenlege løysingar på ferjene våre.
  • At det blir gjennomført konsekvent, stadleg og nettbasert informasjon om brøytestatus og vintervedlikehald, slik at sjåførar veit kva slags føre dei må førebu seg på.
FYLKESVEGAR

Fylkesvegane i Vestland har eit stort behov for opprusting av infrastruktur. Framkome, tryggleik og standard må bli betre, og trygg ferdsle skal vere prioritert både ved planlegging av nye vegar og vedlikehaldsarbeid. Bymiljøavtala for Bergen er eit viktig tiltak for å sikre betre mobilitet og oppnå reduksjon i miljø- og klimaskadelege utslepp.

For å sikre utviklinga av fylkesvegane vil Vestland Høgre derfor:

  • Halde fram med ei offensiv satsing på tryggare og meir effektive vegar med rassikring, tunnelsikring samt utbetring og fornying av eksisterande vegnett.
  • At kantlinjer og midtlinjer i større grad er laga ved hjelp av sinusfresing.
  • Etablere mest mogleg effektive og samfunnsnyttige tverrsamband inn mot ferjefri E39.
  • Auke løyvingane til vegvedlikehald.
  • Ha tryggare skulevegar gjennom økt utbygging av gang- og sykkelveier.
  • Ta i bruk samarbeidsløysingar mellom offentlege og private for å løyse samferdsleutbyggingar raskare og rimelegare.
  • Krevje høgare statlege løyvingar til fylkesvegformål.
  • Arbeide for å realisere trasear på kystvegen Bergen-ålesund, og jobbe for å omklassifisere strekninga til riksveg.
  • Arbeide for å få omklassifisert Fv. 57 Knarvik – Mongstad til riksveg.
  • Arbeide med å realisere tunnel mellom Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen.
KOLLEKTIVTRANSPORT

å reise kollektivt i Vestland skal vere enkelt og attraktivt. Vestland Høgre vil at fleire skal ha høve til å reise kollektivt. Derfor vil vi sikre meir presise og hyppigare avgangar, særleg i rushtida. Det er også viktig at kollektivsystema er enkle for at tilbodet skal bli meir attraktivt.

For å sikre en påliteleg og god kollektivtransport vil Vestland Høgre derfor:

  • Ha presise og hyppigare avgangar, særleg i dei tidsromma behovet er størst.
  • Opprette eigne trasear for kollektivtrafikk nær regionsenter og trafikknutepunkt.
  • Framleis nytte anbod i samferdslesektoren for å sikre best mogleg kollektivtilbod.
  • Etablere fleire innfartsparkeringar.
  • Sørgje for nok kvalifiserte bussjåførar gjennom utdanningsløp utvikla i tett samarbeid med busselskapa.
  • Sørgje for samordning mellom ulike transportmidlar slik at det blir enklare for passasjerane å planlegge effektiv reising.
  • Halde fram arbeidet med å utvikle eit betre billetteringssystem, inkludert sanntid-system og app-funksjon i heile fylket.
  • At prinsippet om universell utforming blir innarbeida i heile reisekjeda.
  • Ha fleire ekspressavgangar mellom knutepunkt for å redusere reisetida.
  • Samordne kollektivtilbodet på tvers av tidlegare fylkesgrenser.
  • Bygge Bybane til Fyllingsdalen og fullføre traseen til Spelhaugen.
  • Ha knutepunkt med direkte overgang til viktige rutesamband.
  • Leggje til rette for at folk i vekstområde kan bli kollektivtrafikkbrukarar, og at vekst i arbeidsreiser så langt som mogleg skal bli dekka av kollektivtilbod.
  • At prisane på kollektivtrafikk ikkje skal auke meir enn den allmenne prisauka.
  • Utvikle ordninga med sørvisskyss.
  • Innføre eigen sentrumstakst på kollektivtrafikk i sentrale delar av Bergen.
  • Utgreie moglegheita om å innføre reklame på fylkeskommunal kollektivtrafikk.
SYKKEL

Når fleire lar bilen stå og heller går eller syklar gjev det reinare byluft, betre folkehelse og framkome på veiene. Høgre vil satse betydeleg for å auke talet som vel å gå eller sykle til og frå gjeremål, jobb og skule. Dessverre er fleire vegstrekningar farlege for gåande, og ulykkestala blant syklistar gått opp dei siste åra.

Derfor må ein prioritere å gjere det tryggare å gå eller sykle.

For å gjere det enklare å velje sykkel som transportmiddel vil Vestland Høgre derfor:

  • Tilby bussar med ekstra plass for syklar der det ikkje er mogleg å sykle.
  • At sykkelvegar skal vere skilt frå fotgjengarfelt, der det er tenleg, særleg ved skule/barnehage.
  • Leggje fleire sykkelvegar til skular og store arbeidsplassar.
  • Prioritere framkome for syklistar.
  • Bygge ut sykkelvegar i samband med nye veg- og baneanlegg.
  • Tillate at sykkel kan bli teke med gratis på buss og på hurtigbåt heile døgnet.
  • Arbeide for ein gjennomgåande sykkeltrase langs nye E39.
  • Arbeide for å fjerne unødvendige hindringar for sykling.
JERNBANE

Jernbanen er langt meir miljøvenleg enn godstransport på veg, og eit effektivt middel for personframkome. Vestland Høgre ønskjer å vidareutvikle og modernisere jernbanen i fylket vårt.

For å sikre ei god utvikling av jernbanenettet vil Vestland Høgre derfor:

  • Arbeide for modernisering av Bergensbanen med sikte på ei reisetid Bergen–Oslo på under fire timar; inkludert realisering av Ringeriksbanen.
  • Arbeide for å realisere eit kombinert jernbane- og vegprosjekt Bergen–Voss i tråd med tilråding frå konsekvensutgreiinga.
  • Arbeide for å auke avgangsførekomst på strekninga Bergen–Arna–Voss.
  • Vere en pådrivar for at jernbanen får infrastruktur som gjer den til eit konkurransedyktig, godt og prioritert val for godstransport. Bergensbanen må derfor bli utbetra for å gjere dette mogleg.
  • Sørgje for god dialog og koordinering mellom Vestland fylkeskommune og NSB som togtrafikkansvarleg for å sikre rett tilbod av og god samordning mellom ulike typar kollektivtrafikk, inkludert system for billetter.
  • Arbeide for nødvendig rassikring langs alle jernbanelinjer.
  • Arbeide for ei rask realisering av nytt godsknutepunkt for Bergen.
  • Arbeide for at staten skal ta på seg ansvar for finansiering av Bybanen, etter modell frå satsinga på tog på Austlandet.
  • Arbeide for at Flåmsbana blir sikra heilårsdrift og blir klassifisert som turistbane.
SJø- OG SKIPSTRAFIKK

For Vestland er utfordringane framover å redusere utsleppa frå skipstrafikken, finne ny lokalisering for hamn i Bergensområdet og leggje til rette for meir transport frå veg til sjø.

For å sikre sjø- og skipstrafikk vil Vestland Høgre derfor:

  • Ha snarleg realisering av Stad skipstunnel.
  • Hjelpe til med elektrifisering av dei større hamnene i fylket, med vekt på cruisehamner og hamner i område med periodevis dårleg luftkvalitet.
  • Snarleg flytte godshamna ut av Bergen sentrum.
  • Arbeide for betre sikring av skipstrafikken langs kysten av Vestland.
  • Ha betre merking av skipsleiene og sikrare ruter for båt.
  • Etablere avtalar med private slepebåtar som kan bli nytta som beredskapsbåtar.
  • kraftig redusere partikkelureininga frå skip som legg til hamn i Bergen og andre større hamner.
  • At ENOVA sikrar støtte til rask utbygging av landstrømanlegg.
  • Halde fram med marknadsføringa av Bergen som snuhamn for cruisetrafikk.
  • Arbeide for moderne fiskerihamner.
FERJER, HURTIGBåTAR OG FLY

Høgre ønskjer på sikt å erstatte flest mogleg ferjestrekningar med faste samband. Likevel vil ferjestrekningane i lang tid framover vere ein viktig del av samferdsletilbodet i eit fylke med mykje fjord og fjell. Trygg drift, moderne materiell og god kapasitet er viktig for at ferjestrekningane ikkje skal bli opplevd som unødvendige flaskehalsar. Høgre vil vidareføre eit godt hurtigbåttilbod.

For å sikre ferjer, hurtigbåtar og fly vil Vestland Høgre derfor:

  • Sikre universell tilgjenge.
  • Ha sterkt fokus på tryggleik, driftstryggleik og miljø.
  • Arbeide for å modernisere hurtigbåt- og ferjeflåten og gje alle strekningar eit tenleg rutetilbod med null- og lågutslepp.
  • Sikre tilstrekkeleg reserveferjekapasitet ved driftsavbrot.
  • Innføre krav om nullutsleppsferjer på utvalde samband, for å redusere klimautslepp.
  • Vidareutvikle Flesland som regional lufthamn for folk og næringsliv.
  • Vidareutvikle tilbodet ved lufthamnene i Florø, Førde, Sogndal og Sandane.
  • Vidareutvikle Stord lufthamn for å styrke rolla som kortbaneflyplass innan dagens økonomiske rammer.
  • All endring i ferjetilbod skal bli gjennomført i samarbeid med kommunar det vedkjem.
DROSJER

Utfordringar for drosjesektoren er høge utslepp per passasjerkilometer og tidvis kapasitetsmangel. Konkurranse frå pirat-drosjer er og ei hindring for at næringa skal fungere optimalt. I nokre distrikt er drosjedekninga dårleg. Fylkeskommunen, i samarbeid med kommunar, bør arbeide for drosjeetableringar slike stader.

For å sikre brukarane best og billigast transporttenester vil Vestland Høgre derfor:

  • Ha auka konkurranse i drosjetransporten for å sikre trygg transport, eit godt tilbod og god sørvis for brukarane.
  • At éin drosjesentral ikkje skal ha meir enn 60 prosent av det totale løyvetalet.
  • Alle som oppfyller vilkåra skal få løyve til drosjetransport.
  • At alle tilbydarar skal halde seg til eit felles regelverk, som ikkje skal vere til hinder for innovasjon og nye effektive og miljøvenlege transportløysingar.
  • Småskala reiselivsaktørar må ha høve til å transportere eigne gjestar.

Kultur og idrett

Kultur er limet som knyt samfunnet saman, som utfordrar, inspirerer og kritiserer. Ein god kulturby tilbyr eit mangfald av kultur til alle aldersgrupper. Vestland er ein internasjonal kulturregion som har masse å by på. Mangfald og kvalitet i byen sitt kulturliv gjer Vestland attraktiv for turistar, studentar, næringslivet og folk som held til i byen.

For mange barn er det å delta på fritids- og aktivitetstilbod det kjekkaste som skjer i løpet av ei veke.
Desse tilboda hjelper ungar med å utvikle seg i møte med opp- og nedturar, gjev vener for livet og er ei viktig oppleving av meistring som ikkje er knytt til det faglege på skulebenken.

Mykje av idretten er drive av frivillige. Frivillig sektor er ryggrada til ei utømmeleg liste av arrangement og aktivitetar som skjer i byen vår, og gjev eit tilbod som aldri vil kunne bli erstatta av det offentlege.

Vestland Høgre meiner at kunst og kultursektoren er ein viktig samfunnsaktør, som er viktig for identitetsbygging, kreativitet og undring; og gjennom det utfordrar oss og opnar opp for det ukjende. Derfor er det viktig å sikre ein fri og uavhengig kultursektor.

Vestland Høgre er ein pådrivar for å skape lønsame arbeidsplassar i kulturlivet i regionen gjennom å leggje til rette for kommunale tiltak og kreative næringsklynger.

EIT LEVENDE KULTURLIV

Dei sentrale kulturinstitusjonane sikrar et eineståande kulturtilbod i regionen, og er ein motor for heile fylket. Samstundes sikrar mange andre aktørar innan det profesjonelle, frie og frivillige feltet eit mangfald av tilbod til innbyggjarane. Gode arenaer og kompetansemiljø må bli styrka for å utfordre og utfylle dei større institusjonane.

Kommunane er viktige talentutviklarar for dei som i framtida skal setje sitt preg på kulturen i Norge. Derfor vil Høgre prioritere å gje barn og unge kulturopplevingar tidleg, slik at ei livslang interesse for kultur kan bli vekka til live. Og mange vaksne har stor glede av å vere aktive i ulike delar av amatørkulturlivet. Vestland har eit potensiale vi heile tida må utvikle, og til det treng kulturlivet rom til å vekse.

For å sikre eit levande kulturliv vil Vestland Høgre derfor:

  • Støtte opp om det profesjonelle kunstfeltet ved å bidra til både institusjonar og det frie feltet.
  • Bidra til å styrke og utvide gåveforsterkingsordninga, og leggje til rette for private fond og stiftingar i finansieringa av kulturlivet.
  • Gje kommunane ansvar for og midlar til rehabilitering og vedlikehald av kulturinstitusjonar.
  • Bidra til å styrke dei faglege nettverka innan kulturlivet utan unødvendig byråkrati.
  • Forenkle og redusere søknadsbyråkratiet i kultursektoren.
  • Vere ein pådrivar for å betre rammevilkåra for film i regionen.
  • Sikre vilkåra for Carte Blanche slik at dei framleis blir i Bergen.
  • Styrke utviklinga av den kulturelle skulesekken og halde fram med den kulturelle spaserstokken.
  • Satse på Ungdommens kulturmønstring.
  • Styrke Kulturelt Utviklingsprogram (KUP).
  • Støtte opp under digitalisering og bruk av ny teknologi for museum.
  • Støtte opp under det frivillige kulturlivet.
KULTURMINNE

Kulturminna våre tek i vare kulturarven vår slik at generasjonar til alle tider skal få oppleve fortidas historiske og kulturelle mangfald. Samstundes har auke i vern av bygningar og landskap ført til utfordringar knytt til både vedlikehald og utnytting.

For å sikre kulturminne vil Vestland Høgre derfor:

  • At dei som fattar vernevedtak, må få eit større økonomisk ansvar for å ta vare på kulturminna, og ved pålegg om arkeologiske utgravingar.
  • At staten skal ta på seg eit større ansvar for freda kyrkjer og verneverdige kyrkjebygg.
  • Forenkle regelverket for bruk av kulturminne.
  • På sikt overføre ansvaret for kulturminneforvaltninga til dei nye storkommunane.
  • At rehabilitering av kulturhistoriske bygningar bør skje i samarbeid med vidaregåande skular, slik at kunnskapen om tradisjonelle byggteknikkar blir teke i vare og vidareført.
  • Heve terskelen for fredingar.
  • At vern av naturområde ikkje skal vere til hinder for å bruke dei som friluftsområde.
  • At inngrep i historiske naturområde berre skal bli godteke om avgjerande samfunnsmessige interesser krev det.
  • Bidra til at alle kommunar utarbeider kulturminneplanar for å sikre vern av kulturminne og føreseieleg for omfang av vern og freding.
MUSEUM OG BIBLIOTEK

Musea og biblioteka har som oppgåve å forvalte og formidle kunnskap og kultur. I ei tid kor digitale løysningar stadig blir utvikla, er det viktig å sørgje for at institusjonane er rusta for nye formidlingsformar.

For å sikre museum og bibliotek vil Vestland Høgre derfor:

  • Sørgje for betre digital tilgjenge.
  • Styrke og vedlikehalde magasin og lokale for utstilling.
  • Styrke fylkesbiblioteket som gratis kunnskapsformidlar.
  • Utvide ordninga med nettbaserte utlån.
  • Erstatte bokbåten med styrka kulturtilbod i samarbeid med folkebiblioteka.
  • Arbeide for at staten i større grad likebehandlar finansieringa av museumssektoren i Norge.
IDRETT, TUR- OG NATUROPPLEVINGAR

Høgre vil vere ein aktiv bidragsytar som støtter opp om breidde, mangfald og kvalitet i idretten, anten den er organisert eller uorganisert. Idretten må få fridom til å utvikle sitt tilbod innan gjevne rammer, og ikkje bli styrt gjennom aukande grad av rapportering og byråkrati.

Satsing på breiddeidretten er ein føresetnad for toppidretten. Store internasjonale og nasjonale meisterskap er viktige arrangement for Bergen, og på dette området vil vi jobbe for at næringslivet i større grad bidreg med finansiering.

Vestland fylke har spesielt gode føresetnader for rike naturopplevingar og eit aktivt friluftsliv. Dette er ei viktig kjelde til eit godt liv for mange. Høgre vil føre ein politikk som vernar våre viktigaste naturområde og bidreg til å bevare det kulturlandskapet som er bygd opp gjennom generasjonar. Tilgjenge til naturen for alle er viktig. Vestland Høgre vil derfor støtte lag og organisasjonar som arbeider for dette.

Vestland Høgre vil arbeide for at flest mogleg kan vere fysisk aktive og gjennom det få gode opplevingar, betre helse og oppleve idrettsglede.

For å bidra til gode idrett og naturopplevingar vil Vestland Høgre derfor:

  • Redusere etterslepet på tippemidlane.
  • Auke tilrettelegging for frivillig sektor.
  • Prioritere ressursane til regionale idrettsanlegg i vekstområde, og til andre idrettsanlegg med fleirbruksmoglegheiter.
  • At staten skal ta eit større ansvar for utbygging av nasjonale idrettsanlegg.
  • Arbeide for at det blir bygd tak over skøytebanane på Slåtthaug og Stord.
  • Sikre opparbeidinga av parkeringsplassar ved friluftsområde gjennom eksisterande støtteordningar.
  • Arbeide for framleis godt samarbeid med laga og grunneigarane som legg til rette for friluftsliv.
  • Vidareføre økonomisk støtte til friluftsråda.
  • At staten skal ta eit medansvar for drifta av friluftsområda.
  • Støtte prosjekt som idrettslag og andre frivillige lag set i gang for å få fleire innvandrarungdommar med i idrett og andre fritidsaktivitetar.

Tannhelse

Tannhelsetenesta skal drive helsefremmande og førebyggjande arbeid og gje gratis tannbehandling til prioriterte grupper, mellom anna personar med psykisk utviklingshemming, bebuarar i alders- og sjukeheim samt personar med rusmiddelproblem.

Høgre ønskjer å vri ressursbruken innan tannhelse frå generelle undersøkingar over mot førebyggjande arbeid i dei prioriterte gruppene, og at tannklinikkstrukturen tek i vare nærleik og forsvarleg reisetid i heile fylket.

For å sikre en god tannhelseteneste vil Vestland Høgre derfor:

  • Sikre at tannhelsetenesta skal satse på kvalitet og bidra til å fremme god helse for folk i Vestland.
  • Satse på førebyggjande tannpleie for å motivere særleg barn og unge til sunt kosthald og regelmessig tannstell.
  • Sikre gode tannhelsetilbod til tortur- og valdsutsette, og pasientar med sterk angst for tannbehandling.

    Sikre tilgang på tannlegespesialistar av høg fagleg kvalitet i heile Vestland ved tilrettelegging for framleis godt samarbeid med privat sektor og universitetet.

  • Organisere tannhelsetenesta slik at det kan bli bygd robuste og kompetente fagmiljø.
  • Sørgje for oppdatert og velfungerande utstyr ved tannklinikkane våre.
  • Bidra til at folkehelsearbeidet kan bli koordinert med samarbeidspartnarane på ein effektiv og god måte.
  • Bidra til forsking og fagleg utvikling i tannhelsetenesta.
  • Satse på etter- og vidareutdanning av tannhelsepersonell.
  • Styrke det førebyggjande arbeidet og tannpleie for pleietrengande og bebuarar på alders- og sjukeheim.
  • Overføre ansvar for tannhelse til dei kommunane som ønskjer det.

Folkehelse

Høgre ønskjer dei beste levevilkåra for innbyggjarane i alle fasane av livet. Folkehelse femnar om livskvalitet, trivsel og gode nærmiljø – og skal vere eit viktig satsingsområde og ein berebjelke i by og bygd.

Høgre ønskjer å styrke verdiar som gjev einskildpersonar og grupper betre høve til ansvar, deltaking, meistring og kontroll over ege liv og situasjon.

For å sikre ei god folkehelse vil Vestland Høgre derfor:

  • Setje i verk arbeidet med folkehelse i alle forvaltningsnivå både administrativt og politisk; her og strategisk planarbeid.
  • Utvikle aktive og trygge lokalsamfunn.
  • Vidareføre satsinga for betre psykisk helse.
  • Vidareføre arbeidet med å auke tal psykologar/rådgjevarar i vidaregåande skole.
  • Vidareføre arbeidet med universell utforming.
  • Betre kultur- og fritidstilbod til uorganisert ungdom.
  • Auka aktivitetstilbod for eldre.
  • Ha nulltoleranse for mobbing og uønskt sosial oppførsel.
  • Vidareføre arbeidet med å utvikle turløyper og stiar i lag med frivillige organisasjonar.
  • Leggje til rette for fleire møteplassar i by og bygd.
  • Vidareføre støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar med fokus på folkehelse.

Klima og miljø – berekraft for framtida

Klimautfordringane er ei av vår tids største utfordringar og det haster med å gjennomføre gode tiltak. Høgre vil at Vestland skal ta sin del av ansvaret for å kutte i klimagassutslepp i tråd med Parisavtalen.

Som eit stort fylke i eit rikt land har vi betydelege moglegheiter til å kutte i utsleppa våre og gå føre i kampen mot klimaendringane. Vestland Høgre ser svært alvorleg på situasjonen med omsyn til luftkvalitet, spesielt i Bergen. Alle menneskje skal kunne puste fritt i rein luft. Vi ønskjer derfor å redusere helsefarlege utslepp til luft betydeleg, spesielt i byområde. Vestland Høgre vil redusere utslepp, og i tillegg redusere partikkelutsleppa for å sikre rein luft.

REINARE LUFT OG LåGARE KLIMAGASSUTSLEPP

Vestland Høgre sine klimaløysingar skal vere framtidsretta, marknadsbaserte og dreve av teknologi. For å få i stand grøn omstilling, må vi ta i bruk kunnskapsbaserte og kostnadseffektive verkemiddel, som stimulerer til og forenklar høvet til å kunne velje grøne løysingar for den einskilde. Vestland Høgre skal ha ambisiøse, men realistiske mål; kor det viktigaste er at tiltaka bidreg til reelle utsleppskutt.

For å sikre reinare luft og lågare klimagassutslepp vil Vestland Høgre:

  • Arbeide for at kommunar og lokalsamfunn i Vestland skal spele ei aktiv rolle i klimakampen for at Norge skal kunne omstille seg til å bli et lågutsleppsamfunn.
  • Arbeide for at kommunal innkjøpsmakt og regelverk blir eit viktig verkemiddel for å utvikle miljøteknologi og ta i bruk miljøvenlege løysingar.
  • Innføre tiltak som bidreg til miljøvenleg by- og stadutvikling i kommunane.
  • Jobbe for at staten skal finansiere minst 70 prosent av alle store kollektivutbyggingar i og rundt dei største byane.
  • Føre vidare elbilfordelar og miljødifferensierte bompengar.
  • Leggje til rette for bildelingsordningar og samkøyringsordningar.
  • Sørgje for auka bruk av sykkel og opprette ei nettside for sykkelvegar og –parkering.
  • Redusere utslepp frå tunge køyretøy ved å jobbe for at nasjonale styresmakter opnar opp for soner med lågutslepp.
  • Oppnå energieffektivisering og konvertering i bygg gjennom å stille krav til energieffektivitet og støtte prøveprosjekt med passivhus i nye fylkeskommunale bygg.
  • Ha som ambisjon å halvere bruken av fossilt brensel i kollektivtrafikken ved å satse på miljøvenlege kollektivløysingar; inkludert elektrisk, hydrogen, flytande naturgass (LNG) samt hybriddrift.
  • Arbeide for elektrifisering av offentlege hamner i fylket, mellom anna gjennom bruk av landstraum.
  • Arbeide for miljødifferensierte hamneavgifter og rett til å prise særleg ureinande skip – høgt.
  • Vere positive til å auke magasinkapasiteten i eksisterande vasskraftanlegg.
  • Stille krav til miljøvenlege og fornybare løysingar ved utbygging, drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg.
  • Arbeide for meir bruk av tre i offentlege nybygg.
  • Arbeide for å skifte ut fylkeskommunale køyretøy med utsleppsfrie løysingar.
  • Stille strenge krav til klimavenlege løysingar og minimering av miljøbelastning ved offentlege innkjøp.
  • At nye offentlege bygg som hovudregel skal bli bygd som plusshus.
GRøN SKIPSFART OG GRøNARE HAMNER

Det kjem ei mengd skip kvart år til Vestland fylke. Hamna er derfor av stor verdi for regionen og den maritime hovudstaden i Norge: Bergen. Store mengder gods og menneskje kjem til vår landsdel kvar dag. Ei trygg og grøn hamn med god kapasitet og infrastruktur legg til rette for meir sjøtransport for framtida.

Utviklinga av grøn skipsfart skal ha gode kår innan Vestland fylke. Vi skal framleis stimulere til vidareutvikling av katapultsystem der vi har laboratorieløysingar som gjev gründerar og andre ein lågterskelmoglegheit til å teste ut sine gode idear. Og innan havbruk ser vi moglegheiter for elektrifisering av oppdrett.

For å sikre grøn skipsfart og grønare hamner vil Vestland Høgre derfor arbeide for:

  • Arbeide for å få etablert tilstrekkeleg landstraumkapasitet i dei største hamnene i regionen, slik at ein kan ordne med både cruiseanløp og regulære godsskip.
  • Arbeide for at nettleverandørane tilbyr såkalla utkopla tariff på straumleveransar til landstraumanlegg.
  • Sikre eit heilskapleg oppsamlingsystem for marin plastureining i dei største hamneområda innan fylket.
  • Bidra til redusert transportbehov på tilførselsvegar til og frå sentrale hamneområde.
MILJøVERN

Utfordringane for Vestlandet er store avfallsmengder som inneheld ureining. For å betre tilhøva må tempoet auke i fjerning av gamle synder som fyllingar, industriavfall, plastavfall – og målsettingane i vassdirektivet må bli følgd opp.

For å sikre miljøvern vil Vestland Høgre derfor arbeide for:

  • å redusere avfall frå industri og hushaldingar.
  • Auka tempo i oppryddinga av gamle fyllplassar, gamalt industriavfall og ureina sjøbotn som til dømes Florvåg og Sørfjorden.
  • å sikre ei snarleg og forsvarleg handtering av U864 utanfor Fedje.
  • å arbeide med Avinor for å redusere støybelastinga frå fly- og helikoptertrafikk gjennom operative og andre relevante tiltak.
PLASTUREINING

Plastavfall som ikkje blir handtert på ei ansvarleg måte, er eit raskt veksande problem som forsøplar naturen, og særleg verdshava. Høgre ønskjer ein meir berekraftig og langsiktig politikk for handtering av plastavfall.

For å hindre plastureining vil Vestland Høgre derfor:

  • At all unødvendig plastemballasje og bruk av plast må bli redusert; og fylkeskommunen skal gå føre som eit godt døme for andre.
  • Stimulere til vegvasking, som både bidreg til betre luftkvalitet og mindre spreiing av mikroplast frå bildekk; og undersøke moglegheitene for å reinse bort mikroplast i avrenning frå dei mest trafikkerte vegane på ein kostnadseffektiv måte.
  • Stimulere til utvikling av miljøvenlege alternativ til gummigranulat på kunstgrasbanar; og installere rister for å samle opp gummigranulat frå kunstgrasbanar.
  • Arbeide med næringslivet for å finne gode løysingar knytt til miljøvern.
  • Arbeide med næringslivet for å få redusert bruken av plast.
  • Innføre plastsortering på offentlege plasser.
NATURVERN

Alle i Vestland fylke skal ha god tilgjenge til naturopplevingar i eit sunt og mangfaldig miljø. I ei tid kor arts- og naturmangfaldet stadig blir redusert ønskjer Vestland Høgre å bremse denne utviklinga, og har som mål å styrke det biologisk artsmangfaldet.

God klimatilpassing handlar om å ta i bruk ressursane som naturen gjev oss. Vi må sikre at naturområde blir forvalta på ein berekraftig måte som balanserer omsynet til bevaring, friluftsliv, turisme og næringsinteressar.

For å sikre naturvern vil Vestland Høgre derfor:

  • I samband med planprosessar gjennomføre ei kartlegging av viktige økosystem og naturtypar – og sørgje for ei berekraftig forvalting.
  • Arbeide for å stoppe tap av artsmangfald på Vestlandet, og bidra til forbetre kartlegging av biotop og førekomst av raudlisteartar.
  • Utarbeide ein fylkesstrategi saman med andre styresmakter mot artar som invaderer på norsk svarteliste.
  • Utarbeide ei topp ti-svarteliste for Vestlandet.
  • Ha eit oppdatert økologisk grunnkart over artar og naturtype på Vestlandet – og bruke det til å ta i vare artsmangfaldet og redusere konfliktnivået i arealsaker.
  • Halde fram med arbeidet med å rydde opp i giftige sedimenter i fjordar, elver, hamner og innsjøar og hindre avrenning av mikroplast til vassdrag.
  • Avgrense planting av svartelista artar som sitkagran.
  • Sikre allemannsretten i norsk natur.
  • Arbeide for å tillate fri jakt, fangst og hausting av svartelista artar.
  • Vidareutvikle «Merket for Berekraftig reisemål».
  • Sikre ei berekraftig reiselivsnæring.