Fylkestingsprogram 2023-2027

På Vestland Høgres årsmøte 4.-5.februar vart fylkestingsprogrammet for 2023-2027 enstemmig vedtatt. Vedlagt ligg heile valprogrammet.

Vestland på sitt beste- med moglegheiter for alle

Vestland er kyst, fjordar, dalar og fjell. Men viktigast er dei som bur her, vestlendingane. Det er vestlendingane som kan ta tak i dei store og rike moglegheitene og har vyar for framtida. Det er dei som kan gjere Vestland best på tenester og best på berekraftig vekst. Vestlendingen kjenner styrken til Vestland, moglegheitene og kva som må til for å skape meir og nå nye mål.

Vestland har store moglegheiter og ubrukt potensiale. Vi har teknologi og kompetanse i verdsklasse, vi har den vakraste naturen, Norges vakraste byar og vi har menneska som står klare til å løyse utfordringane i verda. For å lukkast må Vestland bli flinkare til å seie ja, slik at enkeltmennenske og verksemder enkelt kan nå sine mål.

Fylkeskommunen har mange utfordringar dei neste fire åra. Vi har mellom anna store etterslep på vedlikehald og rassikring av veg. Samtidig ser vi at det er mindre valfridom innan vidaregåande opplæring. Vi har ein krevjande kraftsituasjon i fylket vårt, der behovet for meir kraft og betre nett er stort. For Høgre vil det bli viktig å finne gode løysingar på desse utfordringane saman med aktuelle samarbeidsparti.

Høgre er klar til å ta leiarskap i Vestland fylkeskommune, for trygg økonomisk styring med gode løysingar for innbyggjarar, bedrifter og lokalsamfunn. Høgre ser den noverande formannskapsmodellen som mest tenleg for å sikre brei politisk deltaking, på solid fagleg grunnlag, med stor grad av openheit og forsvarleg ressursbruk. Høgre sitt pinsipielle syn er at det ville vore tilstrekkeleg med to forvaltningsnivå i Norge.

Høgre vil legge FNs berekraftsmål til grunn for vårt politiske arbeid.

Vestland Høgre vil:

  • Innføre fritt skuleval i heile Vestland med reisetidsgaranti
  • Gjere det enklare og meir attraktivt å reise kollektivt
  • Bygge infrastruktur for tryggleik og vekst
  • Ta Vestlandet sitt sterke ressursgrunnlag i bruk til berekraftig vekst
  • Utvikle Vestland i samarbeid, med innbyggjarar, næringsliv og kommunar
  • Framheva Bergen sin posisjon som senter og saman med andre regionsentre være motor for framgang i heile fylket.
  • Ha meir handlekraft og auke tempo i politiske prosessar
  • Vere garantisten for at Vestland skal få realisert våre viktige samferdselsprosjekt
  • Stå for ansvarleg økonomistyring med tydelege prioriteringar til beste for innbyggjarane
  • Ha eit sterkt engasjement for eit trygt Vestland, med god beredskap og eit sterkt forsvar
  • Sikre brukarvennleg digitalisering av dei fylkeskommunale tenestene
  • Søke samarbeid med Rogaland med intensjon om å på sikt å slå saman dei to fylka til eit felles Vestland.
  • Aktivt jobbe for å redusere dei samla fylkeskommunale utgiftene.
  • Høgre vil samarbeide tett med kommunane, og ikkje vere ei overkommune.
  • Ha snarleg utbygging av nett samt skaffe meir fornybar energi frå eksisterande og nye anlegg for å møte auka behov.