Dette vil Høgre med skulestrukturen i Vestland
Høgre har heile tida ønska oss eit breitt forlik i saka om skulestruktur og har hatt fleire forhandlingsmøter med dei andre partia. Vårt mål har vore å få til ei løysing som kan stå seg over tid – til det beste for elevane. Dette lukkast vi ikkje med, og difor braut vi forhandlingane på fredag. Vi kjem difor til å fremje vårt alternative forslag. Kva vil Høgre med morgondagens skulestruktur?
Situasjonen i dag
I dag står det 2500 tomme skuleplassar i Vestland. Dette er eit tal som har auka mykje dei siste åra. Om ti år vil dette talet doble seg – til 5000 tomme plassar. I dag kostar dette mange hundre millionar kroner, som heller burde blitt brukt på tiltak som auka kvaliteten på opplæringa for elevane. Fleire lærarar i klasseromma, fleire tiltak for å fremme psykisk helse, tiltak for hybelbuarar og helsesjukepleiarar er noko av det vi skulle sett det var større rom i budsjetta for å prioritere.
Fleirtalet på fylkestinget har søndag lansert sine løysingar. Dei gjer som venta ikke nok, og skyver kun på problema. Dermed vil skulestruktursaka kome opp som sak igjen om kort tid ettersom det ikkje er forsvarleg.
Vi har store utfordringar i skulen: Høgt fråvær, låg fullføring, for lite læring og for mykje mobbing. Dette må vi skaffe oss eit handlingsrom til å få gjort noko med.
Høyres forslag til fremtidens skole i Vestland?
- Innføre ein ny finansieringsmodell med elevfinansiering.
- Innføre ein ny inndaksmodell med fritt skuleval
- Etablere pakkeforløp for elevar som er i fare for å stryke eller droppe ut, med fast oppfølging og utarbeide individuelle planar og tiltak.
- Talet på ledige plassar i Stor-Bergen skal reduserast til 5% og administrasjonen skal kome tilbake med eit forslag som tar ned kapasiteten tilsvarande.
- Jobbe for at det blir leggje frem ei sak der ein vurderer moglegheitane for å opprette ei VG2 Skogbruk-linje ved Voss vidaregåande skule.
- Det vert starta prosessar for å sjå om ein kan samarbeide betre mellom dei ulike skuleadministrasjonane, og om det kan gjerast leir administrative samanslåinger for å styrke skulane.
- Elevtala i gruppene skal dere dynamisk etter behov og søkjartal, og ikke fastlåst til dagens 15 og 30.
- Det skal bli vurdert om behovet for nye yrkesfagplassar i Bergen kan etableres i tilknytning til eksisterande bygg i aksen Åsane til Sletthaug.
Her kan du sjå dei detaljerte endringane i vårt forslag til ein heilskapleg skulestruktur for Vestland.
Vi takkar for mange og svært gode innspel i prosessen! Ta gjerne kontakt om det er spørsmål rundt saka.