Mindre kakeeting og fleire prioriterte prosjekt i Vestland

Det er på tide å sjå gjennom den glansa overflata regjeringa har skapt når det gjeld samferdselsprosjekt i Vestland. Medan dei har brukt store ord og lova tallause vegprosjekt, er sanninga ein heilt anna historie. Det fekk me stadfesta i regjeringas Nasjonale Transportplan.

Gruppeleiar for Vestland Høgres fylkestingsgruppe, Silja Ekeland Bjørkly. Foto: Vestland Høgre

Først og fremst er det smått utruleg at regjeringa har reist rundt i Vestland og proklamert for alle vegprosjekta dei har prioritert, når det i realiteten berre er to prosjekt som har vorte sette på prioriteringslista i første periode. Dette er langt frå det omfattande løftet dei har prøvd å selja til befolkninga.

At Hordfast blir skove ut av 12 år-perioden er rett og slett oppsiktsvekkjande. Dette er eit av Noregs mest samfunnsøkonomisk lønnsame prosjekt, og det kan ikkje kallast anna enn ein skandale om dette prosjektet ikkje får byggjestart i første periode. Milliardar har allereie vorte løyvd til planleggings- og prosjektmidlar, men resultatet er no bom-stopp. Dette viser at regjeringa heller vil bruka milliardar av kroner på byråkrati enn å faktisk byggja prosjekt som vil ha ein reell innverknad på folks kvardag.

Resultatet er at Sunnhordland blir tvinga til å sjå sørover mot Stavanger der infrastrukturen allereie er tilrettelagd for folk og næringsliv, medan Hordfast blir skyvet vekk. Dette er uakseptabelt. Hordfast er ein føresetnad for å knyta Vestland saman.

I tillegg er det avgjerande å få på plass bybanen til Åsane for at bergensregionen skal nå nullvekstmålet. Regjeringa har valt å nedprioritera dette og leggja skulda på byrådet i Bergen. Dette er ei ansvarsfråskriving utan sidestykke. Samferdselsministeren veit veldig godt at den same reguleringsplanen ligg inne no, som han gjorde under førre byråd.

Det er veldig bra at regjeringa har prioritert K5 Arna-Stanghelle, men dette prosjektet er ikkje åleine nok for å binda Vestland saman. Det er på tide at regjeringa tek ansvar og prioriterer alle prosjekta som vil løfta Vestland og bidra til ei berekraftig utvikling, og ikkje berre senda helsingar i milliardbeløp til krinsane sine.

Regjeringa må stå til ansvar for handlingane sine og faktisk prioritera dei samferdselsprosjekta som vil ha ein reell innverknad på Vestlands framtid. Høgre hadde ønskt litt mindre fokus på kakeeting, og endå fleire prioriterte prosjekt i Vestland!

Silja Ekeland Bjørkly, Gruppeleiar for Vestland Høgres fylkestingsgruppe