Ti gode grunnar til å stemme Høgre i Volda
Ei stemme til Volda Høgre gir gode utsikter
1. Barnehagar og skular til barnet og eleven sitt beste
Alle born og elevar skal ha fått moglegheita til si beste utvikling gjennom barnehage og grunnskule i Volda kommune. Alle elevar skal kunne lese, skrive og rekne på sitt beste når dei går ut av skulen.
Det er ei målsetting å oppretthalde barnehage- og skuletilboda så nær heimen som mogleg, særleg for dei yngste.
2. Gode helsetenester og ei trygg eldreomsorg
Eldre som mottek tenester i heimen skal oppleve tryggheit, trivsel og kvalitet i tenestene, uavhengig om det er heimebasert eller institusjonsbasert.
Ved heimebasert omsorg må vi unngå for hyppig skifte av personell. Kjende personar og kjende rutiner er med på å skape tryggheit.
3. Førebygging, tidleg innsats og rask psykisk helsehjelp
Førebygging av helsevanskar er eit satsingsområde for Høgre.
Rask innsats når behovet er avgjerande for å unngå langvarige verknader.
Volda Høgre vil at kommunen skal søke på Helsedirektoratet si lavterskelordning “Rask psykisk helsehjelp”.
4. Gode bu- og oppvekstmiljø
Alle innbyggarane i Volda kommune skal ha moglegheit til å etablere seg i den delen av kommunen dei ønsker.
Innbyggarane i Volda kommune skal ha moglegheit over tid til å eige sin eigen heim.
Det er ei målsetting for Volda Høgre å gjere kvardagen enklare for den enkelte og for familier. Dette inkluderer også at tenestene ideelt sett skal vere tilgjengelege så nær bumiljøa som råd.
5. Ei aktiv kommune som spelar på lag med deg
Kommunen er ein svært viktig tilretteleggar for all aktivitet i kommunen.
Volda Høgre vil at kommunen skal vere i forkant med planverk som legg til rette for samfunnsutvikling i Volda.
Når du vender deg til kommunen med ei sak, skal du få svar.
Volda Høgre vil at kommunen skal ha ei positiv grunnhaldning til initiativ som skapar utvikling og framgang i Volda.
6. Aktivt samarbeid med næringslivet og institusjonane våre
Vi lyttar til dei behova bedriftene har – innan alle næringar og alle delar av kommunen – og kjem med konkrete løysingar på korleis kommunen kan bli meir næringsvenleg, anten det handlar om å få tilgang på kvalifisert arbeidskraft, areal eller ei mer effektiv sakshandsaming.
Vi skal aktivt spele på lag med dei store og viktige institusjonane våre, slik som sjukehuset, høgskulen, vidaregåande skule og andre.
7. Eit rikhaldig kultur- og fritidstilbod til alle
På fritidsaktivitetar møter ein vener, har det gøy saman med andre og får viktige erfaringar.
I dag er det ikkje alle born og unge som får muligheit til å bli med. Det er sårt å vere den eine som står utanfor fordi familien ikkje har råd. Det skal Høgre gjere noko med.
Med ei aukande gruppe eldre er det også behov for tilrettelegging av fritidsaktivitetar for godt vaksne og eldre.
8. Eit parti som bind sentrum og bygdene saman
Samhald vert skapt av oss som bur i Volda kommune.
Vi har fleire døme over heile kommunen på korleis vi kan skape flotte løysingar saman.
Stemninga og ånda i intensjonsavtalen som vart inngått då dagens Volda kommune vart etablert skal framleis leggast til grunn i måten vi driv heile kommunen på.
9. Ei stødig driven kommune med valfridom
Volda Høgre står for langsiktig tenking og stødig styring av kommunen på alle felt. Stødig styring vil kreve at vi må prioritere – noko kan prioriterast, medan anna må prioriterast ned.
God styring over tid gir handlefridom til å løyse saker vi vil prioritere.
Volda Høgre sin ambisjon er at Volda kommune skal drivast minst så effektivt eller betre enn samanliknbare kommuner.
10. Vi arbeider for at du skal behalde meir av eiga inntekt og eigne verdiar
Eigedomsskatt og kommunale avgifter skal haldast nede så langt råd.
Når det meste blir dyrare og renta aukar, må politikarar prioritere betre framfor å automatisk auke skattar og avgifter.
Dine skattepengar skal brukast på ein klok måte.
Vi vil verne om eigedomsretten din. Vi kan akseptere å gripe inn i den private eigedomsretten, men dette skal vere unntaket og det må vere grunngjeve i sterke allmenne interesser i kvar enkelt sak.