2018-budsjettet vedtatt i formannskapet

Betre infrastruktur, redningsaksjon for kyrkjebygga, og lønshopp for støttekontaktar er nokre av satsingane Høgre og Ap foreslår i budsjettforslaget som blei vedtatt av formannskapet i kveld.

Dei neste fire åra blir det foreslått brukt heile 10,5 millionar kroner på viktige samferdselstiltak. På denne måten sikrar Høgre og Ap at kommunen har pengar til å gjennomføre satsingar framover. Dette må sjåast i samanheng med ønsket om auka rutetilbod på snøggbåt og løyving til ein framtidig Austevollpakke. Det er i tillegg sett av 0,5 millionar kroner i planleggingsmidlar til Austevollpakken.

Høgre og Ap ønskjer å ta ein fullstendig helsesjekk av kommuneøkonomien og tenesteproduksjonen. Derfor er det foreslått 0,5 million kroner til ein ekstern gjennomgang som skal gje oss eit skikkeleg bilete av ressursbruken. Høgre og Ap meiner det er fornuftig å ha stor merksemd på berekraftig økonomisk styring og drift i gode tider, slik at ein står betre rusta dersom den økonomiske situasjonen skulle forverre seg. I tillegg ønskjer Høgre og Ap at rådmannen skal sjå om han kan organisere leiarane og administrasjonen på ein meir fornuftig måte, for å spare lønsutgifter, men der dette ikkje skal gå på kostnad av tenesteproduksjonen overfor innbyggjarane. Av eit totalbudsjett på over 400 millionar kroner ber me også rådmannen effektivisere drifta med nokre småpengar, 200.000 kroner årleg dei neste fire åra.

Høgre og Ap foreslår ei storstilt satsing på vedlikehald av kyrkjebygg. Det vert løyvd 6,0 millionar kroner fordelt over tre år. Nytt av året er også at kyrkja står friare til sjølv å prioritere kvar og når ein skal investere, ved at kommunestyret ikkje eksplisitt peikar på einskilte investeringsprosjekt.

Støttekontaktar gjer ein uvurderleg innsats og får eit kjærkome lønsløft. Timeløna aukar frå 147 til 180 kroner timen. Dette gjer me både for å vise at me verdset jobben som støttekontaktane gjer i dag, og for å gjere det meir attraktivt for fleire å bli støttekontaktar. Satsinga blir delvis finansiert ved å redusere foreslått auke innan frivilligheit og fagbøker til biblioteket.

Austevoll ungdomsskule skal utbetrast og utbyggast. I tillegg vert det ny elevaula på Selbjørn skule. Pengar til riving av Trolandshamar gamle skule ligg inne i budsjettet, og i tillegg til at området skal opparbeidast så er det løyvd 150.000 kroner frå kommunen for å spleise på ein tuftepark i skuleområdet.

Last heile budsjettet her, med tal- og tekstdel: