Kommunebudsjettet – årets viktigaste politiske sak

Les meir om budsjettet som blei behandla av formannskapet i går.

Av gruppeleiar Anita Melingen

Kommunebudsjettet er enkeltsaka som meir enn nokon andre definerer og bestemmer korleis kommunen skal drivast neste åra.  

Høgre ønskjer å takke rådmannen og staben hans for eit godt budsjettforslag.

Eg vil tru at alle, anten som privatperson eller som verksemd, merkar den store kostnadsauken og prioriteringane frå den sittande regjeringa. Det same vil gjelde for kommunen sin økonomi.

Det ser ut som at regjeringa vil overføre enda meir til staten frå Austevoll. Det vert truleg innført grunnrenteskatt i havbruk, ein enorm skattebyrde på ei av dei viktigaste næringane i kommunen vår. Me veit enda ikkje kor negativt dette vert verken direkte eller indirekte for Austevoll, men me må uansett ta innover oss endringane som kjem.

Samstundes er budsjettet for 2023 også prega av ein kommune med sunn og god økonomi. Me er heldige som i tillegg til å finansiere kjerneoppgåvene våre på ein god måte, framleis kan bruke ein god del pengar på andre tiltak. Eg veit at mange kommunar har det veldig mykje stramare enn oss, og medan eg har arbeidd med budsjettet så har eg mange gongar tenkt over kor heldige me er.

Budsjettforslaget frå rådmannen er godt. Det inneheld mange av dei politiske satsingane og prioriteringane som me står for. Høgre, Ap og KrF har gjort nokre endringar som formannskapet vedtok i går.

  • Investeringa på Storebø skule flyttar me fram med eit år til 2024. Me kjenner etter kvart så alt for godt til utfordringane ved Storebø skule og ynskjer at arbeidet med utbygging vert høgast prioritert og at ei god løysing vert gjennomført så raskt som mogleg.  
  • Me held fast på finanseringsbidraget til storhallen på 20 millionar. Dette er eit sjeldan samarbeidsinitiativ frå dei tre største idrettslaga i kommunen, i tillegg til involvering frå næringsliv og vidaregåande skule. Det er lagt ned uttalige timar frå frivillige, delar av sponsorane er klare og det er viktig at kommunen held sin del av avtala.
  • Me ynskjer å etablere ein søknadsbasert tilskotsordning for å leggje til rette for eksisterande og nye aktivitetstiltak for ungdom.
  • Det er eit ønskje om å heidre Abelone Møgster og synleggjere hennar unike innsats og rolle, særleg under krigen. Me meinar likevel at prosjektet med statue bør arbeidast yttelegare med for å sikre medverknad frå blant anna historielag og andre. Det kan og vurderast andre måtar å heidre Abelone Møgster som kan ha større nytteverdi. Me tek difor investeringsmidlane på 1,7 millionar kroner ut av budsjettet for 2023, men er sjølvsagt open for å finansiere gode tiltak i framtida.
  • Me ynskjer å avvikle eigedomsskatt på verk og bruk. Den rammar i dag verksemder ulikt, er urettferdig og konkurransevridande. Me har ikkje funne innsparingar til dette i budsjettet og ber derfor rådmannen fremje sak i samband med revidert budsjett 2023.
  • Me ynskjer å bidra til realisering av lokalhistorisk bokprosjekt med to nye kultursoger for Austevoll i tråd med innspel frå Austevoll historielag. Me ber rådmannen fremje sak seinast til revidert budsjett 2023.

Dette er eit godt budsjett for Austevoll, som inneheld viktige tiltak på ei rekke område. Det overordna målet vårt er at Austevoll skal halde fram med å vere ein god kommune å bu og leve i, med ein aktiv frivillig sektor og ein kommune som støttar og legg til rette for eksisterande og nye bedrifter.