Budsjettet vel i hamn
Gode tenester, høg aktivitet og viktige investeringar er sikra i kommunebudsjettet.
Kommunebudsjett og den fireårige økonomiplanen var hovudsak i kommunestyret i dag.
Etter mange år med gode økonomiske tider forventar ein meir økonomisk ruskevêr i tida framover.
— Alle, anten du er privatperson eller driv bedrift, merkar den store kostnadsauken og skattetrykket som berre aukar på. Det same vil gjelde for kommunen sin økonomi, sa gruppeleiar Anita Melingen i sitt budsjettinnlegg.
Austevoll kommune har samstundes svært god økonomi. Rådmann Bjarte Madsen kunne i møtet fortelje at kommunens disposisjonsfond ved slutten av året truleg vil vere på heile 150 millionar kroner. Disposisjonsfondet er resultatet av mange år med overskot i kommunen, kor ein stor del er inntekter frå havbruksnæringa.
— Budsjettet for 2023 er også prega av ein kommune med sunn og god økonomi. Me er heldige som i tillegg til å finansiere kjerneoppgåvene våre også kan bruke ein god del pengar på andre tiltak som er til gode for alle i kommunen. Eg veit at mange kommunar har det veldig mykje strammare enn oss. Medan eg har arbeidd med budsjettet har eg mange gongar tenkt over kor heldige me er, sa Anita Melingen.
Budsjettet som kommunestyret vedtok byggjer for det meste på rådmannens forslag. Det er samstundes gjort viktige endringar:
- Finansieringa av Storebø skule er framskunda frå 2025 til 2024, slik at bygginga kan starte når det er bestemt kva løysing ein går for og planlegginga er ferdig.
- Kommunen held fast på støtta til storhall på Eidsbøen. Også her er pengane lagt inn i 2024 når planlegginga og finansieringa elles er på plass.
Kommunestyret vedtok også forslag som skal følgjast opp i året som kjem, såkalla verbalforslag. Somme av desse er saker som skal behandlast når kommunebudsjettet skal reviderast i juni neste år.
Her finn me blant anna sak om å fjerne eigedomsskatten på verk og bruk, og finansiering av Austevoll historielags prosjekt for to nye kultursoge for Austevoll.
Det vedtekne budsjettet var fremja av Høgre, Ap og KrF som har valteknisk og budsjettmessig samarbeid i kommunestyret. I tillegg støtta Sp og MDG budsjettforslaget.
H, Ap og KrF gav også støtte til fornuftige verbalforslag som Frp og MDG foreslo i møtet.