Endringar i styret

Morten Storebø og Grethe Drønen Ringdal overtar som leiar og nestleiar i Austevoll Høgre.

Val av styre er blant dei vanlege sakene som årsmøtet i Austevoll Høgre behandlar.

Styremedlemane i foreininga blir valt for to år om gongen, medan leiaren blir valt kvart år.

Sigve Drønen la fram valnemndas innstilling i årsmøtet og fortalte at leiar Ragnhild Fagerbakke, nestleiar Heike Zetterstrøm og styremedlem Geir Atle Taranger ikkje ønskte attval.

Dei andre styremedlemane, Johannes Njåstad Møgster, Grethe Drønen Ringdal, Mons-Ove Hauge og Sigrun Blindheim, var derimot ikkje på val. Det var heller ikkje varamedlem Ole Troland.

Valnemnda foreslo Morten Storebø som ny leiar, og at Grethe Ringdal rykte opp frå styremedlem til nestleiar.

Til dei to ledige styreplassane blei Arild Siversen og Bente Kari Sletten Taranger foreslått.

Eit einstemmig årsmøte vedtok valnemndas innstilling.

Det nye styret i Austevoll Høgre ser dermed slik ut:

LeiarMorten Storebø2022-2023
NestleiarGrethe Drønen Ringdal2021-2023
StyremedlemArild Sivertsen2022-2024
StyremedlemBente Kari Sletten Taranger2022-2024
StyremedlemJohannes Njåstad Møgster2021-2023
StyremedlemMons-Ove Hauge2021-2023
StyremedlemSigrun Blindheim2021-2023
VaramedlemOle Troland2021-2023

Foreiningsleiarane dei siste 30 åra:

  • 2020—2022: Ragnhild Fagerbakke
  • 2017—2020: Bjørn-Ove Dåvøy
  • 2016—2017: John Bjørnar Jørgensen
  • 2014—2016: Sigve Drønen
  • 2011—2014: Morten Storebø
  • 2010—2011: Joon Raymond Haugland
  • 2006—2010: Grethe Drønen Ringdal
  • 2005—2006: Øystein Rabben
  • 2000—2004: Edvard Melingen
  • 1998—2000: Inge Bjarne Storebø
  • 1997—1998: Arne Kalve Klepsvik
  • 1995—1997: Øystein Rabben
  • 1993—1995: Gunnar Heimark
  • 1992—1993: Arne Kalve Klepsvik