Stort engasjement på Høgres første kandidatsamling

Barnefattigdom, byggesak og mykje meir. Eit mangfald av saker blei diskutert då Høgre arrangerte den første kandidatsamlinga si. Dette lovar godt.

I november valte Austevoll Høgre kandidatane sine til kommunevalet neste haust. Laurdag tromma partiet saman til den første av fire kandidatsamlingar.

Stort oppmøte midt i ei travel førjulstid, endå større engasjement, og ikkje minst ein skikkeleg politisk diskusjon om eit mangfald av politiske saker.

På samlinga blei det først snakka om korleis det politiske systemet fungerer. Her innleia ordførar Morten Storebø blant anna om det politiske styringssystemet, valordninga, og kva ansvar og oppgåver kommunen har.

Etterpå var det duka for politisk diskusjon. Her innleia ordførarkandidat Bente Kari Sletten Taranger, og det tok ikkje mange minutta før debatten var i gang. Engasjementet var stort og sakene spende frå barnefattigdom til byggesaksbehandling, med ei mengde saker imellom.

På denne første samlinga var det Sigrun Blindheim som hadde tatt det viktige ansvaret for kaffimat. Ho hadde med seg rykande ferske lussekattar, lappar og heimrørt syltetøy. Intet mindre!

Fram til sommaren vil Austevoll Høgre gjennomføre fleire kandidatsamlingar for å gi litt opplæring i korleis systemet fungerer, korleis ein får gjennom saker og sett dagsorden. På kvar samling blir det også politiske debattar kor me diskuterer saker som kan finne vegen inn i Austevoll Høgres valprogram.

På den neste samlinga kjem stortingsrepresentant Ove Trellevik på besøk. Då vil det handle om korleis landet blir styrt, om Stortinget og regjeringa. Og så blir det meir politisk debatt om viktige lokale saker.