Helsesjekk for kommuneøkonomien
— Dersom me kan effektivisere berre 1 prosent av budsjettet så utgjer dette omtrent 4 millionar kroner.Dette kan ikkje vere heilt urealistisk å klara gjennom sjå korleis ressursane vert brukt, seier Joon Raymond Haugland.
Kommunestyret vedtok i dag å gjennomføre ein ekstern gjennomgang av kommuneøkonomien og tenestetilbodet. Ei tilsvarande undersøking vart gjort då kommunen var på den statlege ROBEK-lista med eit stort oppsamla underskot.
— Me meiner det er fornuftig å ha merksemd på god økonomisk styring og drift i gode tider, slik at me slepp å gjere tøffe kutt om den økonomiske situasjonen skulle forverre seg, seier Joon Raymond Haugland.
Joon Raymond Haugland er eitt av Høgres fire medlemmar av formannskapet. I kommunestyret i dag sa han at det er nødvendig å ta ein fullstendig gjennomgang på drifta slik at me får sett eit fullstendig bilete av den kommunale drifta.
— Dersom me kan effektivisere berre 1 prosent av budsjettet så utgjer dette omtrent 4 millionar kroner, dette kan ikkje vere heilt urealistisk å klara gjennom sjå korleis ressursane vert brukt, korleis me er organisert, og om me klarar å hente ut tilstrekkeleg gevinst ved bruk av digitale verktøy.
— Dette bør vere mogleg å få til og det skal bli spanande å følgje med dette prosjektet i 2018. Ein slik gjennomgang vil også vere dobbelt nyttig når me skal tilsette ny rådmann, den påtroppande rådmannen vil dermed ha eit uvanleg godt grunnlag for å sette seg inn i kommunen sin drift.