— Ein stor dag for kyrkjene

Budsjettforslaget til Høgre og Arbeidarpartiet sikra eit krafttak for kyrkjene i Austevoll. I dag vart det vedtatt å løyve seks millionar kroner dei neste tre åra for å sette kyrkjebygga i stand.

— Dette er ein stor dag for kyrkjebygga i Austevoll. Løyvinga er i tråd med kyrkja sine eigne ønskjer og målsettinga vår er at bygga no endeleg kan bli satt i skikkeleg stand, seier gruppeleiar Liv Bente Storebø.

— Me har også valt å gjere dette som ei rammeoverføring, slik at kyrkja står friare til sjølv å prioritere dei prosjekta den meiner er viktigast, seier ho.

Kyrkjebygga i Austevoll har stort behov for vedlikehald og fleire har store manglar. Kommunestyret sikra i dag endeleg å ta att vedlikehaldsetterslepet og sikra pengar til nødvendig oppgradering og fornying.