Høgre har høge ambisjonar for Austevollsskulen
Fokuset framover må vera innhaldet i skulen og korleis me skal få ein så god skule som mogleg
Av Bente Kari Sletten Taranger, ordførarkandidat, og Anita Melingen, 2. kandidat.
I Austevoll har det over mange år vore diskusjonar og fokus på lokalisering og samanslåing av skular. Seinast i år har kommunestyret diskutert plassering av Storebø skule. Dette er viktige og krevjande avgjerder. Det handlar om elevar og tilsette ved skulane, men også om lokalsamfunna våre. Lokaliseringa av dei kommunale skulane er mest sannsynleg sett for ei god stund framover. I tillegg får me ein moderne og funksjonell skule på Storebø i løpet av dei neste åra.
Fokuset framover må difor vera innhaldet i skulen og korleis me skal få ein så god skule som mogleg.
Før sommarferien besøkte me dei tre barneskulane og ungdomsskulen i kommunen vår. Det har vore veldig lærerikt og me er takksame for at rektorane og avdelingsleiarar ved skulane tok seg tid til å treffe oss. Me har møtt ei skuleleiing som har fortalt om kvardagen sin og særleg om utfordringar dei opplever. Fleire av desse utfordringane var me klar over, til dømes mangel på kvalifiserte lærarar, utanforskap og skulevegring, og for lave resultat på lesing.
Austevoll Høgre har høge ambisjonar for Austevollsskulen. Skulane våre vert eit av dei viktigaste satsingsområda i komande periode. Me skal satse endå meir på ein kunnskapsskule som gjev moglegheiter for alle. Mykje har gått rett veg i skulen, men det er framleis utfordringar. Blant anna er det altfor mange elevar som vert hengjande etter i skuleløpet. Det trur me at me saman kan gjere noko med.
Me i Austevoll Høgre vil:
- Sørge for at me har nok kvalifiserte lærarar i Austevollsskulen. Det må innførast tiltak for å halde på dei me har og tiltak for å rekruttere nye lærarar.
- Sørge for at skulen er tidleg ute med kartlegging av elevar med særskilte behov slik at ein også kan setje i verk tiltak tidleg. Austevoll Høgre skal sørge for at PPT har tilstrekkeleg ressursar til å gjere dette viktige arbeidet saman med skulane.
- Sørge for at skulen tilrettelegg for behova til alle elevar. Skulen skal følgje opp alle elevar, både dei som er fagleg flinke og dei som treng ekstra hjelp.
- Ha nulltoleranse mot mobbing. Alle mobbesaker skal takast på alvor. Innsatsteamet mot mobbing, som Høgre har tatt initiativ til, skal sikrast gode vilkår for arbeidet sitt.
- Oppretthalde eit godt SFO-tilbod og sørgje for at det er nok plassar, sikre lågast mogleg foreldrebetaling i SFO, halde fast på søskenmoderasjon og redusert betaling for familiar med låg inntekt. I skuleferiar skal også elevar ved Kolbeinsvik montessoriskule kunne nytte SFO-tilbodet ved dei kommunale skulane.
- Sikre tilbod om skulelunsj på alle skular, låg foreldrebetaling, søskenmoderasjon og redusert betaling for familiar med låg inntekt.
- Støtte opp under Kolbeinsvik montessoriskule og sørge for eit godt samarbeid mellom montessoriskulen og den kommunale skulesektoren.
- Auka samarbeid mellom barne- og ungdomsskule, sørge for at det går ei linje heilt frå barnehage, barneskule til ungdomsskule for barn med særskilte behov og lese- og skrivevansker.
- Prøve ut frivillig arbeidstrening i ungdomsskulen gjennom utplassering i bedrift.
- Innføre eit obligatorisk yrkesfagleg valfag, styrke rådgivinga og motivere flere til å velje yrkesfag på vidaregåande.
- Styrke karriererettleiinga i ungdomsskulen og sørge for å synleggjere breidda av utdanningar og karrierar elevane kan velje mellom.
- Sikra betre tilpassa opplæring for elevar med høgt læringspotensial, meir kompetanse hos lærerane om denne elevgruppa, og fleire tilbud om ekstra opplæring eller moglegheit til å forsere fag og nivå.
- Gjera det lettare for skulane å ta i bruk alternative opplæringsarenaer for elever som står i fare for å droppe ut.
- Legge til rette for meir praktisk opplæring og opplæring i entreprenørskap. Auke samarbeidet med Ungt Entreprenørskap som kommunen har avtale med.
- Tilby opplæring i personleg økonomi.
- Sikre vidareføring av Ungdomslosane, eit av dei politiske satsingane våre, som er viktige i arbeidet mot utanforskap.
Felles for besøka me har hatt på alle skulane er at me har møtt tilsette som er engasjerte og som brenn for arbeidsplassen sin og elevane dei har ansvar for. Mange strekk seg allereie lenger enn kva som er forventa for finne gode løysingar for sin skule.
Me er imponerte over dei dyktige tilsette me har møtt og me har motteke viktige innspel som me skal ta med oss i neste periode.
Austevoll Høgre skal prioritere skule i neste periode og me ser fram til å samarbeide tett med skulane for saman å løyse utfordringane me står ovanfor!