Høgre desidert størst i Austevoll!

Med ein oppslutnad på 37,9 prosent er Austevoll Høgre kommunens desidert største parti.

— Me har fått til veldig mykje i Austevoll dei siste fire åra, samstundes som det er ein god del som står igjen å gjere. Eg les denne målinga som ei støtte til politikken me fører, og at me har tillit til å halde fram og få gjort endå meir dei neste fire åra, seier ordførar Morten Storebø.
I førre veke gjennomførte Respons Analyse ei partimåling i Austevoll kommune. Målinga er gjort på oppdrag frå Austevoll Høgre og Høgres Hovudorganisasjon. Målinga gjev Høgre ein oppslutnad på 37,9 prosent. Dette er ein hårfin auke, 0,1 prosentpoeng, samanlikna med kommunevalet i 2015.
Mons-Ove Hauge er kampanjeleiar i Austevoll Høgre. Han er nøgd med målinga, men ser fortsatt eit potensial til vekse:
— Høgre ligg stabilt høgt. Det er eit godt utgangspunkt. No skal me straks driva valkamp, og den er me fast bestemt å vinne. Me har tenkt å bli endå større, seier Mons-Ove Hauge.
Respons Analyse har gjennomført ei partimåling på oppdrag frå Høgres Hovudorganisasjon og Austevoll Høgre. Det er gjort telefonintervju med 401 personar i førre veke, mellom 9. og 14. mai. Feilmarginen er +/- tre til fem prosent.
Oppslutnaden til alle parti:
  • H 37,9 % (+ 0,1)
  • Ap 20,6 % (- 3,6)
  • Frp 18,6 % (- 2,1)
  • Sp 7,9 % (+ 2,4)
  • KrF 6,0 % (- 1,7)
  • SV 3,2 % (+ 3,2)
  • MDG 3,0 % (+ 0,7)
  • Raudt 1,4 % (+ 1,4)*
  • Folkeaksjonen mot bompengar 1,0 % (+ 1,0)*
  • Venstre 0,4 % (- 1,2)
* Verken Raudt eller Folkeaksjonen mot bompengar stiller liste i Austevoll.